Skip to content

Elevar frå Sogn og Fjordane

har som kjent betre karaktersnitt på skulen enn resten av landet, stikk imot trenden med sentrumsnære elevar som gjer det betre på skulen. Synd Einar Førde ikkje er med oss lenger, sidan han nok hadde hatt ei god forklåring på dette. Mi forklåring er at vi sogningar (kan hende òg ein og annan fjording, sjølv om eg trur dei dreg ned snittet) sjølvsagt er meir intelligente enn resten av landet.

Men, no skal det altså forskast på dette, heldigvis av sogningar.

 

 

fuck altso

Godt frå Gudrun, som står bak bloggen med det strålande namnet fuck altso, om nynorsk, og dei velmeinande lærarane (og andre) som vil redde nynorsken i skulen ved å legge han ned. Det er mangt ein kan meine er toskete, og Gudrun peikar her på mykje toskete.

Summit 2011

Eg held i dag føredrag om ungdommar, læring og digitale medium for Den Norske Dataforening, på konferansen Summit 2011. Fin forsamling, og kor kjekt det enn er å snakke for og med skulefolk (og det er som regel ein svært givande aktivitet), er det morosamt å snakke for eit annleis publikum enn det eg er vant med. Eg var førstemann ut, og om litt går sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland på podiet. Sidan eg har æra av å bli kalla “samtidsarrogant” på leiarplass av Hetland (og eg er ikkje ironisk her, eg synest det er litt stas), tenkjer eg å få med meg dette.

Elles har bloggen min fått ny bunad, og som fargeblind landar eg som regel på det enkle. Det visuelle skiftet ber bod om ambisjonar om å blogge meir, og slik ta ansvar for dei to lesarane eg har.

Den nye lærarutdanninga

Førre veke var eg til stades på noe som vel var ei kick-off-samling for den nye lærarutdanninga, 8 − 13 (altså ungdomsskulen til og med vidaregåande), som ein av representantane for Lesesenteret. Fleire forskings- og utdanningsinstitusjonar var representerte, og nokre var inviterte til å halde og opponere mot/kommentere innlegg knytt til utviklinga av ei ny lærarutdanning. Fagseminaret var sirkla inn av startinnlegget til Kristin Halvorsen og avrundinga til Tora Aasland, statsrådane for utdanning og forsking. Mine kommentarar til dette seminaret kan svært gjerne vere prega av at eg ikkje har følgd godt nok med i diskusjonane om den nye lærarutdanning. Uansett:

Det seig i løpet av seminaret på meg ei kjensle av at alle omleggingar ikkje nødvendigvis er av det gode (sjølv om eg må ile til og seie at det ligg svært mykje positivt i det som har kome på bordet om den nye lærarutdanninga). I dette tilfellet handlar det om at heile lærarutdanninga frå 1-13, så vidt eg forstår det, blir lagt inn under lærarutdanningseiningane på høgskular og universitet (sjølv om ein i praksis framleis kan gå vegen om fag og praktisk-pedagogisk utdanning). Dette kan verke enkelt nok, sidan det er lærarar som skal utdannast, men eg har i heile mi tid i utdannings- og skulevesenet levd i ein kultur der det har vore eit tydeleg spenn mellom to (sjølv om det i realiteten er langt fleire) lærarkulturar: dei universitetsutdanna og dei lærarskuleutdanna. Eller mellom pedagogane og fagfolka.

Nokre av innvendingane mine fann eg igjen hos representanten for Lektorlaget, som i ein kommentar til slutt bad om at pedagogikk og didaktikk måtte haldast utanom sjølve fagutdanninga. (Sjå elles kva dei meiner om saka her.) Dette er kan hende eit uttrykk for den same bekymringa: Er det mogleg å halde på til dømes den fagidentiteten ein som til dømes filolog får når ein fordjupar seg i eit spesifikt emne på masternivå etter den (meir eller mindre) klassiske universitetstanken? Kva mistar ein eventuelt når også lærartypen som tidlegare har gått vegen via universitetet (med filosofieksamen, ulike fagtradisjonar tilknytt forskingsmiljø, etc.) no skal utdannast i lærarutdanninga, i det same fagmiljøet som lærarar som skal på barne-, ungdoms- og mellomtrinnet? Har til dømes fagmiljø som ønskjer å studere litteratur, men ikkje berre tenkt som skulefag, gode nok levekår i ei lærarutdanning?

Som filolog og humanist er eg òg bekymra for at dette er nok eit spark i skrittet til faga, og kan hende er dette særleg farleg for dei humanistiske faga og identitetar tilknytt humaniora. Vi veit at humaniora blir skviste, ikkje berre i Noreg, men i alle land det er naturleg å samanlikne oss med — det å studere språk, litteratur, kunst etc. for sin eigen del har ingen verdi som enkelt kan innordnast kost-nytte-reknemåtane som pregar moderne tenking om kva utdanning skal vere godt for. Språk- og litteraturstudium, anten det no er på norsk eller andre språk, blir i denne logikken gjerne til spørsmål om rettskriving og effektiv kommunikasjon, ikkje til spørsmål om andre og etter mitt skjønn større og viktigare verdiar, gjerne knytt til faglege og humanistiske ideal.

