Archive

Archive for the ‘ndla’ Category

del&bruk & NDLA

February 27th, 2009

d&b Ingunn tok som kjent eit godt initiativ for eit par veker sidan, då ho oppretta ning-nettverket del & bruk (d&b), ein dele-, diskusjons og hang-out-nettstad for lærarar, skuleleiarar og andre som er tilknytt skule og utdanning på eitt eller anna vis. D&B opplevde i løpet av dei første dagane eit aldri så lite rush av påmeldingar, og er i skrivande stund oppe i 336 medlemmer, som etterkvart har byrja å organisere seg i interessegrupper (norsklærarar til høgre, engelsklærarar til venstre, one cross each). Eit godt initiativ, som òg har gått heim som ein god idè av kunnskapsministeren i Noreg.

Då Nasjonal digital læringsarena (NDLA) for nokre år sidan fekk initierings-/stimuleringsmidlar av Kunnskapsdepartementet, var det mykje takka vere ein søknad som argumenterte for digitale læremiddel designa rundt eit sosialkonstruktivistisk læringssyn. For å oppnå dette skisserte søknaden (som seinare blei materialisert som NDLA) ei todeling i læremiddela: a) eit redaksjonelt godkjend læreverk (fram til no kalla “lag 1”) laga av lærebokforfattarar eller liknande, og b) ein arena for samarbeid og deling, både for lærarar og elevar (først kalla “lag 2,” no kalla “delingsarenaen”). Denne arenaen blei tidleg tenkt som ein slags wiki, med ulike måtar og verktøy for å kommunisere, dele, skape ulike typar innhald direkte i nettlesaren, etc. Mykje av hovudpoenget med NDLA, slik eg ser det, ligg i denne delings- og samarbeidstanken.

Eit par morosame moment kan nemnast her. For det første var dei av oss som jobba med dette (og mange av oss jobbar med dette enno) nokså visse på at ein delingsarena var ein god idè, og at dersom det blei rett gjennomført, ville lærarar landet over sjå nytta i dette. D&B har no sust inn frå venstre som eit prov på dette, og kan hende òg ein konkurrent. D&B har fordelen av å vere frispelt frå alle dei føringane som automatisk knyter seg til prosjekt som er offentlegd eigd og finansiert, har provosert og skapt merksemd. D&B vil heller aldri blande seg inn i kvardagen til ei så konservativ yrkesgruppe som lærarane på den same måten som NDLA gjer det, som i nokre fylkeskommunar blir lansert som eit læreverk alle skal nytte: Ved å vere frivillig er det lett å unngå både forpliktelsar og kritikk, sidan dei gamle hovudfagsutdanna skinnvestane tar nøkkelknippa si og går andre stader. Og det er bra; alle som er med er med.

Eit anna moment er dette: Initiativ som D&B slepp òg kritikken som har kome nettopp mot delingsarenaen til NDLA frå Utdanningsforbundet, som nokså kategorisk har fråråda lærarane sine å dele. Deling vil seie det same som å jobbe gratis, og det vil ikkje fagforeininga ha noe av. Pedagogiske vinstar? Irrelevant. Interessante læringsteoretiske og –politiske initiativ? Gløym det.

Likevel: Det morosame i denne samanhengen, og ekstra morosamt for dei av oss som har deltatt i diskusjonane med Utdanningsforbundet, er at kunnskapsministeren vår, Bård Vegar Solhjell, roser nettopp eit slikt initiativ som dette som innovativt. Er det ikkje tankevekkjande at dei fleste av oss (dykk, for eg er ikkje medlem av Utdanningsforbundet lenger) er organisert i ein organisasjon som dreg i motsett retning?

Så får vi sjå, Ingunn og de andre som legg mykje tid ned i å vere moderatorar i D&B, kor grensesnittet kan gå mellom D&B og delingsarenaen, som framleis for øvrig jobbar med å kome over spørsmål om til dømes personvern, opphavsrett og dei nemnte kjepphestane til Utdanningsforbundet – spørsmål D&B i si blotte frivilligheit slepp å forhalde seg til. Eg trur, heilt for eiga rekning, at det ikkje er rom for begge to heilt uavhengig av kvarandre – det er ikkje så mange potensielle bidragsytarar til slike delenettverk i andedammen vår, jamfør bloggposten og den påfølgjande diskusjonen hos Jørn. Kan hende viser dette at slike initiativ ikkje kan institusjonaliserast – at fylkeskommunalt vedtatt spontanitet ikkje er greia? Eller kan hende kan ein kombinere det spontane og fritt initierte, friviljuge og fandenivoldske med trygg lagringsplass, open kjeldekode og eigarskap til innhald?

