Archive

Archive for the ‘norskfaget’ Category

Konferansen med verdas tøffaste namn…

February 3rd, 2009

Antikonferansen, blei gjennomført i dag, der nokre av oss som på ein eller annan måte interesserer oss for og arbeider med IKT i læring samla oss på Gardermoen, sponsa av IST (som dermed muleggjorde reisa til Gardermoen for dei ulike deltakarane). Leif Harboe var primus motor, og vel den som heiv ut ideen om ein kjettarkonferanse i første omgang (?). Fleire av deltakarane, om ikkje alle, hadde norskfagleg tilknyting, og fleire av innlegga med påfølgjande diskusjonar dreidde seg derfor om norskfaget.

Anti-elementet i denne forsamlinga handla om ulike utfordringar i skuleverket, som ein ser eit behov for å imøtekome. Utan at dette er ei uttømmande liste over det som blei drøfta, heller subjektivt og fritt etter hausen, here goes:

  • Evaluering er ei utfordring — evalueringa er gjerne læringssynets påtrengande og plagsomme sannheitsvitne, og legg sjølvsagt tydelege føringar for koss undervisinga skal skje. Koss tenkjer ein om avsluttande evaluering, og kva mulegheiter gjev (ulike variantar av) mappemetoden? I mi nokså steile motvilje mot evalueringa av skriveferdigheitene til norskelevane i vgs. gjekk eg nok litt arrogant ut mot eksamen/avsluttande vurdering og for ei eller anna form for mappevurdering, sjølv om nok kjerna av det eg meiner blei ivaretatt. Det er ikkje alltid like lett å finne stallplass til kjepphestane sine.
  • Den alltid tilbakevendande diskusjonen om arbeidsbøra til norsklærarane kom opp, der dei fleste som har jobba med dette faget i skulen meir eller mindre har kjent koss det er å nesten knekke ryggen frå tid til anna. Fleire idear kom her opp, mellom anna måtar å før-jobbe med tekstane på, snarare enn å kvele elevane med tilbakemeldingar som dei likevel ikkje kan nytte direkte i teksten tilbakemeldingane er knytt til. Både Margreta og Marita hadde gode innspel her, sistnemnte har jo blitt norsklærarkjendis gjennom å peike på det ofte meiningslause slitet det er å rette norskstilar.
  • IST presenterte eit prosjekt dei har saman med nokre skular (Sandvika vgs. mellom anna), der dei har utvikla eit Netvibes-liknande grensesnitt for å orientere seg i info-jungelen i skulen. Grensesnittet er meint å kommunisere (og gjer det også alt, til dels) med LMS-ane, slik at både lærar, elev og føresette kan setje saman relevante skjermbilete for sitt info-behov. Det såg svært smart ut.
  • Ingunn kasta ut nokre tankar om eit undervisingsprosjekt over eitt år der ei utvald gruppe (motiverte) elevar i stor grad jobbar med W20-verktøy i norskfaget — deling, kommunikasjon, samarbeid, remix; på mange måtar eit genuint antiprosjekt. Dette prosjektet kan tenkjast som eit prosjekt fleire er involvert i, til dømes ved å involvere Kunnskapsdepartementet (ved Øystein Johannessen, som ein aktiv deltakar både på denne konferansen og i nærskylde diskusjonar og problemstillingar i bloggosfæren), fleire lærarar med liknande tankar om undervising, og ved å involvere forskarar, som til dømes meg, som kan nytte situasjonen som empirisk materiale.

Fleire gode moment blei drøfta og presentert, og eg måtte gå litt tidlegare enn dei andre, men eg er viss på at vi som deltok kjem til å drøfte dette på våre respektive bloggar.