Eg er redd for at denne tendensen blir forsterka ved å gjere læraren, ein av ivaretakarane av til dømes humaniora og humanistisk fagidentitet i skuleverket, til ein pedagog, ikkje ein fagperson, og eg er redd kva tapet kan bli dersom vi no underordnar faga lærarutdanninga. Eg er redd at fakultet/institutt som tradisjonelt har vore samla under ein humanistisk paraply i fleire tilfelle (meir eller mindre) ikkje blir sett på som levedyktige i og for seg sjølv, men blir overført til eitt eller anna utdanningsvitskapleg styre som leverandørar til lærarutdanninga, og dermed langt på veg kastrert som ei humanistisk utdanning med dei verdiane og ideala som det inneber.

Ein annan ting er at eg òg er redd for å utsetje elevane for personar som heile livet sitt berre har vore opptekne av pedagogisk og didaktisk relaterte problemstillingar. Kva skule skal no det bli?

Kronikk om Greenbook

Det har gått såpass lang tid sidan det sto på trykk (fleire veker sidan no) at Aftenbladet nok ikkje har noe imot at eg legg ut Greenbook-kronikken eg hadde på trykk (i papirutgåva). Her er altså kommentaren min til Digitalforlaget Greenbooks konkurs.

—-

For­sø­ket med Greenbook Di­gi­tal­for­la­get var som å gå bak­lengs nedover trap­pa for å kome hø­ga­re.

Ga­mal vin på nye skjer­mar

I desse dagar les vi at lærebokforlaget Greenbook, mellom anna eigd av Universitetet i Stavanger (UiS), gjer seg konkurs. Greenbooks ambisjonar var å lage lærebøker, frå barneskule til universitet og næringsliv. Produkta skulle vere heildigitale, av fleire årsaker. For det første profilerte Greenbook seg som pedagogisk framtidsretta. Ny teknologi som utnyttar både lyd, film, bilete og tekst i eit lærebokformat, skulle auke både motivasjon og læring. I tillegg skulle Greenbook peike fram mot nye forretningsmodellar som gav forfattarane høgare royalties enn dei fikk i tradisjonelle forlag, mellom anna av di det er billegare å distribuere digitalt enn via papir. Ved sida av desse visjonane hadde forlaget som namnet antyder ein grøn profil; digital nedlasting av bøker er venlegare mot miljøet enn trykk og distribusjon av papirbøker.

Men Greenbook var ikkje berre eit heildigitalt forlag, det var òg eit universitetsforlag. Forlagsmåla deira var tett knytte til det dei sjølv kalla for muskelkrafta ved universitetet. Greenbook var altså ikkje kva aktør som helst i marknaden, men den aktøren som med forskarar og kommersielle krefter i ryggen skulle vise veg i ein marknad dei aller færraste, som platebransjen, avisbransjen og etterkvart òg forlaga, greidde å føte seg i. Det ligg eit slags utvida forretningsmandat i denne koplinga, og sjølve spørsmålet om forretningsmodell blei dermed òg spørsmål om verdiar, tett knytt til UiS som forskingsinstitusjon.

Vi var fleire som sperra auga opp då Greenbook blei skipa i 2008. Marknaden dei ønskte seg inn i var i krise og hadde vore det lenge, ikkje minst grunna påverknaden frå weben ut over heile 2000-talet. Men for Greenbook var det som om dei siste 10-15 åra ikkje hadde skjedd. Heile lanseringa av forlaget hadde nesten alle ingrediensane til den første dot.com-bølgja rundt millenniumskiftet, med luftige lovnader og heller uklåre prospekt rotfesta i noe som verka som ei naiv tru på eit nytt medium, med tilhøyrande investorkapital, stillingsutlysingar og kjendisar i styret. Og når produkta til Greenbook etter kvart materialiserte seg, var det som å høyre ekko frå satsingane til dei etablerte forlaga 15 år tidlegare, med digitale bøker som skal gjere ”læring mer lystbetont ved hjelp av video, animasjon, lyd og mange ulike oppgaver.” Trykksaker med noko attåt, med andre ord. Som Eirik Newth kommenterte på bloggplass i 2008: ”1995 ringte og ville ha igjen definisjonen sin på digitale læremiddel.”

At endringane som følgje av digitale medium handlar om langt meir enn trykksaker tilført lyd og bilete, er gamalt nytt. Digitaliseringa av media handlar først og fremst om ei fundamental endring av prinsippa for og økonomiane tilknytt kunnskapsorganisering i samfunnet vårt. Med datamaskina i eit globalt, digitalt nettverk har det vokse fram heilt andre føringar, logikkar og livsløp for kulturelle uttrykk som tekst, bilete, film og musikk. Desse endringane, som kom for fullt med weben utover 2000-talet, er kan hende det første verkelege steget vekk frå prenteverket som den dominerande informasjonsteknologien i vårt samfunn, med store konsekvensar for økonomi, spørsmål om opphavsrett, og syn på kva kunnskapar er og koss dei blir forvalta.