d&b, ndla, utdanningsforbundet , , ,

Dei hemmelege skuletekstane og NDLA

December 10th, 2008

I kveld går turen til Oslo, der vi skal ha eit par dagar med NDLA-arbeid på dagtid (og der eg skal prøve å bruke ettermiddag og kveld på strukturert artikkelskriving. Yeah, right). Nytt batteri i den etterkvart tilårskomne Mac Book-en og mobilt breidband frå Telenor skal borge for tett kontakt med The Matrix når eg måtte ønskje.

Ein del av arbeidet for tida vil handle om det som før blei kalla “lag 2″ i NDLA, men som no blir kalla delingsarenaen, av strategiske og pedagogiske årsaker. Delingsarenaen blir testimplementert i månadane som kjem, før tanken er å lansere det som ein del av NDLA. For dei uinnvigde: Lag 1 i NDLA er det som du finn og vil finne her, altså redaksjonelt utarbeidd/godkjend lærestoff presentert i eit nokså tradisjonelt lærebokformat. Det vil seie: Informasjonselementa (bileta, tekstane, oppgåvene, filmane, etc.) er lagra/organiserte slik at det er relativt enkelt å lage fleire vegar inn i stoffet. Det er til dømes interessant å kunne søke på alle oppgåvene som er laga på taksonominivå X, som handlar om emne Y og som er berekna på gruppearbeid over ei veke på det aktuelle klassetrinnet. Dette er det reint teknisk lagt opp til. Dette gjeld altså “lag 1,” det nokså tradisjonelt orienterte lærestoffet.

Rosina i NDLA-pølsa (ein metafor eg ser det er vanskeleg å få noe godt ut av) er etter mitt skjønn delingsarenaen. Her er det meininga å skape rom for å jobbe med ulike typar tekst, informasjon, tilnærmingar og metodar på nett, og hale det som skjer i klasserom og på arbeidsrom ut i den verkelege verda fylt av ekte folk. Elevane i skulen er i ferd med å danne og utdanne seg sjølv i dei teknologiane for lesing og skriving som no siv inn og overtar mange av rollene eldre tekstteknologiar har hatt, medan skulen så langt har halde på den hemmelege tekstkulturen sin: Ingen skal sjå teksten anna enn ein lærar, absolutt ingen skal bruke han vidare, og det meste du gjer skal du gjere i full einsemd. Stikk motsett av koss vi jobbar med tekst og informasjon i den verkelege verda, med andre ord. Ein viktig del av denne hemmelege kulturen er sjølvsagt behovet for kontroll, i eit regime der alle elevar i utganspunktet er truande til å bryte denne kontrakten av einsemd gjennom juks, altså det som for resten av levetida deira blir kalla samarbeid og kjeldebruk.

Delingsarenaen er då meint som eit forsøk på å opne opp skuletekstane mot resten av verda, eller å kople desse storleikane. Elevane har med desse digitale tekstteknologiane ikkje berre kraftige reiskaper til å tolke og sortere verda for seg sjølv som ein del av sin eigen tanketeknologi, men dei har fått høve til å bringe sine eigne tankar ut, mulegheiter til å skape og påverke — både ei innoverretting og ei utoverretting i tankeverksemda si ved hjelp av desse literacy-teknologiane. Dersom målet med skrive- og leseopplæring, eller danning i det heile, er å ruste elevane til å bli kritiske og deltakande menneske som kan nytte kunnskapane sine til å gjere verda betre, kan ein etter mitt skjønn ikkje late vere å utnytte akkurat dette potensialet (for det er trass alt berre eit potensiale) i digital teknologi. Ein kan heller ikkje late danninga i desse skriveromma vere opp til elevane sjølv, som tekstkulturar som heile tida befinn seg under skulens radar. Vi treng både skriverom og språk for å snakke om dette, men har eigentleg i skulen ingen av delane.

