Lucy in the sky with all her documents and stuff
Eg må innrøme at eg har blitt såpass myke av ein cloud-freak at dei gongene eg ikkje når Internett, når eg verken avtalebok, rette versjonar av dokumenter eller mail. Trist vil noen seie, men sikkert gode nyheiter for anten Telenor, Netcom eller Ice. Eg ser òg at eg i nokre tilfelle skal halde føredrag i lokale der ein ikkje har tenkt på WiFi, men lèt alt vere overlatt til ei stasjonær maskin med noe så 2007 som ein nettverkskabel. Det flotte Bryggens museum i Bergen er eit døme på dette, der ein har tenkt på alt ned til mjølet i vaflane i kantina, men ikkje på at føredragshaldarar i det framifrå auditoriet treng å kome seg på nett frå si eiga maskin.
Så, er det noen av dykk som har erfaringar med mobilt breiband og kan gje klåre og entusiastiske frå- eller tilrådingar?

