Det problematiske sidemålet
Ingunn og Marita dreg i gang ein diskusjon om karakterar og rettebør i norskfaget i ein artikkel (som ikkje blei tatt inn av Aftenposten) som etter kvart heller i retning av spørsmålet om det problematiske sidemålsfaget nynorsk like mykje som det handlar om rettebør og karakterar. Ein samla karakter i norsk er forslaget, og altså då ingen eigen sidemålskarakter.
Å vere samd i at ein kan ha ein norskkarakter er ein ting — karakterar og evalueringsformer styrer undervisinga, og det må etterkvart gå an å tenkje nytt på dette området i norskfaget. Problemet er dei politiske konsekvensane av å redusere antal karakterar frå 3 til 1, for å fjerne to karakterar i norskfaget er ikkje nett som å fjerne ei vorte (sjølv om nokre vil nok meine akkurat det): Den eine av desse to karakterane, nynorskkarakteren, er så inntulla i politikk, ideologiar og ikkje minst (kan hende mest) kjensler at å snakke om dei kvantitative dimensjonane ved å fjerne sidemålet (forstått som nynorsken, for dette er jo eit krav frå/problem i bokmålsverda) piskar opp fleire diskusjonar samstundes.
Og det kan eg skjøne: Å fjerne sidemålskarakteren slik norskfaget er bygd opp i dag inneber ein faktisk reduksjon av statusen til nynorsken, og det er òg grunnen til at det nettopp er (stort sett) bokmålsfolk som ønskjer å fjerne sidemålskarakteren. Ein kan (som Marita og Ingunn) seie så mykje ein vil at ein skal ivareta nynorsken jamvel utan karakter, kan hende til og med på betre vis, men det er svært naivt å ikkje sjå (eg meiner ikkje “ikkje akseptere”) at ein rører ved mykje som handlar om svært mange andre ting som er viktige i ein kultur, og ikkje berre ein skarve karakter eller nokre timar i veka. Sagt med andre ord: Denne karakteren, og desse timene i veka med undervising, representerer for mange folk, kan hende (må ein vere open for) for heile Noreg, noe svært vesentleg, og å kutte karakteren er ikkje berre ei symbolsk handling mot dette, men ein faktisk reduksjon av status, betydning og følgjeleg kvalitet på undervisinga som skal bli gjeven i nynorsk, på alle nivå i utdanningssystemet. Eg kan altså ikkje med mi beste vilje skjøne at nynorskundervisinga blir betre av berre å fjerne kravet om eigen karakter i sidemål, så lenge det ikkje føreligg alternativ som forklårer koss ein då tenkjer eit så svært fag som norskfaget.
For eg trur nemleg at det finst mange gode alternativ til det å flatt redusere antal vurderingssituasjonar i jakta på meir meining i norsklærartilveret og ei meir overkomeleg rettebør. Heilt uforpliktande, i ein fei, og heilt sikkert ikkje dei beste ideane, men likevel:
- Kva med å tenkje opplæring i norsk (med studiespesialisering som mål) som eit treårig løp, der ein står friare til å tenkje progresjon og evaluering enn det ein gjer i eit terminbasert system som no? Ein treng ikkje gje karakterar før eit stykkje ut i dette løpet, og ein kan vurdere både kortare og lengre tekstar (og ikkje minst fleire typar tekst og sjangrar), etter ulike kriterium (nokre gonger tenkjer vi struktur og oppbyggjing, andre gonger kommareglar, atter andre gongar alt i hop), ikkje berre i ein saus av makro- og mikronivå som no. Alle desse tekstane kan danne grunnlaget for det som blir karakteren til slutt, der ein vurderer progresjon og utvikling saman med alle dei andre kriteriene for god skriving. I eit slikt regime kan ein godt gje sidemålskarakter, utan at eg ser at det blir meir arbeid, og ein opererer med eit langt større felt enn det ein gjer no. (Og praktiske problem, som skulebyte etc. trur eg enkelt kan overkomast, i alle høve i ei digital verd.)