Her er sjølvsagt fullt av skjær i sjøen. Er det i det heile muleg å tenkje seg at fenomen som har vokse fram som sjølvmotiverte aktivitetar (tagging, folksonomi (til dømes rating av artiklar), deling) kan takast inn i skulen, eller blir det berre nok eit forsøk på å skulifisere ein kultur som høyrer til andre stader? Kor interessant er det eigentleg å blogge når det er norskleksa til neste veke? I tillegg er jussen i det å leggje ut elevarbeid ei utfordring. Alle er i delingsarenaen knytt opp mot sin eigen identitet, og ingen kan vere anonyme. Elevane er verna av personopplysingslova, og mykje av det vi ser av sjølvmotvert skriving på nett inneheld så myke sensitiv informasjon at det blir vanskeleg å leggje dette ut som skulearbeid, ope og ikkje-anonymt. Ei anna utfordring er å formidle desse ideane til dei som skal bruke dette i skulen. Dette kan vere svært vanskeleg, når ein her opererer med ulike kunnskapsideal og når språket og termane mellom dei ulike tradisjonane er inkommensurable. Det liknar mykje på førestellinga om ulike paradigme, dette.

Eg trur uansett ikkje på å prøve å lage Facebook for skulen, men å vere heilt tydeleg og klår på at dette er skule. Likevel trur eg at det går an å vere like tydeleg på å formidle at skulen er ein del av verda utanfor klasserommet, og at utdanning ikkje er fråkobla verda. Å samarbeide på tvers av studieprogram og fylkesgrenser om ein fagleg wiki vil såleis (som eitt av fleire døme) kunne vere ein aktivitet som reelt har ein funksjon for elevane, både som prosess og produkt, og som ikkje er adskilt frå idear, metodar og teknologiar utanfor skulen, men ein del av ein heilskap. Ein vil sjølvsagt aldri kunne skape den same entusiasmen rundt tekstane på denne arenaen som eleven har rundt sin eigen blogg eller i dei situasjonane dei chattar med vener på ettermiddagen, men det er heller ikkje naudsynt, viss ein greier å skape meiningsfylte arbeidssituasjonar og synleg- og levandegjere dei overordna måla ved det å gå på skule i det heile. Og å ta høgde for vandalisme og andre slagsider av det å kaste seg ut på nettet på denne måten er ein del av heile dette digitale danningsbiletet — kvifor ikkje lære å forhalde seg til ulike nivå av dette i skulen?

Eg er usikker på om ein delingsarena som dette vil kunne bidra til dette, men eg er i alle høve sikker på at dei hemmelege tekstane og haldningane til elevar som suspekte personar ein har behov for å sperre inne og kontrollere ikkje er vegen å gå.

literacy, ndla, norskfaget, skule , , , , ,

Dei opne alternativa: LMS 2.0

November 24th, 2008

Først av alt vil eg bekjenne mi jomfruelegheit i forhold til heile problematikken kring fri/open programvare, sjølv om eg meiner eg ser noe av ideen bak, økonomien i og fordelane med denne open source-rørsla. Ideen med mykje av det NDLA legg ut på sine sider, sjølve rosina i NDLA-pølsa etter mitt syn, er jo i slekt med dette — altså at ein står fritt til å gjenbruke det NDLA sjølv produserer i kva (ukommersiell) samanheng som helst.

Eit lite og enkelt døme på koss dette kan bety noe: Førestill deg til dømes at (fylkes-) kommunen din bestemmer seg for å byte frå it’s learning til Fronter eller ein annan LMS-leverandør, eller at du byter til eller vil samarbeide med ein skule som nyttar noe anna. Du har gjennom eit par år arbeidd opp ein nokså solid samling læremiddel i faget ditt i it’s learning, og mykje av dette er medierikt og levert til og integrert i it’s learning av eitt eller anna forlag. Slike initiativ ser vi jo frå forlaga, der dei anten sel dette som pakkar tilknytt lærebøkene, eller som pakkar integrert i eit LMS, gjerne innkjøpt av fylket/kommunen. I det kontoen din blir avslutta på it’s learning har du i verste fall då tapt heile strukturen du har bygd opp, og alle mediefilene, oppgåvene etc. som du henta frå denne integrerte pakka av forlag/LMS har du ikkje høve til å ta med deg. Av rettigheitsmessige årsaker er det er ikkje berre å kopiere med seg eit opplegg med tekst, animasjonar og oppgåver produsert av Gyldendal for Diglib tilpassa it’s learning.