Desse erkjenningane er verken nye eller kontroversielle. Med litt research, hadde Greenbook funne ut at sjølve målgruppa deira, skuleverket, har hatt desse spørsmåla om den gjennomgåande digitaliseringa av samfunnet vårt og kva dette gjer med kunnskapen vår, på dagsorden i fleire år. Dei hadde funne ut at alt frå læreplan til ulike nasjonale og lokale tiltak lenge hadde forlate tanken om digitale læremiddel som boka i ny og morosam tapping, men snarare handla om komplekse problemstillingar knytt til vilkåra for kunnskapar i vår tid, og kva kunnskapar skulen skal gje elevar for å meistre denne komplekse informasjonsverda.

Dei ville òg ha funne ut at ein av dei største potensielle kundane, den vidaregåande skulen, på eiga hand hadde jobba fram eit økosystem for digitale læremiddel, Nasjonal digital læringsarena (NDLA), nettopp med det som mål å ta steget over i den digitale kunnskapsoøørganiseringa. Behovet her hadde vore stort for bidrag frå ein forskingsbasert forfattarfellesskap, og eit forlag med forgreiningar inn i forskingsmiljø kunne ha bidrege betydeleg til å utvikle både lærestoffet og NDLAs idear om opne og gratis læremiddel tilgjengeleg for alle, tilpassa eit skiftande medium. Det er ikkje like sjølvsagt at behovet til den vidaregåande skulen var nok ein tilbydar av heilskaplege, lukka og dyre læreverk, tilpassa verda slik ho var før weben.

Likevel synest eg minst om at Greenbook ikkje utnytta det momentumet det hadde som eit forlag tilknytt ein forskingsinstitusjon. Det er sjølvsagt ingenting gale med å ville tene pengar, men å satse på ein akademisk sett ambisjonslaus forretningsmodell som handlar om å gjere nøyaktig det same som kva forlag som helst, berre utan deira røynsle, er ikkje å vere framtidsretta. Det finst fleire forskingsmiljø som bruker kompetansen sin til å utfordre eksisterande modellar for formidling av forsking og undervising, og i den digitale informasjonsøkologien er kompetanse, haldningar til og kunnskapar om deltaking, standardar for publisering, etikk, osv. ikkje berre mangelvare, men sterkt etterspurd. Her kan nettopp eit universitetsforlag ha større moglegheiter til å hevde seg enn å konkurrere med etablerte forlag i ein vanskeleg marknad.

Eg er viss på at fleire fagmiljø ved universitetet kunne ha realisert ei slik nyskaping med midlar tilsvarande dei som gjekk med i Greenbook-sluket, kan hende nettopp gjennom å endre den tradisjonelle forlagstanken og skape nye måtar eller kanalar for fagformidling. Eit forlag som utfordrar akademisk publisering og formidling (og gjerne også undervising) gjennom å søkje nye publiserings- og formidlingskanalar, bruke teknologiske standardar og opphavsrettar tilpassa eit digitalt livsløp og skape marknader der dei ikkje enno finst, hadde vore ein forskingsinstitusjon som vil utforske det ukjende og utfordre det velkjente verdig.

Kindle Schmindle

Jesus på lanseringsfesten for iPad.

Jesus, Steve Jobs' mindre kjende bror, på lanseringsfesten for iPad.

Som long time Shia-Mac’ar er det ikkje meir enn rimeleg at eg kommenterer Apples iPad som blei lansert i går

Responsen er sjølvsagt blanda, men eg er overraska over kor lik kritikken av iPad er kritikken som i si tid blei retta mot iPhone. Vi veit jo alle at det finst eit HTC-produkt som kan gjere langt fleire ting enn det som kan gjerast med iPhone, men det er ikkje den vegen Apple går. Ikkje å gå den vegen har altså vist seg å vere ein god strategi. Dette trur eg gjeld iPad òg. Som fleire er inne på i sine kommentarar, ikkje minst Reverend Stephen Fry, er iPad å forstå som ein mediestrategi meir enn ein dings, medan resten av tablet-verda tenkjer i heilt andre baner. Derfor vil vi sjå at denne plattforma, som vel meir er ei ny klasse datamaskin, vil utvikle seg i tida som kjem. Å kritisere Apple for å pushe design-statements er fullstendig å misforstå kva dei held på med, like eins (som nokre gjer og har gjort) å hevde at iPhone og/eller iPad er for jenter eller ungar (!). (Dette er for øvrig eit ekko av gamle dagars omtale av Macintosh-maskina; grensesnittet var så mykje enklare enn grensesnitta til konkurrentane at det måtte jo vere for enkle folk.)