Sjølve tanken om å ha eit forum for kjetterske idear synest eg er god. Og June (frå Hordaland fylkeskommune, som òg deltok med sine sedvanlege skarpe og gode innspel): Sidan du reduserte eigedomen eg har kjøpt frå eit stolt, men lite småbruk til eit lite, vesalt gardstun: Neste kjettarkonferanse kan vi ha på høyloftet på låven min, småbruk eller ikkje. Eg lover WiFi, lunsj og god kaffi!

konferanse, norskfaget, skule

Dei hemmelege skuletekstane og NDLA

December 10th, 2008

I kveld går turen til Oslo, der vi skal ha eit par dagar med NDLA-arbeid på dagtid (og der eg skal prøve å bruke ettermiddag og kveld på strukturert artikkelskriving. Yeah, right). Nytt batteri i den etterkvart tilårskomne Mac Book-en og mobilt breidband frå Telenor skal borge for tett kontakt med The Matrix når eg måtte ønskje.

Ein del av arbeidet for tida vil handle om det som før blei kalla “lag 2″ i NDLA, men som no blir kalla delingsarenaen, av strategiske og pedagogiske årsaker. Delingsarenaen blir testimplementert i månadane som kjem, før tanken er å lansere det som ein del av NDLA. For dei uinnvigde: Lag 1 i NDLA er det som du finn og vil finne her, altså redaksjonelt utarbeidd/godkjend lærestoff presentert i eit nokså tradisjonelt lærebokformat. Det vil seie: Informasjonselementa (bileta, tekstane, oppgåvene, filmane, etc.) er lagra/organiserte slik at det er relativt enkelt å lage fleire vegar inn i stoffet. Det er til dømes interessant å kunne søke på alle oppgåvene som er laga på taksonominivå X, som handlar om emne Y og som er berekna på gruppearbeid over ei veke på det aktuelle klassetrinnet. Dette er det reint teknisk lagt opp til. Dette gjeld altså “lag 1,” det nokså tradisjonelt orienterte lærestoffet.

Rosina i NDLA-pølsa (ein metafor eg ser det er vanskeleg å få noe godt ut av) er etter mitt skjønn delingsarenaen. Her er det meininga å skape rom for å jobbe med ulike typar tekst, informasjon, tilnærmingar og metodar på nett, og hale det som skjer i klasserom og på arbeidsrom ut i den verkelege verda fylt av ekte folk. Elevane i skulen er i ferd med å danne og utdanne seg sjølv i dei teknologiane for lesing og skriving som no siv inn og overtar mange av rollene eldre tekstteknologiar har hatt, medan skulen så langt har halde på den hemmelege tekstkulturen sin: Ingen skal sjå teksten anna enn ein lærar, absolutt ingen skal bruke han vidare, og det meste du gjer skal du gjere i full einsemd. Stikk motsett av koss vi jobbar med tekst og informasjon i den verkelege verda, med andre ord. Ein viktig del av denne hemmelege kulturen er sjølvsagt behovet for kontroll, i eit regime der alle elevar i utganspunktet er truande til å bryte denne kontrakten av einsemd gjennom juks, altså det som for resten av levetida deira blir kalla samarbeid og kjeldebruk.

Delingsarenaen er då meint som eit forsøk på å opne opp skuletekstane mot resten av verda, eller å kople desse storleikane. Elevane har med desse digitale tekstteknologiane ikkje berre kraftige reiskaper til å tolke og sortere verda for seg sjølv som ein del av sin eigen tanketeknologi, men dei har fått høve til å bringe sine eigne tankar ut, mulegheiter til å skape og påverke — både ei innoverretting og ei utoverretting i tankeverksemda si ved hjelp av desse literacy-teknologiane. Dersom målet med skrive- og leseopplæring, eller danning i det heile, er å ruste elevane til å bli kritiske og deltakande menneske som kan nytte kunnskapane sine til å gjere verda betre, kan ein etter mitt skjønn ikkje late vere å utnytte akkurat dette potensialet (for det er trass alt berre eit potensiale) i digital teknologi. Ein kan heller ikkje late danninga i desse skriveromma vere opp til elevane sjølv, som tekstkulturar som heile tida befinn seg under skulens radar. Vi treng både skriverom og språk for å snakke om dette, men har eigentleg i skulen ingen av delane.

