Konferansen med verdas tøffaste namn…
… Antikonferansen, blei gjennomført i dag, der nokre av oss som på ein eller annan måte interesserer oss for og arbeider med IKT i læring samla oss på Gardermoen, sponsa av IST (som dermed muleggjorde reisa til Gardermoen for dei ulike deltakarane). Leif Harboe var primus motor, og vel den som heiv ut ideen om ein kjettarkonferanse i første omgang (?). Fleire av deltakarane, om ikkje alle, hadde norskfagleg tilknyting, og fleire av innlegga med påfølgjande diskusjonar dreidde seg derfor om norskfaget.
Anti-elementet i denne forsamlinga handla om ulike utfordringar i skuleverket, som ein ser eit behov for å imøtekome. Utan at dette er ei uttømmande liste over det som blei drøfta, heller subjektivt og fritt etter hausen, here goes:
- Evaluering er ei utfordring — evalueringa er gjerne læringssynets påtrengande og plagsomme sannheitsvitne, og legg sjølvsagt tydelege føringar for koss undervisinga skal skje. Koss tenkjer ein om avsluttande evaluering, og kva mulegheiter gjev (ulike variantar av) mappemetoden? I mi nokså steile motvilje mot evalueringa av skriveferdigheitene til norskelevane i vgs. gjekk eg nok litt arrogant ut mot eksamen/avsluttande vurdering og for ei eller anna form for mappevurdering, sjølv om nok kjerna av det eg meiner blei ivaretatt. Det er ikkje alltid like lett å finne stallplass til kjepphestane sine.
- Den alltid tilbakevendande diskusjonen om arbeidsbøra til norsklærarane kom opp, der dei fleste som har jobba med dette faget i skulen meir eller mindre har kjent koss det er å nesten knekke ryggen frå tid til anna. Fleire idear kom her opp, mellom anna måtar å før-jobbe med tekstane på, snarare enn å kvele elevane med tilbakemeldingar som dei likevel ikkje kan nytte direkte i teksten tilbakemeldingane er knytt til. Både Margreta og Marita hadde gode innspel her, sistnemnte har jo blitt norsklærarkjendis gjennom å peike på det ofte meiningslause slitet det er å rette norskstilar.
- IST presenterte eit prosjekt dei har saman med nokre skular (Sandvika vgs. mellom anna), der dei har utvikla eit Netvibes-liknande grensesnitt for å orientere seg i info-jungelen i skulen. Grensesnittet er meint å kommunisere (og gjer det også alt, til dels) med LMS-ane, slik at både lærar, elev og føresette kan setje saman relevante skjermbilete for sitt info-behov. Det såg svært smart ut.
- Ingunn kasta ut nokre tankar om eit undervisingsprosjekt over eitt år der ei utvald gruppe (motiverte) elevar i stor grad jobbar med W20-verktøy i norskfaget — deling, kommunikasjon, samarbeid, remix; på mange måtar eit genuint antiprosjekt. Dette prosjektet kan tenkjast som eit prosjekt fleire er involvert i, til dømes ved å involvere Kunnskapsdepartementet (ved Øystein Johannessen, som ein aktiv deltakar både på denne konferansen og i nærskylde diskusjonar og problemstillingar i bloggosfæren), fleire lærarar med liknande tankar om undervising, og ved å involvere forskarar, som til dømes meg, som kan nytte situasjonen som empirisk materiale.
Fleire gode moment blei drøfta og presentert, og eg måtte gå litt tidlegare enn dei andre, men eg er viss på at vi som deltok kjem til å drøfte dette på våre respektive bloggar.
Sjølve tanken om å ha eit forum for kjetterske idear synest eg er god. Og June (frå Hordaland fylkeskommune, som òg deltok med sine sedvanlege skarpe og gode innspel): Sidan du reduserte eigedomen eg har kjøpt frå eit stolt, men lite småbruk til eit lite, vesalt gardstun: Neste kjettarkonferanse kan vi ha på høyloftet på låven min, småbruk eller ikkje. Eg lover WiFi, lunsj og god kaffi!