NDLAs lisensieringsmodell overdrar så å seie det som er produsert av NDLA til offentlegheita. Unnataka er til dømes ein del av det vi kjøper frå forlaga og NRK (så mykje for lisenspengane eg med glede har betalt). Ein ting er no at du og elevane dine kan kome til NDLA på weben, ein annan ting er at du kan lage din eigen struktur i ein LMS, med peikarar ut av LMS’et til stoff som ligg på NDLA-sidene. Slik sett betyr det ingenting om du bruker it’s learning, Fronter eller open kjeldekode-alternativ; lærestoffet, oppgåvene etc. ligg hos NDLA og er oppdatert og fritt tilgjengeleg. Vil du laste det ned og skrive det ut, kan du gjere det. Meiner du at du tilknytt eit bestemt emne treng eit romleg brukargrensesnitt, kan du lenke til stoffet frå (eller leggje det inn i) Google Earth/Maps. Vil du lagre den oppleste teksten som lydspor og distribuere det til dei elevane som treng det sine MP3-spelarar, står du fritt til å gjere det. Igjen: Av rettigheitsmessige årsaker tar du ikkje med deg filene frå forlaga sine nettsatsingar fritt over i andre kanalar/medium som dette — det kostar pengar.

Nok om det. Det eine poenget mitt i denne samanhengen er å tilrå å følgje med på bloggen til Friprogsenteret som du kan lese meir om her. Dei er òg tilgjengelege på Twitter som “friprog.” Dette er eit ressurssenter for bruk av fri programvare både i næring, FoU og utdanning, og er eit svært godt initiativ for å dra det som for mange har tilhøyrt ei hacker- og nerde-verd ned på jorda. 

Det andre poenget mitt her er å spekulere litt i kva alt dette kan tyde for dei av oss som på eitt eller annan nivå bryr oss om spørsmål tilknytt kunnskapsorganisering og utdanning. Eg har alt nemt NDLA, og har i ein tidlegare bloggpost nemnt dei to laga i NDLA — den redaksjonelt styrte lærebokdelen og den brukarstyrte delingsarenaen. Tanken her er å tilby både lærestoff ein kan bruke i ulike grensesnitt og medium, tilpassa eigne behov. I ein litt begeistra augneblink ein søndags ettermiddag lurer eg på kor vanskeleg det kan vere å følgje denne tanken over i LMS-verda, og nytte opne kjeldekode-alternativ til å (sam-) arbeide fram eit LMS 2.0 som svarar betre til behova ein har i ei verd som så tydeleg utfordrar eksisterande organiseringsprinsipp for kunnskapar?

Rammeverket ligg tilgjengeleg (Zimbra, Moodle, Drupal, etc. — NDLA bruker for øvrig Drupal), og tilpassingar til databaseløysingane som er i bruk (som til dømes SATS) er ei enkel sak. Eg kjenner meg nokså viss på at nokre samarbeidande skular/kommunar/fylke kan arbeide fram ein struktur som er langt meir dynamisk både i forhold til tekniske standardar og pedagogiske tankar enn det til dømes tunge, hierarkisk orienterte og svært så Microsoft-retta it’s learning er. I tillegg skulle det undre meg om det blei på langt nær så dyrt. 

Ideologisk og teknisk vil dette kunne gå hand i hand med både pedagogiske og teknologiske initiativ både nasjonalt og internasjonalt, herunder også NDLA, og ein kan tenkje seg eit ope system som samarbeider på tvers av både utdanningsinstitusjonar (1-10, VGS og universitet/høgskule), landegrenser og teknologiske grenser (format, operativsystem, etc.). Ein opnar altså for integrering mot den verkelege verda, ulikt dei første utgåvene LMS med eit organiseringsprinsipp for kunnskapar tilpassa dei siste par-tre hundreåra. Vidare puttar ein investeringar i utvikling av programvare og erfaringar knytt til dette inn i eit system der dette kan gjenbrukast og føre til forbetringar, ikkje i lomma på ein ekstern tilbydar som både får betalt for tenestene og kan halde utvikling og erfaring for seg sjølv, samstundes som det lærarar og elevar produserer gjerne blir låst ned i proprietære format.