Både NRK Beta og Ida Aalen lèt til å tenkje i slike baner, der dei spekulerer i at iPad kan passe for barn. Tvert om meiner eg at ungane ikkje er ei særleg god målgruppe her. For det første får du ikkje Flash på iPad, og då har du stengt for nokre av dei mest vanlege unge-aktivitetane på nettet: alle Flash-spela (som td. 123spill.no (og mange, mange andre spel- og aktivitetssider i Flash) og diverse Facebook-spel som det nedre fjortis-sjiktet elskar. Adobe anslår at 70% av spela på weben er Flash-spel. For det andre er nerven i slike satsingar som iPad og iPhone forretninga som blir knytt opp til dingsen, der du opprettar konto med kredittkortet ditt, og på enkelt vis lastar ned musikk, bøker, spel, filmar etc. Den enkle koplinga mellom ein god marknad og ein god dings er ei viktig årsak til at iPod’en tok rotta på MP3-spelar-marknaden, og denne formelen vil vere avgjerande i den utvida mediamarknaden òg. For det tredje tviler eg på at ungar i det heile ønskjer seg noe slikt — kva er det i design, funksjonalitet og profil elles som skulle få ungar til å mase på denne til bursdagen sin?

Snarare er iPad ei voksenmaskin i ei anna klasse enn PC-en, med god programvare, tilgang til media og eit enkelt, raskt og solid OS i botnen. At teknoentusiastane finn det litt enkelt (ei felle eg sjølv går i ofte), har ikkje nødvendigvis noe med verkelegeita og marknaden å gjere.

Kindle er sjølvsagt òg ein slik blanding av marknad og teknologi, men eg opplever sjølv Kindle som to gode steg tilbake i spørsmålet om digital lesing. Det er vanskeleg å bruke teksten til anna enn å bla fram og tilbake; dei gongene eg vil notere, kryssreferere, forstørre tabellar etc., gjer Kindle ein dårleg jobb. Der er Kindles iPhone-app langt betre, om enn ikkje perfekt, og den kan òg brukast på iPad. iPad blir altså for meg (ja, eg har førehandsbestilt på Eplehuset) vegen inn i Amazon-marknaden, og sannsynlegvis vegen inn i dei andre bokbutikkane som kjem (under føresetnad av at det blir gjort avtalar som gjelder den norske marknaden). Det same gjeld lesing av aviser og magasin, som på Kindle er alt for dårleg. Eg ser ikkje føre meg at folk som er vande med å sjå fargebilete, filmklypp og klikke på lenker vil slå seg til ro med Kindles statiske, treige og papir-imiterande gråtoneløysingar.

iPad kjem altså med ein variant av iPhone/iPod-operativsystemet, og dette trur eg er svært klokt, til skilnad frå alle dei tunge og forvirra Windows-tabletane som blir pusha. Som Jesus Jobs sjølv var inne på, handlar dette om å byggje vidare på ei plattform med eksisterande program og utviklingsmiljø, i tillegg til at kvar og ein med ein iPhone veit koss dette skal brukast. Og som med iPhone, trass sitt enkle grensesnitt, får vi tru at folk likar å bruke iPad. Det er trass alt dette som får folk til å bruke Apples dingsar, trass i at alle andre dingsar i marknaden har absolutt alle funksjonar og litt til.

Å klamre seg til ein slik dings som redninga for ulike mediabransjar i motvind er å forenkle heile situasjonen. Men viss 2010 blir lesebrettets år, kan ein klasse av datamaskiner meint for å ta seg av det som ligg mellom telefonen og laptoppen, utan å gje fullstendig etter for papir-/bokmetaforikken som Kindle etc. støttar seg på, vere ein god strategi. Eg trur rett og slett ikkje folk held ut lesaropplevinga som Kindle tilbyr, med mindre noe alvorleg skjer med funksjonalitet og fart.

Apertium

Apertium_ an open-source machine translation engine and toolboxVia gode twitter-buddies (@ingerhilde, som igjen fekk det frå ein elev (!)) blei eg gjort merksam på eit prosjekt, Apertium (sjekk nettsida her og Wikipedia-oppslaget her), for omsetjing av tekst mellom språk. Dette kjenner vi jo frå fleire andre tenester, det interessante her synest eg for det første er at det er eit open source-prosjekt (utvikla med støtte frå den spanske og den katalanske regjeringa, som òg er interessant nok i seg sjølv), og for det andre at eitt av para der det blir utvikla reglar for omsetjing er nynorsk/bokmål.

For berre eitt år sidan snakka vi om den dyre, innelåste og proprietære (så vidt eg veit) Nyno, som truga stilskrivingsparadigmet i norsk skule, og –vips!– så har vi ei opa løysing som ganske sikkert dreg til seg merksemd.

Kvifor? For det første av di det er interessant for fleire å kunne omsetje mellom ulike språk, og spesifikt i Noreg mellom bokmål og nynorsk: Offentlege kontor med sine krav er det mest opplagte dømet når det gjeld det siste. Men òg tenester som handlar om omsetjing av større mengder tekst på nett som no kan bli tilgjengeleg for langt fleire. (Dette har vi forsåvidt hatt via Google translate frå før, men sjølvsagt ikkje mellom nynorsk og bokmål. Ei nyttig teneste, faktisk, dersom du er interessert i å lese ein spansk nyheitsartikkel og ikkje kan språket godt nok til dette.) For det andre av di det er eit ope prosjekt, og (med atterhald om ressursar, ambisjonar og tilknyting til gode miljø) dermed eit prosjekt som kan suse forbi prosjekt som Nyno, som lèt til å vere forankra i ein god, gammal og seig forretningside om sal av dyre lisensar.