Her er sjølvsagt fullt av skjær i sjøen. Er det i det heile muleg å tenkje seg at fenomen som har vokse fram som sjølvmotiverte aktivitetar (tagging, folksonomi (til dømes rating av artiklar), deling) kan takast inn i skulen, eller blir det berre nok eit forsøk på å skulifisere ein kultur som høyrer til andre stader? Kor interessant er det eigentleg å blogge når det er norskleksa til neste veke? I tillegg er jussen i det å leggje ut elevarbeid ei utfordring. Alle er i delingsarenaen knytt opp mot sin eigen identitet, og ingen kan vere anonyme. Elevane er verna av personopplysingslova, og mykje av det vi ser av sjølvmotvert skriving på nett inneheld så myke sensitiv informasjon at det blir vanskeleg å leggje dette ut som skulearbeid, ope og ikkje-anonymt. Ei anna utfordring er å formidle desse ideane til dei som skal bruke dette i skulen. Dette kan vere svært vanskeleg, når ein her opererer med ulike kunnskapsideal og når språket og termane mellom dei ulike tradisjonane er inkommensurable. Det liknar mykje på førestellinga om ulike paradigme, dette.

Eg trur uansett ikkje på å prøve å lage Facebook for skulen, men å vere heilt tydeleg og klår på at dette er skule. Likevel trur eg at det går an å vere like tydeleg på å formidle at skulen er ein del av verda utanfor klasserommet, og at utdanning ikkje er fråkobla verda. Å samarbeide på tvers av studieprogram og fylkesgrenser om ein fagleg wiki vil såleis (som eitt av fleire døme) kunne vere ein aktivitet som reelt har ein funksjon for elevane, både som prosess og produkt, og som ikkje er adskilt frå idear, metodar og teknologiar utanfor skulen, men ein del av ein heilskap. Ein vil sjølvsagt aldri kunne skape den same entusiasmen rundt tekstane på denne arenaen som eleven har rundt sin eigen blogg eller i dei situasjonane dei chattar med vener på ettermiddagen, men det er heller ikkje naudsynt, viss ein greier å skape meiningsfylte arbeidssituasjonar og synleg- og levandegjere dei overordna måla ved det å gå på skule i det heile. Og å ta høgde for vandalisme og andre slagsider av det å kaste seg ut på nettet på denne måten er ein del av heile dette digitale danningsbiletet — kvifor ikkje lære å forhalde seg til ulike nivå av dette i skulen?

Eg er usikker på om ein delingsarena som dette vil kunne bidra til dette, men eg er i alle høve sikker på at dei hemmelege tekstane og haldningane til elevar som suspekte personar ein har behov for å sperre inne og kontrollere ikkje er vegen å gå.

literacy, ndla, norskfaget, skule , , , , ,

Dau∂i bloggrs

November 26th, 2008

 

Frå www.gapingvoid.com

Frå www.gapingvoid.com

I gode gamle dagar, då eg gjekk på vidaregåande, var IKT i klørne på mannfolka. Det var langt på veg ei gutegreie, hugsar eg, og mannfolka, særleg mattelærarane, var dei som hadde hand om greiene. Då eg byrja å jobbe i skulen, hadde desse begeistra mattelærarane blitt IKT-ansvarlege både lokalt på skulane og i IT-avdelinga til kommunen eller fylkeskommunen. Det er eit bilete som har halde seg heilt opp til no, men blant brukarane, dei på botn-nivået i dette hierarkiet, har det skjedd store endringar på 10-20 år.

I dag ser altså ting annleis ut, der både den 13-årige guten og den 50-årige IKT-sjefen har fått andre roller. For å seie det med Clay Shirky: Skal du fange opp trendane på nettet i dag, må du ikkje skode til tenåringsguten og kva han held på med, men til damene — han nemner stay home-moms som nyss har fått ungar, og deira rolle i oppblomstringa av den sosiale nettstaden www.meetup.com, men dette er berre eitt av fleire døme. Er altså denne sosiale vendinga, vekk frå guteromsmekkinga og inn på arenaene for deling og samrøre, ein digital jenterevolusjon?