Det viktige her er i mellomtida at faglege og pedagogiske (herregud, eg er lei det ordet) refleksjonar legg føringane — altså dei som skal bruke dette i prinsippet er utviklarane, bottom-up. Kva om ein kan designe eit system som opnar for den type samarbeid, deling og kunnskapsorganisering ein faktisk ser eit poeng med i eit digitalt miljø, der elevar og lærarar i heile studieløpet/karriera kan ha tilgang til sine eigne produksjonar, og der ein kan blande kunnskapsmiljø på tvers av fylkesgrenser, både på lærar- og elevnivå? Delar kan vere lukka og knytt opp til administrative system (karakterar, einskilde vurderingssituasjonar, etc.) medan andre delar er opne og kan opptre i samanheng med fleire av dei arenaene vi alt bruker på nett, alt saumlaust integrert. I fleire emne vil det i praksis ikkje trenge å spele ei rolle om elevane er ei lita gruppe frå ein klasse i Oslo medan læraren held til i Finnmark.

Erfaringar eit slikt prosjekt gjer, kan vidare kome skular og land utan vår økonomi til gode og ta tanken om deling skikkeleg på alvor, om eg kan tillate meg å halde fram med litt naiv idealisme her.

Er dette kan hende ei naturleg utvikling av NDLA, der ein ser på ei vidareutvikling av LMS og læremiddel som to sider av same sak?

lms, ndla ,

NDLA og Utdanningsforbundet

November 17th, 2008

Gruppemøte i UtdanningsforbundetEg deltok på ein konferanse på Lillehammer i regi av Utdanningsforbundet førre veke, der eg presenterte NDLA for ei forsamling forbundsmedlemer. Ein viktig del av NDLA-konseptet, og det som skil det frå ideen om ei lærebok på nett, er det som tidlegare blei kalla “lag 2″ men som vi no omtalar som delingsarenaen på NDLA. Vi har altså byrja lanseringa av den redaksjonelt godtkjende lærebok-aktige delen av NDLA, medan delingsarenaen blir testimplementert i haust.

Delingsarenaen er meint å vere ein arena på nett der både lærarar og elevar kan samarbeide om, lese og publisere arbeide av ulikt slag — eit slags wiki-liknande miljø, med mulegheiter for å lenkje mellom tekstar, rangere tekstar etter relevans og interesse, jobbe vidare med tekstar, osv. Tanken her er ein viktig del av det NDLA i si tid fekk midlar for å gjere: Å lansere ein arena for læring med både lærebokstoff  (lag 1) men endå viktigare med ein arena som muleggjer og stimulerer til produksjon og deling, både for lærarar og elevar. 

Det torer vere ei kjent sak at NDLA er omdiskutert, ikkje minst blant forleggjarar, som meiner vi er eit statsforlag som øydelegg ein lærebokmarknad. Eit Google-søk gjev deg referansane til denne diskusjonen. Kan hende litt meir overraskande var det at Utdanningsforbundet (UF) tidlegare i år sendte ut eit brev til alle medlemmane sine der dei fråråda medlemmane å bidra med si arbeidskraft i NDLA. I argumentasjonen knyt dei dette både opp mot delingsarenaen, der dei ser på publisering ope og under ein by-nc-sa-lisens som å gje vekk gratis arbeidskraft til arbeidsgjevaren, men òg til NDLA som heilskap og vår rolle og innverknad på det dei meiner er ein liten marknad for læremiddel. 

Eg opplevde det då som litt merkeleg at min presentasjon av NDLA blei ledsaga av eit nyopptrykk av dette frårådingsbrevet — det låg i ei tjukk bunke på eit bord i lokalet, og ein UF-representant gjorde merksam på kva UF-synet på NDLA var rett etter eg hadde hatt mi økt, og tilrådde alle å ta med seg brevet heim. No såg eg dette kome nokre minutt før eg gjekk på podiet, og brukte høvet til å gjere merksam på heile dette saksforholdet frå første stund, men likevel hadde eg ei slags hòla-til-løva-kjensle under heile presentasjonen. 

Denne uvilja mot NDLA-prosjektet ein ser kome frå ulike kantar, både som skuldingar om statleg/fylkeskommunal sabotasje av ein lærebokmarknad frå ei rekkje forlag (ikkje alle), og som skuldingar om utnytting av lærarar i form av bidrag på ein delingsarena, får eit litt komisk skjer over seg når ein ser kva dei andre som fekk tildelingar av dei same midlane som NDLA fekk gjer med sine midlar, og kva reaksjonar dei får. Oslo var den einaste av fylkeskommunane som ikkje ville vere med på NDLA-prosjektet, men dei fekk midlar til å lage eit matematikkspel, World Beside. World Beside er herleg skåna for kritikk, av di dei har gjort det marknadsvenlege grepet å gjere spelet til ei betalingsteneste.