I tillegg har dette epistemologiske undertonar i diskusjonane om informasjon, tekst, lesing, kunnskapar og læring i ein digitalisert del av verda. Kva i all verda skal argumenta vere for ikkje å sleppe elevane til med slike verktøy? Argumentet må vere at utviklinga på den digitale fronten kjem til å snu, eller at vi ikkje har noen garanti for at vi har tilgang til desse vertkøya i framtida, og derfor må lære oss dei underliggjande systema.

Eg trur følgjande: Digitaliseringa er ikkje eit eksternt fenomen, lausrive frå resten av verda. Det er ein del av større samanhengar, som ògså skulen er ein del av. Skulen er altså ingen naiv motkultur, som autonomt kan utøve kraft til dømes mot det digitale, men ein del av ein langt større dynamikk. I denne dynamikken kan (må) utviklinga skje, og då må ein her søkje å forstå både samanhengar og motsetnader. Heilt konkret: Å bruke slike digitale verktøy i skulen bør motivere til å skape smartare oppgåver; å plassere dette inn i kanon-tenkjinga og det reproduktive regimet som dominerer store delar av skulen no, er heilt meiningslaust.

På eitt plan er det då ingen prinsipiell skilnad mellom Apertium brukt i språkundervisinga og skyvelæret brukt i snekringa, men det handlar om kva normer, lover og reglar (kva episteme) dette skal tenkjast som ein del av. Her ligg ingen føringar for ikkje å kunne systemet under språket, tvert om bør vi tenkje nettopp dèt, men på ein annan måte.

Vel, nokre døme på nynorskomsetjingar, frå bokmål (riksmål :-) , som viser både det eine og det andre, men som likevel er lovande. Problema som her teiknar seg er (vil eg tru) svært overkomelege. Tenk dette kopla opp mot regelverk, i eit grensesnitt der du kan jobbe med språket på ein smart måte:

BM: Den siste krig (den 2. verdenskrig) tok livet av den unge mann jeg tidligere refererte til som Per.

NN: Den siste krigen (den 2. verdskrig) tok livet av den unge mannen eg tidlegare refererte til som Per.

BM: Damen, hvis hund het Bella, eide en villa, hvor jeg leide hybel.

NN: Damen, viss hund heitte Bella, eigde ein villa, der eg leidde hybel.

If you can’t beat’em, fuck’em

Via @margreta på Twitter (og her) blei eg gjort merksam på ein artikkel i Utdanningsnytt.no, som i gjennom eit intervju med ein glad IT-rettleiar ved noe som blir kalla Pedagogisk senter i Haugesund, omtalar nok eit system for overvaking av elevars bruk av PC i skulen. Frå før har vi fleire andre system, mellom anna plagiatkontrollane som både skular og universitet lener seg på, implementert i læringsportalane som til dømes it’s learning og Fronter.

Tilbake til denne IT-rettleiaren, som i artikkelen framstår som i alle høve oktobers nyttigaste idiot for den bransjen som skor seg godt på frykt og beven av dette slaget. For, seier han, systemet er “/…/ikke ment som et overvåkningssystem, det brukes ikke sånn,” (rett nok berre for å slå seg sjølv på kjeften eit par linjer under, når han forklårer koss læraren ser på skjermen til elevane: “Det vises tydelig på elevens skjerm når elevens maskin overvåkes av læreren (mi utheving).” Nuvel.)

Sjølvsagt er dette eit overvåkingssystem. Det blir freista framstilt som ein reiskap for å gjere undervisinga betre, men i røynda er både dette og liknande typar programvare (som plagiatkontrollen i it’s learning) eit reindyrka våpen for å oppretthalde ro und ordnung i ein situasjon der nokre er ubekveme med det som skjer.

Problemet her er alle nissane som følgjer med dette programvarelasset:

For det første: Å møte elevar med at alt dei gjer i ein gitt situasjon skal overvakast av di dei nok sannsynleg kjem til å handle uønska, er i seg sjølv eit svært uheldig signal å gje elevane, både som institusjon og som lærar. Dette formidlar eit menneskesyn i alle høve eg ikkje greier å stå inne for, og som den lange humanioratradisjonen eg er innsosialisert i som akademikar seier lite fint om.

Vidare: Å tru at ein løyser problem som handlar om orden gjennom teknologi, er naivt, sjølvsagt av di problema som oppstår ved tilløp til misbruk i klasserommet ikkje har teknologisk opprinning. Som lærar er ikkje oppgåva di å slå av datamaskina når eleven vaskar fisketankar på Facebook eller glor på ei naken rumpe, men å utdanne vedkomande. Det er slik mykje læring i ei naken rumpe.

