Archive

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Kindle first impressions

October 23rd, 2009

kindle

Då heiv eg meg nokså kjapt på bandvogna, og i ettermiddag kom UPS på døra mi med Kindles internasjonale versjon. Dei umiddelbare tankane og inntrykka, midtvegs i oppladingsprosessen:

Låsinga til Amazon er sjølvsagt ei sak for seg, men for meg er Kindle-kjøpet ei interessehandling — eg er svært nyfiken på om og eventuelt koss dette blir ein game-changer i norsk bokbransje. Andre lesarar finst, og er sannsynlegvis meir aktuelle for norske forhold enn Kindle, og Barnes & Noble kjem straks med sin Nook, som også er kopla til ei teneste, som Kindle. Eg kan ikkje forstå koss bransjar som på ein eller annan måte legitimerer seg sjølv gjennom sal, lagring og spreiing av tekst, kunnskapar, kan tenkje på agendaen sin det neste året utan å ha dette dunkande i bakhovudet.

Kjøp er enkelt, moglegvis litt for enkelt, som på iTunes og iPhone App Store. Det er trådlaus oppkopling mot Amazon, og er du registrert med kredittkort, går alt via eitt klikk på få sekund. Folk med elendig impulskontroll, som eg, kan her kjøpe seg til fant. Gje denne til Bjarte Baasland, og mor må ta nye rundar til vener og kjende. Eit par emnesøk, så var eg ein del hundrelappar fattigare, og det før eg hadde plukka innpakkingsplasten opp frå golvet.

Kindle er overraskande treig, og det kan bli litt plagsomt for lesarar som meg, som heile tida påfører boka eg les manuelle hyperlenker, gule lappar, strekar og notat. Å blande seg inn i teksten på denne måten på Kindle er vanskelegare enn i ei papirbok. Det er i alle høve førsteinntrykket mitt, men det endrar seg moglegvis undervegs.

Litt i same leia som over: Kindle kvilar på konseptet, altså koplinga mot tenestene Amazon tilbyr, og sjølve lesaren hadde aldri passert dei innleiande rundane til Apples kvalitetskontroll: Eg synest heile brukaropplevinga er heller klønete. Igjen: Dette kan gjerne endre seg med bruk, at eg då vil skjøne noe eg no ikkje skjøner, venje meg til noe eg finn uvant, etc. Men førsteinntrykket av å lese, annotere, etc. her er at eg er alt anna enn imponert.

Likevel kan eg ikkje late vere å tenkje på og begeistrast av at vi no kan vere vitne til ei svært vesentleg utvikling i teknologien til det skrivne ordet, og det er grunn god nok for oss meir enn middels interesserte i lesing og skriving til å prøve dette ut.

Uncategorized, lesing

Boka som frelsar revisited

August 25th, 2009

Sidan Stavanger Aftenblad ikkje legg dette kommentarstoffet fritt ut på nett, berre via ATEKST, legg eg ut dagens innlegg her. Det er vel såpass seint på dagen at Aftenbladet ikkje vil reagere på dét. Dette er altså ein respons på ulike utspel frå nokre frå Lesesenteret, som eg meiner fortener ein kommentar. Her kan seiast mykje, men 3500 teikn gjev klåre begrensingar.

Kva skjer når læraren mistar makta over lesinga og skrivinga?
Boka som frelsar
Dersom ein forenklar biletet grovt nok, kan ein hente fram vitskapen og bruke han til nær sagt kva ein vil. I Aftenbladet i sommar går Anne Mangen og Margunn Mossige frå Lesesenteret seg inn i diskusjonen om digitale læremiddel i skulen med utgangspunkt i det dei hevdar er vitskaplege sanningar om lesing: Å følgje komplekse tankerekkjer fungerer dårlegare på skjerm, av di skjermmediet belastar hovudet urimeleg mykje i forhold til papirmediet, og vi hugsar jamvel dårlegare det vi har les på skjerm enn det vi les på papir. Ei utvikling i retning av digitale læremiddel er dermed ikkje ei framtid Mangen og Mossige ønskjer. Tvert om, det øydelegg både marknaden, mangfaldet i skulen og minnet til lesaren.

Diskusjonen gjeld særleg ei rekkje av dei grepa den vidaregåande skulen har tatt i det siste, for å kome i møte dei stadig aukande krava til bruk av digitale reiskaper ein møter både i privatliv og arbeid. Mellom anna skal kvar skuleelev disponere sin eigen berbare PC, og 10% av læremiddelbudsjettet frå kvar fylkeskommune (minus Oslo) er sett av til læremiddelprosjektet Nasjonal digital læringsarena (NDLA), som tar mål av seg å samle, kjøpe inn og sjølv produsere digitale læremiddel som skal dekkje alle læreplanmåla i alle fag.