June Breivik skriv ein bloggpost som koblar spørsmålet om blogging opp mot diskusjonen vi har i norskfaget (mellom anna) om jentetekstar versus gutetekstar. Er vi i ferd med å innføre ein ny jentesjanger i bloggen medan vi trur vi held på med metodevariasjon og motivasjon? Eller: Er vi i ferd med å gjere dei same feila igjen, der vi er alt for einsidige (ikkje berre i eit kjønnsperspektiv)? Vi som skriv og les i denne pedabloggosfæren vi har her; er vi i ferd med å innføre vårt regime, som akademikarar som meistrar desse akademiske dialektane og tankesetta, under dekkje av å sprenge grenser og opne for variasjon og fleire typar læring? June har nemnt disruptivitetsomgrepet fleire gonger, veit eg, og Arne Krokan har dette på pensum i skuleleiarutdanninga han held på med her i Rogaland. Kan hende bommar vi på ein ekte disruptiv bruk av IKT i skulen, og gjeninnfører dei same sjangrane og skilja som har ridd skulen dei siste åra? Eg trur kan hende det.

Viss eg skal prøve å setje meg sjølv i dagens skule som elev: Då eg tok PPU for nokre år sidan, skulle alle studentane presentere seg for kvarandre. Den litt ferme dama med lang pedagogisk utdanning (du veit, ho med ein, og berre ein, keramikkøyredobb, skeivt klypt pannelugg og fargerike flagrande klede) som underviste oss, ville gjere dette ved at vi alle skulle kome fram ved kateteret og danse namna våre, ein etter ein.

Litt den same kjensla trur eg eg hadde fått som elev i dag dersom norsklæraren min hadde bede meg om å opprette ein blogg der eg skulle reflektere kring skuleting i all offentlegheit. Eg likar å blogge, men som vaksen og på mine premissar, på same måten som eg likar å klemme folk, men berre dei eg er nær. Og eg kjem aldri til å prøve å danse namnet mitt, ikkje ein gong åleine, på badet. I utdanningssystemet har eg alt for mange gonger kome ut for pedagogar som føreset publisering eller framføring av relativt intime saker på ein måte eg ikkje fiksar. Å publisere tankane dine, ikkje minst i skrift, er ei svært intim affære. 

Dermed er ved vi spørsmålet om det kompliserte forholdet mellom skulens aktivitetar og spørsmålet om kjønn. No er det sjølvsagt ikkje slik at alle jenter likar å danse namna sine medan gutane vil skru, men eg trur her utkrystalliserer seg sjangrar på nett som lett kan brukast til å nøre opp under dei same, skulske tilnærmingane til kunnskapsorganisering som vi i entusiasmen trur vi har kome oss vekk frå.

Og bloggen, anten han no er essayistisk eller dagbok-prega, kan fort bli noe vi meir eller mindre frivillig plottar inn som ein ny stoppestad langs den same linja som skulestilen befinn seg.

blogg, norskfaget, skule

Det problematiske sidemålet

October 3rd, 2008
<i> Kjent, men daud nynorsking
Kjent, men daud nynorsking

Ingunn og Marita dreg i gang ein diskusjon om karakterar og rettebør i norskfaget i ein artikkel (som ikkje blei tatt inn av Aftenposten) som etter kvart heller i retning av spørsmålet om det problematiske sidemålsfaget nynorsk like mykje som det handlar om rettebør og karakterar. Ein samla karakter i norsk er forslaget, og altså då ingen eigen sidemålskarakter.