Dessutan er det òg problematisk å ramme inn arbeidet med ein av dei grunnleggjande kunnskapane, den digitale kunnskapsorganiseringa, med haldningar knytt til frykt og kunnskapsløyse, heller enn med haldningar knytt til potensiale, påverknadskraft gjennom deltaking og kritisk tilstadevere i samfunnet. Deltaking i skriftsamfunnet, for det er dèt dette handlar om, gjev deg mulegheiter og potensiale, og gjev oss andre mulegheiter for å dra nytte av alt det gode du kan skape. Dette er følgjeleg ikkje noe som skal behandlast med mistenkeleggjering. Du kan gjerne vise deg å vere ein idiot, men du er det i alle høve ikkje før du har vist det.

Ein kan derfor heller byrje å lure på kva det er som står på spel her, sidan slike teknologiar ser ut til å ha ei stor tilhengarskare både i skulen og på universiteta. Tja, sjå då på universitetssektoren, som årleg stryk fleire elevar av di plagiatkontrollen gjev for store utslag. Dersom vi no ein augneblink kjøper historiene om at elevane har klypt og limt for mykje frå andre oppgåver og Internett (noe som i seg sjølv er ein problematisk og unyansert påstand):

a) Er ikkje dette i 2009 like mykje eit spørsmål om kva kunnskapssyn ein er interessert i å oppretthalde og forvalte i eit universitetssystem, som det er eit spørsmål om juks? Er den ultimative kunnskapsprøveavlegginga framleis, og eg tillet meg nok ein gong å  påpeike at kalenderen viser 2009, reproduksjonen av pensum, formidla av ein professor, universitetslektor, førsteamanuensis?

b) Kva om ein heller erstatta dei reproduksjonsinviterande oppgåveordlydane (som i våre dagar dreg med seg mistenkjelegheit mot den som avleverer svar, tilrår rein pugg og frarår kjelder) med ordlydar som beint fram krev at studentane nyttar det dei kan finne av kjelder, til å setje saman nye svar heller enn optimale kopiar av fjorårdets A’ar og B’ar?

c) Er det ikkje like mykje eit teikn på at teknologien blir brukt til å finne litt vel liberal kjeldebruk, som at kjeldebruken har blitt litt vel liberal som følgje av teknologien? Kven kan med handa på hjartet påstå at dei i alt akademsik arbeide før 1994 har vore så etterrettelege når det gjeld kjelder som det vil ber elevane om å vere no? Ikkje eg, i alle høve. Heller ikkje Bob Dylan, som i nokre av låtane sine ville ha kome ut med 25% treff i it’s learning. Ei heller William Burroughs, som ope og utan blygsel kalla stjelinga si for sin “cut-up method.” Og denne lista, folkens, er lang.

Eg trur at denne diskusjonen dreier seg om langt fleire ting enn teknologiske løysingar for å hjelpe til litt i undervisinga. Det handlar mellom anna om å kunne oppretthalde og kjempe for eigne posisjonar og kontroll med verkelegheita som ein er sette til å forvalte. Og då blir dette brått ideologisk.

Eg kjenner svært mange på fleire nivå i utdanningssystemet som kjempar for denne kontrollen,  dels av di dei mista den intellektuelle gneisten sin for fleire år sidan, dels av di dei fryktar ikkje berre alt dette rare som ungdommane gjer som dei ikkje forstår, men òg tapet av definisjonsmakt over sitt domene, sitt område.

Ta lesing, mitt domene, som eit døme: Kva er det som står på spel når lesevanane endrar seg frå akademisk godkjende sjangrar til digitale mønster ein ikkje har kontroll på lenger? Jo, for det første makta til å definere kva god og rett lesing er, som lærarane har hatt i mange år. Sjølvsagt skapar dette ein kjensle av uro, avmakt, som gjer at ein grip til kontrollmekanismer. Men det er ikkje berre lærarane og skulen som taper her, men heile bransjar, som i mange år har jobba dynamisk saman med akademia. Lesing handlar ikkje berre å glo på eit papir, det handlar melllom ann òg om økonomi og makt.

Den glade IT-rettleiarens kollega, ein lærar ved ein ungdomsskule, får avslutte med følgjande groteske framtidsscenario, og eg gidd ikkje ein gong gjere dei opplagte referansane til dei verka i verdslitteraturen som forlengst har skildra slike scenarier:

“Her er en del kjekke valg, fortsetter Igland ivrig, og forklarer: – Du kan trykke block all, så blokkerer du både tastatur, mus og skjerm. Dette mener han er en stor fordel dersom elevene skal følge med.”

Kva med å heller ta jobben sin på alvor?

[Oppdatering: Eg burde jo sjølvsagt hugsa at dette emnet blei tatt opp av Jon Hoem for eit par år sidan, sjå her og  her]

Kindle dag 2+3

situated literaciesI går lasta eg ned 4 fagbøker — utvalet på mine felt synest eg er dårleg, trass i nokre bra titlar — og har byrja på antologien Situated Literacies, redigert av Roz Ivanic. I tillegg har eg lasta ned siste utgåva av PC Magazine, og lese nokre artiklar her. Kveitebrødsdag 2 og 3 har gjeve meg følgjande erfaringar og tankar:

Kindle er god å lese på i den forstand at e-blekken, overflata, sjølve displayet er behageleg. Alt det der er heilt fint. Men dette har aldri vore noe problem i andre digitale lesesituasjonar — eg har alltid lese mykje på skjerm, og særleg med dei nye laptoppane har dette vore heilt fint. Eg snakkar ikkje her om skjønnlitterær lenestolslesing, men fagstoff eg har hatt eit aktivt forhold til.

