Archive

Archive for the ‘gadgets’ Category

For oss som liker ting

November 19th, 2008

er dette ei historie som appellerer både i form og innhald, vil eg tru (via lenketips frå Guttorm Hveem):

gadgets, humor ,

Disruptive technologies: Lån ut ein VADO til ein skuleklasse og sjå kva som skjer

October 16th, 2008

For nokre veker sidan gjekk eg til innkjøp av ein Creative VADO; ein liten, billeg (rundt 700,-) og svært portabel videoopptakar. Denne er interessant av fleire grunnar; låg pris, liten storleik, 2 timar med opptak før plassen og batteriet tar slutt, og svært enkel tilkopling (USB) og overføring av filer til datamaskina. Eg ser sjølv at eg oftare grip til VADO-en enn det langt betre Canon-kameraet eg har heime, nettopp av desse årsakene,  trass i at VADO-en berre har VGA-kvalitet.

I samband med eit etterutdanningsstudium i IKT og læring her på UiS, der ei gruppe studentar skal lage film med elevane sine, har eg då lånt ut dette kameraet, mot at eg får tilgang på data frå opplegget deira (elevarbeid, primært, men det hadde òg vore interessant å observere elevane i prosessen). I motsetnad til eit kamera i klassen over, kan VADO-en gå på rundgang og kjapt få det som er filma inn i programvaren dei skal nytte — å gjere dette med kameraet som ligg nedlåst på inspektørens kontor, og som gjerne nyttar Mini-DV-tape, er ein heilt annan prosess.

Sjølve prosjektet er todelt: Elevane (tre trinn, frå 5. til 7.) skal først nytte VADO-en til å ta opp nokre relativt vilkårlege filmsnuttar for å lære seg litt elementær filming. Desse filmsnuttane bruker elevane deretter som ein del av opplæringa i programvaren, som i dette tilfellet er MovieMaker, men som i prinsippet, og som eg skal dra studentane igjennom seinare i semesteret, kan vere nettbaserte filmredigeringsprogram, med heilt andre mulegheiter for deling, etc. (Eg tenkjer her til dømes på verktøya som ein har tilgang til gjennom tenester som www.creaza.no.)

Når dei har øvd på å importere desse filmsnuttane, klyppe dei, lage overgangar etc., er det meininga at dei går opp ein divisjon i kameratype, og nyttar eit betre kamera til å lage sjølve filmen, framleis gruppevis. Filmane dei lagar skal visast på ein PC i samband med eit Grunnskolens uke-arrangement, og dei ulike filmane elevgruppene lagar skal dreie seg om eitt bestemt tema.

Dei går altså vekk frå VADO-en når sjølve filmen skal lagast, noe eg ikkje nødvendigvis trur er verken lurt eller naudsynt. For det første skal filmane visast på PC som ein del av ei utstilling, og eg trur VGA-kvaliteten er god nok til dette, og at målgruppa òg er vande med slike filmformat. For det andre opnar denne klassen videokamera for ei ny bruksdimensjon — det er lite, lett, lagar små og lette videofiler, som enkelt kan overførast og lastast på nett. Dette er ein type disruptivitet som lett kan ete seg inn i eit segment ved at det muleggjør bruk der eksisterande teknologiar ikkje eller vanskeleg muleggjer bruk, som til dømes dei dyre, tape- eller disk-baserte kameraa. VADO-en har god nok kvalitet til denne bruken, og ut over det gjer han alt mykje betre og enklare enn storebrørne, og opnar for andre typar bruk/andre domene, mykje likt disruptive teknologiar som Google Documents osv.

Uansett blir det eit kjekt, lite prosjekt å følgje eit par veker framover.

gadgets, skule , , ,

Gadgets for syklistar

October 12th, 2008
<i>Ikkje akkurat jordnøttolje<i/>

Ikkje akkurat jordnøttolje

Wired listar opp 10 av dei hippaste gadgetane for syklistar med ein hang til hi-tech. Eg er vel i denne kategorien; i alle høve er eg ein entusiastisk jobb- og trimsyklist, der eg rullar igjennom trafikken og viser fingeren min i aust og vest til irriterte rush-sjåførar, ikledd ei svært upassande gul og svart klesdrakt med polstring bak. I løpet av om lag 2,5 mil til dagen er eg ei livsfarleg rushtidshumle, lett overvektig, framtung og med temperament som ei dørvakt.

Skuffande er det likevel at desse gadgetane er svært så lite gadget-aktige. Eg har lyst på ting som blinkar og pip og målar eitt eller anna, samstundes som det som blir målt kan visast i sanntid på eit display. Gje meg geotagging, snittverdiar, vanntette fargedisplay og mulegheiter for publisering på weben, ikkje testikkelolje og multiverktøy. Sykkelcomputeren min er for kjip. Eg vil ha noe som ein terminator ville ha brukt, hadde han sykla.

gadgets, sykkel ,