Ved sida av å vere marknadsvenleg, er dette òg forlagstru og -venleg, ved at dei for det første etablerer seg etter kjende og trygge marknadsmekanismer som ikkje utfordrar nokre modellar for handel og distribusjon, og ved at dei gjer det same mot elevane som forlaga: Dei får statsstøtte for å lage eit produkt dei vil tene endå meir pengar på av skulane.

Her er det mange interessante poeng. Denne forretningsmodellen, å få statsstønad for å kunne utvikle noe som skulane i neste omgang må bruke opp læremiddelpengar på å kjøpe, er fritatt for ein kvar ideologisk kritikk her til lands, anten det no er frå politikarar, kunnskapsarbeidarar eller fagforeiningar og interesseorganisasjonar (som UF og Elevorganisasjonen), medan eit foretak som vil gje tilbake til offentlegheita (gjennom by-nc-sa-lisensen av materialet vi produserer sjølv) det vi har fått stønad for å produsere, blir ståande igjen som ulven som freistar å blåse ned forlagshusa og ruinere valfridomen.

At forlaga ikkje ser at dette er ein marknad for dei (minimum 40% av midla blir brukt på eksterne produsentar, i realiteten meir) er ein ting — dei får no heller gå sin seige død i møte uvitande om at andre bransjar med dei same innstillingane døyr som fluger rundt dei. Men at skulefolk (lærarar, UF, Elevorganisasjonen) ikkje ser at dette opnar for eit mangfald av innfallsvinklar, ressursar og læremiddel i ein situasjon der læremiddela skal vere gratis for elevane, er for meg vanskeleg å forstå.

Mykje det same gjeld denne delingsarenaen. Skal ein utvikle digital kompetanse, og det skal ein, gjer ein ikkje det gjennom å lese om det i ei bok gjeven ut av W. Nygaard, like lite som ein blir from og frelst av å drikke altervin. Ein må endre praksisar, og kome seg ut der det skjer, og der det skjer, altså skriving og lesing i dag, er i stor grad (om enn ikkje berre) i digitale medium. Folk etablerer heildigitale skrive- og lesevanar, tekstsjangrar oppstår som ikkje kan tenkjast på papir, aviser og mediehus reorienterer seg mot nettet, og musikk og film blir konsumert der. Gutenberg-galaksens kontroll over det publiserte og spørsmålet om forfattarskap er kraftig utfordra i digitale nettverksmedium, og det gjev ikkje lenger meining å bruke dei same omgrepa som før for å skildre kva skriving, lesing, forfattarskap og tekst er: Gamle omgrep og praksisar må redefinerast i møte med det nye.

Dette er erkjenningar ein gjer i teorien og freistar å føre inn i skulen gjennom læreplanar og styringsdokument, så kvifor skal ein ikkje gjere det i praksisane våre? Kvifor insisterer vi på den trygge skrivebordsskuffa (som i ny drakt er læringsplattformar som it’s learning) som alle tekstars og skuleoppgåvers endelege mål, når resten av verda beveger seg ut i eit nokså flytande medium for tekst der ein klypper, limar, deltar, deler, tilpassar og gjenskapar? Her handlar det, for å sitere NDLAs prosjektleiar Øivind Høines, ikkje om å dyrke det friksjonsfrie, som vi så trygt og godt gjer i eksisterande kunnskapsparadigme, men om å etablere rom for det kontrollert friksjonsfylte.

Kombinasjonen redaksjonelt kontrollert læreverk og delingsarena som svar på det rommet for kunnskapar, deling, publisering og samarbeid som mange i skuleverket saknar, er ei byrjing på å kome i møte dei krava til digital literacy vi ser samfunnet stiller, og som læreplanane forpliktar oss til å ta alvorleg. Eg ser ikkje at verken forlaga eller Utdanningsforbundet har dette perspektivet i noen av innvendingane dei har mot NDLA. Særleg skuffar Utdanningsforbundet her, der dei overser dei skulepolitiske perspektiva med utspela sine, og reduserer si eiga rolle til ein nærsynt grevling av eit lønnspolitikkdyr.

ndla, skule, utdanningsforbundet , ,