Å vere samd i at ein kan ha ein norskkarakter er ein ting — karakterar og evalueringsformer styrer undervisinga, og det må etterkvart gå an å tenkje nytt på dette området i norskfaget. Problemet er dei politiske konsekvensane av å redusere antal karakterar frå 3 til 1, for å fjerne to karakterar i norskfaget er ikkje nett som å fjerne ei vorte (sjølv om nokre vil nok meine akkurat det): Den eine av desse to karakterane, nynorskkarakteren, er så inntulla i politikk, ideologiar og ikkje minst (kan hende mest) kjensler at å snakke om dei kvantitative dimensjonane ved å fjerne sidemålet (forstått som nynorsken, for dette er jo eit krav frå/problem i bokmålsverda) piskar opp fleire diskusjonar samstundes.

Og det kan eg skjøne: Å fjerne sidemålskarakteren slik norskfaget er bygd opp i dag inneber ein faktisk reduksjon av statusen til nynorsken, og det er òg grunnen til at det nettopp er (stort sett) bokmålsfolk som ønskjer å fjerne sidemålskarakteren. Ein kan (som Marita og Ingunn) seie så mykje ein vil at ein skal ivareta nynorsken jamvel utan karakter, kan hende til og med på betre vis, men det er svært naivt å ikkje sjå (eg meiner ikkje “ikkje akseptere”) at ein rører ved mykje som handlar om svært mange andre ting som er viktige i ein kultur, og ikkje berre ein skarve karakter eller nokre timar i veka. Sagt med andre ord: Denne karakteren, og desse timene i veka med undervising, representerer for mange folk, kan hende (må ein vere open for) for heile Noreg, noe svært vesentleg, og å kutte karakteren er ikkje berre ei symbolsk handling mot dette, men ein faktisk reduksjon av status, betydning og følgjeleg kvalitet på undervisinga som skal bli gjeven i nynorsk, på alle nivå i utdanningssystemet. Eg kan altså ikkje med mi beste vilje skjøne at nynorskundervisinga blir betre av berre å fjerne kravet om eigen karakter i sidemål, så lenge det ikkje føreligg alternativ som forklårer koss ein då tenkjer eit så svært fag som norskfaget.

For eg trur nemleg at det finst mange gode alternativ til det å flatt redusere antal vurderingssituasjonar i jakta på meir meining i norsklærartilveret og ei meir overkomeleg rettebør. Heilt uforpliktande, i ein fei, og heilt sikkert ikkje dei beste ideane, men likevel:

  • Kva med å tenkje opplæring i norsk (med studiespesialisering som mål) som eit treårig løp, der ein står friare til å tenkje progresjon og evaluering enn det ein gjer i eit terminbasert system som no? Ein treng ikkje gje karakterar før eit stykkje ut i dette løpet, og ein kan vurdere både kortare og lengre tekstar (og ikkje minst fleire typar tekst og sjangrar), etter ulike kriterium (nokre gonger tenkjer vi struktur og oppbyggjing, andre gonger kommareglar, atter andre gongar alt i hop), ikkje berre i ein saus av makro- og mikronivå som no. Alle desse tekstane kan danne grunnlaget for det som blir karakteren til slutt, der ein vurderer progresjon og utvikling saman med alle dei andre kriteriene for god skriving. I eit slikt regime kan ein godt gje sidemålskarakter, utan at eg ser at det blir meir arbeid, og ein opererer med eit langt større felt enn det ein gjer no. (Og praktiske problem, som skulebyte etc. trur eg enkelt kan overkomast, i alle høve i ei digital verd.)
  • Eit anna alternativ (som eg trur meir på, særleg i kombinasjon med noe slikt som punktet over) er å oppløyse heile morsmålsfaget, og fordele det på ulike fag, som til dømes språk, kommunikasjon og historie, etter modell frå andre land. Slik det er no, definerer norskfaget, tufta på fleire idear som skrik etter rullator og eldrebustad, eit felt som har blitt så stort at det vanskeleg kan tilpassast, ja, beint fram kolliderer med, mange av morsmålsfagets idear. Ta eitt døme frå nynorskdiskusjonen: Skrivekulturen ein ser i mange typar digitale tekstar (som til dømes ei rekkje bloggar, Facebook, MSN og SMS) representerer svært ofte eit aktivt, dialektnært og verbalt språk, der ein frispelt frå sjanger- og normkrava skulen stiller ser intuitiv skriveglede, språkbevisstheit, mottakarbevisstheit, og emne til å leike med normer (som ein då er nøydd til å tileigne seg og ha eit forhold til for å kunne kommunisere slik) ein sjeldan finn i skulestilane. Kor høyrer ein slik skriftkultur heime? Ikkje i morsmålsfaget, er eg redd, av di det ikkje er nynorsk nok, det ikkje er grammatisk nok — i det heile er det ikkje ein skulsk nok tekst for eit tekst- og forfattarsyn som morsmålsfaget målber: Ein finitt, avslutta tekst i ein av dei føreskrivne sjangrane, skriven av _ein_ forfattar — det inspirerte geniet — og som ein ikkje skal tukle med etter at læraren har sagt at denne teksten er godkjend og dermed avslutta, helst i skuletida innanfor ei gjeven tidsramme.