I akkurat denne samanhengen greier eg ikkje å fri meg frå tanken om at ei dels av-webifisert og kommunikasjonlaus, proprietær leseplate som gjer alt ho kan for å leggje til rette for ein mange hundre år gamal teknologi for spreiing og lagring av ordet og økonomiane og regelverka som har utvikla seg i kjølvatnet av den, tar eit litt vel markert farvel med tekst- og lesekonvensjonar som har oppstått i digitale medium dei siste ti åra. Ikkje for det, eg synest på ein måte det er befriande å lese utan å heile tida sjekke mail eller Twitter, svak i viljen som eg er. Men å lese ei melding av Windows 7 som rein prosatekst, utan verken bilete eller filmsnuttar som demonstrer poenga, er nokså meiningslaust samanlikna med teksten på nettsida eller det glossy og godt ombrekte magasinet. Og her er mykje eg saknar frå til dømes bloggsjangeren, og for den del moglegheitene som ligg i til dømes RSS-teknologien. Kindle er til å bla i, og det som er av kommunikasjonsmulegheiter, handlar om kjøp frå Amazon.

Like eins er nyheiter for meg jamt over utenkjeleg utan RSS, særleg når nyheitene kjem frå så ulike kjelder med så ulike (tekno-) bakgrunnar og historiar som Aftenbladet og Boing Boing. Å laste ned International Herald Tribune på Kindle medan eg ventar på ferga, slik @svelle rapporterte om på Twitter, ser eg difor som utenkjeleg så lenge eg har iPhone:

To minutter for sent til ferga fra Stord. Kjøpte Int. Herald Tribune på Kindle for 10 kr og er egentlig ganske fornøyd. (via @svelle)

Kva er då Kindle god for? Er e-boka i Kindles format designa rundt den fullstendige feilaktige trua på at lesing er ei lineær og mot forfattarens intensjonar trufast øving? Kan hende er idealet om at tekstlesing i eigentleg (danna) forstand = romanlesing (som har ridd norsk skule i mange år) dominerande: Romanen er vel stort sett svært lite krevjande når det gjeld layout, samanlikna med fleire andre sjangrar (tekniske fagbøker, tekstar som krev både illustrasjonar, tabellar, referansetilvisingar, fotnotar og heftige kryssreferansar). Eg har til dømes papirutgåva av den eine fagboka eg lasta ned i går, og les den med ein peikefinger i referanselista lenger bak i boka. Slike hopp fram og tilbake er utenkjelege, i alle høve slik Kindle har løyst det teknisk, og det gjer det heller lite aktuelt å lese slik faglitteratur anna enn i papirutgåva.

Boka eg har byrja å lese, har vidare tabellar som viser svært dårleg i Kindle — nokre av tabellane er så små at dei er heilt uleselege, og umoglege å forstørre, og dei er svært dårleg formaterte. Og kvifor skal ikkje boka, tabellane, bileta etc. kunne vere dynamiske? Når eg les ein vitskapleg publikasjon, kvifor skal eg ikkje kunne berikast av animasjonar, bilete, intervju, lydspor, etc? Kom igjen, vi plasserte folk på månen for 40 år sidan, vi må vel kunne greie meir enn det ein kan gjere med ein scanner?

Heile brukaropplevinga med Kindle gjev meg i 2009 den kjensla eg hadde rundt 2000 då eg byrja å interessere meg for digitale medium og lesing: Det er eitt eller anna tilbakeskodande over heile greia, som om leseplata er designa meir eller mindre på premissane til ikkje berre ein gamal teknologi, men òg ein gamal økonomi; ein slags “horseless carriage“-måte å leite etter vegar å få teksten og bransjen elektronisk på. Og det stemmer nok langt på veg: Kindle luktar litt sånn der pillar til middag og flygande bilar som vi teikna på barneskulen då læraren bad oss om å teikne koss det ville vere i år 2000. “I år 2000 finst ikkje papir, men du blar i boka på ein skjerm,” liksom.

Moglegvis er dette overgangsproblem, men Tim O´Reilly peikar på fleire begrensingar i Kindle som ikkje finst i det opne EPUB-formatet. O’Reilly viser til iPhone-lesaren Stanza, ein open EPUB-lesar som eg sjølv opplever som ein langt betre lesar enn Kindle, jamvel på iPhone, med atterhald om at eg ikkje har lese dei same bøkene på begge plattformane. Dette, altså mangelen på vilja til å omfamne opne standardar, er i følgje O’Reilly årsaka til at Kindle vil forvitre i løpet av eit par år, slik AOL og MSN (i originaltapning) gjorde det: Lysta til å eige marknaden blir for stor, dei opne standardane fremjer utvikling, spreiing, gode idear, slik vi har sett det i tilfellet med sjølve Internett. Bokbransjen står overfor store omleggingar, slik vi har sett det i musikkbransjen og avisbransjen, og spørsmålet om standardar er heilt vesentleg.