- Eit anna alternativ (som eg trur meir på, særleg i kombinasjon med noe slikt som punktet over) er å oppløyse heile morsmålsfaget, og fordele det på ulike fag, som til dømes språk, kommunikasjon og historie, etter modell frå andre land. Slik det er no, definerer norskfaget, tufta på fleire idear som skrik etter rullator og eldrebustad, eit felt som har blitt så stort at det vanskeleg kan tilpassast, ja, beint fram kolliderer med, mange av morsmålsfagets idear. Ta eitt døme frå nynorskdiskusjonen: Skrivekulturen ein ser i mange typar digitale tekstar (som til dømes ei rekkje bloggar, Facebook, MSN og SMS) representerer svært ofte eit aktivt, dialektnært og verbalt språk, der ein frispelt frå sjanger- og normkrava skulen stiller ser intuitiv skriveglede, språkbevisstheit, mottakarbevisstheit, og emne til å leike med normer (som ein då er nøydd til å tileigne seg og ha eit forhold til for å kunne kommunisere slik) ein sjeldan finn i skulestilane. Kor høyrer ein slik skriftkultur heime? Ikkje i morsmålsfaget, er eg redd, av di det ikkje er nynorsk nok, det ikkje er grammatisk nok — i det heile er det ikkje ein skulsk nok tekst for eit tekst- og forfattarsyn som morsmålsfaget målber: Ein finitt, avslutta tekst i ein av dei føreskrivne sjangrane, skriven av _ein_ forfattar — det inspirerte geniet — og som ein ikkje skal tukle med etter at læraren har sagt at denne teksten er godkjend og dermed avslutta, helst i skuletida innanfor ei gjeven tidsramme.
Eit utvida syn på det å vere ein deltakar i eit tekstbasert samfunn, med rom for mange lese-, skrive- og talesituasjonar vil vere utgangspunktet for eit slikt fag, der ein kan hive spørsmål om kva Ivar Aasen meinte i 1850 ut av sjølve skriftnormeringsspørsmålet (altså ikkje slik det er no, der vi nyttar romantikken som legitimeringsgrunnlag for nynorsken) og inn i historia. Elevane vil skjøne det perspektivet betre, jamvel få sympati for det, utan at det styrer skriveopplæringa i det som er ein radikalt annleis situasjon både kulturelt, språkleg og medie-/teknologihistorisk. Eg vil tru at det kan bli enklare å forklåre kva det er som gjer Jon Fosses og Frode Gryttens tekstar til det dei er viss ein slepp å måtte byggje undervisinga i nynorsk midt i den legitimeringssuppa vi no symjer rundt i: Det er ein viktig skilnad mellom bokmål og nynorsk, og den har både historiske, geografiske og ikkje minst estetiske forklåringar (faktorar som er viktige kvar for seg men ikkje minst i samspel), som ein mykje meir elegant kan få fram dersom ein nærmar seg heile tekstkulturen annleis enn det morsmålsfaget opnar for.
Og Jon Fosse er no ein ting, eg kan nytte noe så simpelt som meg sjølv som døme: Eg kjenner ikkje på nynorsken som primært eit språk som skal skilje meg frå dansk elitepåverknad eller som eit mål for dialekta mi, men primært som eit språk som ber med seg verdiane eg har vokse opp med der eg kjem frå, og som har språkestetiske ideal som dermed både plasserer meg og gjev meg identitet, i tillegg til at desse estetiske ideala skil det frå både engelsk og bokmål og gjev meg eit anna repertoar. Dette er med på å gje tankane mine andre former og det språklege uttrykket for tankane ein annan musikk enn det både bokmål og engelsk gjer. Nynorsken er ikkje dermed betre og bokmål/englesk dårlegare, men det er annleis. Denne annleisheita, heimekjensla, estetiske kompassnåla, kan ein nytte både på bokmål, engelsk og nynorsk, og eg trur at nynorsken er ein viktig berar av alle desse ideala for svært mange i Noreg, slik bokmålet er det for andre.
Uansett. Eg trur både nynorsken og bokmålet kan overleve, som to viktige skriftspråksinsitusjonar med lik reell status, og med den statusen nynorsken har fått som skriftspråk, meiner eg attpåtil at det er svært viktig, om ikkje av dei same årsakene som for 150 år sidan. Spørsmålet om karakterfesting kan bli eit spørsmål om koss og når i utdanningsløpet, snarare enn om. Vidare kan ein bringe spørsmålet om sidemål (les: nynorsk) vekk frå feltet til blårussen, der ein trur språk berre handlar om flat transport av nøytrale idear mellom hovud, og der ein trur dette kan reknast om i effektivitet, kroner og øyre.