Eit utvida syn på det å vere ein deltakar i eit tekstbasert samfunn, med rom for mange lese-, skrive- og talesituasjonar vil vere utgangspunktet for eit slikt fag, der ein kan hive spørsmål om kva Ivar Aasen meinte i 1850 ut av sjølve skriftnormeringsspørsmålet (altså ikkje slik det er no, der vi nyttar romantikken som legitimeringsgrunnlag for nynorsken) og inn i historia. Elevane vil skjøne det perspektivet betre, jamvel få sympati for det, utan at det styrer skriveopplæringa i det som er ein radikalt annleis situasjon både kulturelt, språkleg og medie-/teknologihistorisk. Eg vil tru at det kan bli enklare å forklåre kva det er som gjer Jon Fosses og Frode Gryttens tekstar til det dei er viss ein slepp å måtte byggje undervisinga i nynorsk midt i den legitimeringssuppa vi no symjer rundt i: Det er ein viktig skilnad mellom bokmål og nynorsk, og den har både historiske, geografiske og ikkje minst estetiske forklåringar (faktorar som er viktige kvar for seg men ikkje minst i samspel), som ein mykje meir elegant kan få fram dersom ein nærmar seg heile tekstkulturen annleis enn det morsmålsfaget opnar for.

Og Jon Fosse er no ein ting, eg kan nytte noe så simpelt som meg sjølv som døme: Eg kjenner ikkje på nynorsken som primært eit språk som skal skilje meg frå dansk elitepåverknad eller som eit mål for dialekta mi, men primært som eit språk som ber med seg verdiane eg har vokse opp med der eg kjem frå, og som har språkestetiske ideal som dermed både plasserer meg og gjev meg identitet, i tillegg til at desse estetiske ideala skil det frå både engelsk og bokmål og gjev meg eit anna repertoar. Dette er med på å gje tankane mine andre former og det språklege uttrykket for tankane ein annan musikk enn det både bokmål og engelsk gjer. Nynorsken er ikkje dermed betre og bokmål/englesk dårlegare, men det er annleis. Denne annleisheita, heimekjensla, estetiske kompassnåla, kan ein nytte både på bokmål, engelsk og nynorsk, og eg trur at nynorsken er ein viktig berar av alle desse ideala for svært mange i Noreg, slik bokmålet er det for andre.

Uansett. Eg trur både nynorsken og bokmålet kan overleve, som to viktige skriftspråksinsitusjonar med lik reell status, og med den statusen nynorsken har fått som skriftspråk, meiner eg attpåtil at det er svært viktig, om ikkje av dei same årsakene som for 150 år sidan. Spørsmålet om karakterfesting kan bli eit spørsmål om koss og når i utdanningsløpet, snarare enn om.  Vidare kan ein bringe spørsmålet om sidemål (les: nynorsk) vekk frå feltet til blårussen, der ein trur språk berre handlar om flat transport av nøytrale idear mellom hovud, og der ein trur dette kan reknast om i effektivitet, kroner og øyre.

norskfaget, sidemål, skule ,