Lat meg no legge til at eg  trur på boka i digital versjon, at dei lange og gode resonnementa som finst i fagbøker lever godt i den sjangeren, at folk kjem til å lese langt og godt på skjerm når dei får høve til det,  og at eg ønskjer meg måtar å få tilgang til heile verdas bibliotek via digitale kanalar. Eg får meg berre ikkje heilt til å tru at Kindle er svaret. Men eg synest det er svært spennande å bisitje, å sjå på medan det som no skjer, skjer. For eg kan vanskeleg tru at den delen av bransjen som syslar med bøker, forlaga og biblioteka til dømes, kan forhalde seg nøytralt til det Kindle no prøver å gjere. Heri ligg kan hende det viktigaste med Kindle.

Det er altså ikkje heilt Kindle eg er på jakt etter, sjølv om det er med ei lett kribling i magen eg les i han. Eg vil gjerne ha all verdas litteratur elektronisk. Når eg finn ei bok, vil eg anten låne eller kjøpe, frå ein ven, biblioteket eller ein butikk, ikkje berre frå Amazon. Eg vil vidare kunne bruke boka, ikkje berre lese ho, for eg er ein brukar meir enn ein lesar, med annotasjonar, kryssreferansar, ropeteikn, utgulingar og smilefjes (som dels er mogleg i Kindle). Eg vil ha boka tilgjengeleg på Mac-en, PC-en, gjerne telefonen min, eller ein tablet-pc eller ei leseplate, viss eg no vel det. Når eg skal på studieopphald i utlandet, vil eg ha med meg dei 300 viktigaste bøkene og artiklane mine, og det same vil eg dei dagane eg vel å jobbe heimefrå. Og kvifor skal bloggen til Clay Shirky vere open for kommunikasjon med forfattaren, men ikkje e-boka — eg vil tru bloggen har fleire lesarar enn boka? Kvifor skal ikkje endringar kunne matast på RSS-vis, til dømes, i det forfattaren oppdagar feil, oppdaterer tabellar, etc.?

Vel, med atterhald om at eg lèt meg beigeistre vekk frå desse innvendingane i løpet av dei neste dagane. No skal det lesast. Eirik Newth skriv meir og grundigare om Kindle og fleire leseplater, og har gjort det i fleire år, og June har nett posta sitt førsteinntrykk av Kindle. Jon skriv òg om Barnes & Nobles’ Nook her.

Kindle first impressions

kindle

Då heiv eg meg nokså kjapt på bandvogna, og i ettermiddag kom UPS på døra mi med Kindles internasjonale versjon. Dei umiddelbare tankane og inntrykka, midtvegs i oppladingsprosessen:

Låsinga til Amazon er sjølvsagt ei sak for seg, men for meg er Kindle-kjøpet ei interessehandling — eg er svært nyfiken på om og eventuelt koss dette blir ein game-changer i norsk bokbransje. Andre lesarar finst, og er sannsynlegvis meir aktuelle for norske forhold enn Kindle, og Barnes & Noble kjem straks med sin Nook, som også er kopla til ei teneste, som Kindle. Eg kan ikkje forstå koss bransjar som på ein eller annan måte legitimerer seg sjølv gjennom sal, lagring og spreiing av tekst, kunnskapar, kan tenkje på agendaen sin det neste året utan å ha dette dunkande i bakhovudet.

Kjøp er enkelt, moglegvis litt for enkelt, som på iTunes og iPhone App Store. Det er trådlaus oppkopling mot Amazon, og er du registrert med kredittkort, går alt via eitt klikk på få sekund. Folk med elendig impulskontroll, som eg, kan her kjøpe seg til fant. Gje denne til Bjarte Baasland, og mor må ta nye rundar til vener og kjende. Eit par emnesøk, så var eg ein del hundrelappar fattigare, og det før eg hadde plukka innpakkingsplasten opp frå golvet.

Kindle er overraskande treig, og det kan bli litt plagsomt for lesarar som meg, som heile tida påfører boka eg les manuelle hyperlenker, gule lappar, strekar og notat. Å blande seg inn i teksten på denne måten på Kindle er vanskelegare enn i ei papirbok. Det er i alle høve førsteinntrykket mitt, men det endrar seg moglegvis undervegs.

Litt i same leia som over: Kindle kvilar på konseptet, altså koplinga mot tenestene Amazon tilbyr, og sjølve lesaren hadde aldri passert dei innleiande rundane til Apples kvalitetskontroll: Eg synest heile brukaropplevinga er heller klønete. Igjen: Dette kan gjerne endre seg med bruk, at eg då vil skjøne noe eg no ikkje skjøner, venje meg til noe eg finn uvant, etc. Men førsteinntrykket av å lese, annotere, etc. her er at eg er alt anna enn imponert.

Likevel kan eg ikkje late vere å tenkje på og begeistrast av at vi no kan vere vitne til ei svært vesentleg utvikling i teknologien til det skrivne ordet, og det er grunn god nok for oss meir enn middels interesserte i lesing og skriving til å prøve dette ut.