Påstandane til Mangen og Mossige om veikskaper i tekst på skjerm står i beste fall fram som kontekstlause, i verste fall uvitskaplege og generaliserande. Vidare vitnar påstandane deira om monopolisering og øydeleggjing av læremiddelmarknaden om manglande kunnskapar både om NDLA og sjølve marknaden.

Skal ein forstå kva tekst og lesing er, ikkje minst i læring, må ein søkje å forstå fenomena tekst og lesing i ein større kontekst. Bruk av tekst handlar om ein kompleks dynamikk mellom lesaren og teksten, og teknologiske, økonomiske, sosiale og politiske forhold. I eit slikt perspektiv ser ein at svært mange føresetnader har endra seg for koss vi bør tenkje lese- og skriveopplæring i skulen:

Dei gamle strukturane i både forlaga, musikkbransjen, tv- og avisredaksjonane er i ferd med å løysast opp, og føresetnadene for produksjon og distribusjon av produkta desse representerer er i grunnleggjande endring. Ei viktig årsak til desse endringane er ei gjennomgåande digitalisering, frå produksjon til distribusjon og lagring, til dømes via Internett.

Dette har fått mange konsekvensar: Amatørprosjektet Wikipedia har i praksis utkonkurrert bastionar som Encyclopaedia Britannica, ungdom lastar ned mp3-filer heller enn å kjøpe plater, og både unge og eldre les og skriv, googlar, speler og klipper og limer seg inn og ut av kvarandres tekstar på nettet. Nyheiter finn vi gratis på nett, og stiloppgåva som læraren gir år etter år, lastar vi ned kvelden før innlevering. Føresetnadene for deltaking i samfunnet som lesande og skrivande menneske er heilt annleis enn for få år sidan, og økonomiar og maktstrukturar, som dei vi finn i pressa, skulane og forlaga, er i endring.

Ein kan like det eller ikkje, akkurat dét speler inga rolle. Det som speler ei rolle er at vi lever i eit samfunn som organiserer informasjon etter andre prinsipp enn for berre 10 år sidan, og den store blindflekken i kommentaren til Mangen og Mossige er knytt til nettopp dette: Det speler inga rolle kva ein som lærar eller forskar måtte ønskje seg av ideelle lesesituasjonar, så lenge desse lesesituasjonane og lesestrategiane er lausrivne frå den røynda vi faktisk lever i.

NDLA og andre digitale læremiddelinitiativ representerer dermed ei viktig og heilt nødvendig orientering over i det digitale, der elevane får høve til å arbeide og utvikle lese- og skrivestrategiar i ei tekstrøynd prega av endring og ustabilitet. Denne kunnskapsøkologien og -økonomien har forlaga lenge observert og erkjent, men halde seg langt unna: Dei gamle forlagsstrukturane krev framleis full kontroll over informasjonen og brukarane av han, det er trass alt slik dei tener pengar.

NDLA, som kjøper om lag halvparten av stoffet sitt utanfor eigne rekkjer, mellom anna (for ikkje å seie i stor grad) frå forlaga, er altså ikkje fienden her. Både NDLA og fylkeskommunane ønskjer eit breitt tilfang av læremiddel tilpassa ein svært samansett mediasituasjon, for å oppfylle måla i læreplanane. Både bok og skjerm høyrer heime i dette biletet, likeeins både forlaga og lærarane som aktive og kritiske forvaltarar, formidlarar og rettleiarar.

Eit langt større problem i denne diskusjonen er slike haldningar til tekst og lesing som Mangen og Mossige forfektar, der lesing er eit kontemplativt sitt-ned-prosjekt i isolasjon frå verda, det dei vel å kalle kognitiv belastning. Dette knyter seg til gamle og etablerte, men like fullt romantiske og villfarande idear om tekst som ein einskapleg, uforanderleg og stabil storleik.

Kan hende skuldast slike klagerop ein panikk for å miste makta til å definere feltet sitt, makta til å fortelje andre kva lesing er og ikkje er? I ein situasjon der ikkje berre den intellektuelle eliten og ungane deira dominerer skrive- og leseromma, men tvert om eit breiare lag folk snik til seg ulike lese- og skriverom og deltaking i kultur- og samfunnsliv, er det lett å ty til moralsk indignasjon og fordømming av dei fenomena ein sjølv ikkje kjenner til eller kjenner seg heime i.

Akkurat dét kan ein kalle mykje, men ikkje vitskapleg sanning.

