Archive

Archive for the ‘animasjon’ Category

Den som hadde nokre gode ettermiddagar fri!

November 25th, 2008

Dagen i dag har vore brukt til ei samling i Lærende nettverk Rogaland, der eg presenterte programma GoAnimate og Voicethread for IKT-ressurspersonane tilknytt dette nettverket. Vel og bra — program som GoAnimate er som regel ein hit, og gir deg mange mulegheiter og timevis med moro, sjekk til dømes Leifs blogg for døme på GoAnimate i undervisinga.

Likevel: Seint på dagen, og med alt for lite tid tilgjengeleg, fekk vi ein intro til stop motion-animasjon (tenk til dømes Wallace and Gromit) av dei to (har ikkje namnet i farta) som driv initiativet Kreativ film (www.kreativfilm.no) ved Gosen skole i Stavanger. Kreativfilm.no vann ITUs kreativitetspris i år, og har drive med stop motion-animasjon med elevane sine (heile spekteret av elevar, frå villmink til puggas) sidan 2004. I løpet av ein snau time presenterte dei nokre av tankane bak det dei held på med, og demonstrerte nokre av prinsippa og teknologiane bak denne typen animasjon. 

Eg må verkeleg seie at eg skal kjøpe meg ein svær hatt berre for å kunne ta han av meg for denne gjengen, det dei har laga og det dei framviser av entusiasme og engasjement for kunsten det er å lage stop motion-animasjonar og å bruke dette som ein del av undervisinga. Som grunngjevinga for ITU-prisen peiker på, er Gosen skoles bruk her førebiletleg på mange vis, både når det gjeld tverrfaglegheit, kva dei er i stand til å lokke fram og spele på av kompetanse, og det å involvere fleire elevgrupper i denne typen arbeide. 

Hadde eg hatt nokre ettermiddagar ledige, noe eg ikkje trur eg får før yngstedottera mi på 4 månader er vel over puberteten, hadde eg kjøpt meg ein kopi av iStopMotion og ein klatt med kitt, og laga ein ordentleg konkurrent til Wallace and Gromit på nokre ettermiddagar, nedi kjellaren her. 

Sjekk ut sidene til kreativfilm.no  og ta gjerne kontakt med desse gutane dersom du eller skulen/klassen din vil ha ein intro til eller eit heilt kurs i stop motion-animasjon, i tillegg til eit skot med entusiasme.

animasjon