Archive

Archive for the ‘diverse’ Category

Edupunk

November 14th, 2008

 

Frå Wikipedia.

Frå Wikipedia.

Wireds Jargon Watch listar opp ordet edupunk, som blir definert slik (på Wikpedia blir det definert slik):

n. Avoiding mainstream teaching tools like Powerpoint and Blackboard, edupunks bring the rebellious attitude and DIY ethos of ’70s bands like the Clash to the classroom.

it’s learning er ut (kom det i det heile tatt noen gong inn?), Powerpoint er for onkel og rektor, pensum blir produsert, remiksa, klypt, limt, kritisert, tilpassa, og delt ope, og tankane til elevane blir tatt på alvor ved at dei blir stilt ut, publisert, ikkje lagt i ei trygg skuff saman med siste Utdanning og alt det andre som skal kastast rundt 20. juni.

(BTW: Wordpress-genseren til Jim Groom her er noe eg ønskjer meg til jul. Viss noen her kjenner kona mi, kan de fortelje det til ho?)

diverse

Spam, spam, spam, spam, and spam

November 14th, 2008

Og eg som hadde eit godt forhold til dette ordet før datamaskina kom og øydela alt.

 

Svært irriterande når du er på tur og sjekker mail på iPhone for å finne ut at du har fått 255 nye mailar frå Wordpress-kontoen som alle er kommentar- eller trackback-spam. 300 kroner ekstra i datatrafikk, liksom, og ti minutts arbeid for å finne ut om det faktisk er ein mail inni der som bør lesast.

Vel, fellow NDLA-er, sjølverklært motorsagmeister og agnostisk gladkommunist Snorre Tørriseng tipsa meg om Aksimet, sikkert opplagt for alle som har drive med eigne WP-kontorar før, men gode nyheiter (håper eg) for meg.

diverse ,