Uncategorized

Nyttårsforsett: Strengare skriveregime

January 26th, 2009

Eg har sett meg som mål å bli ein meir effektiv doktorand dette året, og har innført eit bestemt antal timar kvar dag der eg avslutter distraksjonsprogram som Twitter, MSN og e-post berre for å skrive konsentrert. Dette er litt inspirert av, tja, mange Getting Things Done-guruar, men det var vel Cory Doctorow som skreiv mest overtydande om dette ein eller annan plass. Berre ved å setje av 20 minutt til dagen kan ein få mykje skriving gjort, avhengig av kva ein skriv, sjølvsagt. 

Så, derfor: Av med Twitter og mailprogrammet, på med Mellel eller Scrivener, eller (Gud forby) Word.

Uncategorized

Ordleik med Metallicas Black Album

November 29th, 2008

Eg har ein svært keisam laurdagskveld, der frua er på fest med vener og eg er heime foran TV-en. Kva anna er det å gjere enn å lage ein Wordle (via IBMs Many Eyes) av alle tekstane på Metallicas Black Album? Eg trur du får eit godt inntrykk av tekstane ved å kaste eit blikk på denne:

Ved å fokusere inn på ordet som får størst visuell tyngde i Wordle, “never,” og lage eit ordtre over samanhengane dette opptrer i, får vi dette biletet (klikk gjerne i biletet og søk på andre ord):

Uncategorized

Jente-effekten

November 27th, 2008

(Klikk på biletet)

Dette er fabelaktig i all si enkelheit, for dei som ikkje alt har snappa denne opp (til dømes frå NRK Betas Eirik Solheim, der eg fann det). Dette set jamvel mykje av det vi diskuterer kring utdanning i perspektiv.

Jenter er i grunn eit nokså bra konsept.

Uncategorized

Svært travle dagar

November 10th, 2008

med reising/kursing og seminar i aust og vest, mykje å gjere innomhus med ein omgang masterstudentar + rettleiing i haust, og førebuing til det same på engelsk til våren. I tillegg er det ei lita skjønn ei på tre månader heime, Matilda, som rett nok berre er glad og begeistra men som er det både dag og natt.

Medan eg framleis har begeistringas rus: Har noen prøvd Voicethread? Av dei programma eg har presentert for lærarar oppigjennom, er dette eitt av dei som har skapa mest begeistring, ved sida av Markin (og no nyleg Dropbox :-) ) Eg bruker programmet sjølv med nokre nettstudentar her på UiS, og det er eit svært godt program både for å kommunisere, presentere og diskutere, anten det er eg eller studentane som lagar Voice-trådane.

Eg har til dømes laga ei diskusjonsoppgåve som ein Voicethread, der eg gjennom ulike kommenterte skjermbilde presenterer ei problemstilling, som studentane skal diskutere ved å lese inn sine kommentarar på det siste skjermbildet. Biletet under viser det siste skjermbildet i ein serie, der eg ber studentane om å klikke på record og lese inn sin respons.

Medan eg tar denne skjermdumpen er det berre fire studentar som har gjeve svar (sjå ikona rundt skjermbiletet), men feire kjem til, og eg kan lytte til svara deira ved å klikke på dei. Eg kan òg styre om studentane kan høyre alle svara eller berre sitt eige. Svara kan gjevast som skriven tekst eller lydfiler, eller jamvel skriblerier i sjølve biletet.

Programmet riv i si enkelheit (svært, svært fort gjort å lage forteljingar/instruksjonar i VT) ned ei rekkje tekniske barrierer, men like mykje opnar det for medverknad utan å måtte gå utanom dei nokså heftige krava til verbalspråkleg formuleringsevne som wiki- og bloggsjangeren stiller. I nokre høve er det naudsynt med slike krav, i andre er det ei stor hindring.

Eg skulle ønskje eg hadde eit slikt presentasjons-/instruksjons-/fiksjons-/diskusjons-/evalueringsverktøy tilgjengeleg då eg hadde yrkesfaglege (det heiter vel ikkje det lenger, eingong) elevar.

Uncategorized

Kan hende ikkje det største musikalske kicket ….

September 26th, 2008

… men morosamt for dei av oss som har tilbrakt timar til akkompagnement av desse systemlydane frå diverse Mac-maskiner:

Uncategorized ,

Jomfruposten

September 25th, 2008

Dette er altså min heilt eigne blogg, på min heilt eigne WordPress-installasjon hosta av Dreamhost. Denne bloggen, til skilnad frå dei andre eg er involvert i, vil i større grad handle om emne tilknytt doktorgradsarbeidet mitt, men sidan eg er min eigen herre, kan eg ta meg fridomar i aust og vest.

Uncategorized