Archive

Archive for the ‘utdanningsforbundet’ Category

del&bruk & NDLA

February 27th, 2009

d&b Ingunn tok som kjent eit godt initiativ for eit par veker sidan, då ho oppretta ning-nettverket del & bruk (d&b), ein dele-, diskusjons og hang-out-nettstad for lærarar, skuleleiarar og andre som er tilknytt skule og utdanning på eitt eller anna vis. D&B opplevde i løpet av dei første dagane eit aldri så lite rush av påmeldingar, og er i skrivande stund oppe i 336 medlemmer, som etterkvart har byrja å organisere seg i interessegrupper (norsklærarar til høgre, engelsklærarar til venstre, one cross each). Eit godt initiativ, som òg har gått heim som ein god idè av kunnskapsministeren i Noreg.

Då Nasjonal digital læringsarena (NDLA) for nokre år sidan fekk initierings-/stimuleringsmidlar av Kunnskapsdepartementet, var det mykje takka vere ein søknad som argumenterte for digitale læremiddel designa rundt eit sosialkonstruktivistisk læringssyn. For å oppnå dette skisserte søknaden (som seinare blei materialisert som NDLA) ei todeling i læremiddela: a) eit redaksjonelt godkjend læreverk (fram til no kalla “lag 1”) laga av lærebokforfattarar eller liknande, og b) ein arena for samarbeid og deling, både for lærarar og elevar (først kalla “lag 2,” no kalla “delingsarenaen”). Denne arenaen blei tidleg tenkt som ein slags wiki, med ulike måtar og verktøy for å kommunisere, dele, skape ulike typar innhald direkte i nettlesaren, etc. Mykje av hovudpoenget med NDLA, slik eg ser det, ligg i denne delings- og samarbeidstanken.

Eit par morosame moment kan nemnast her. For det første var dei av oss som jobba med dette (og mange av oss jobbar med dette enno) nokså visse på at ein delingsarena var ein god idè, og at dersom det blei rett gjennomført, ville lærarar landet over sjå nytta i dette. D&B har no sust inn frå venstre som eit prov på dette, og kan hende òg ein konkurrent. D&B har fordelen av å vere frispelt frå alle dei føringane som automatisk knyter seg til prosjekt som er offentlegd eigd og finansiert, har provosert og skapt merksemd. D&B vil heller aldri blande seg inn i kvardagen til ei så konservativ yrkesgruppe som lærarane på den same måten som NDLA gjer det, som i nokre fylkeskommunar blir lansert som eit læreverk alle skal nytte: Ved å vere frivillig er det lett å unngå både forpliktelsar og kritikk, sidan dei gamle hovudfagsutdanna skinnvestane tar nøkkelknippa si og går andre stader. Og det er bra; alle som er med er med.

Eit anna moment er dette: Initiativ som D&B slepp òg kritikken som har kome nettopp mot delingsarenaen til NDLA frå Utdanningsforbundet, som nokså kategorisk har fråråda lærarane sine å dele. Deling vil seie det same som å jobbe gratis, og det vil ikkje fagforeininga ha noe av. Pedagogiske vinstar? Irrelevant. Interessante læringsteoretiske og –politiske initiativ? Gløym det.

Likevel: Det morosame i denne samanhengen, og ekstra morosamt for dei av oss som har deltatt i diskusjonane med Utdanningsforbundet, er at kunnskapsministeren vår, Bård Vegar Solhjell, roser nettopp eit slikt initiativ som dette som innovativt. Er det ikkje tankevekkjande at dei fleste av oss (dykk, for eg er ikkje medlem av Utdanningsforbundet lenger) er organisert i ein organisasjon som dreg i motsett retning?

Så får vi sjå, Ingunn og de andre som legg mykje tid ned i å vere moderatorar i D&B, kor grensesnittet kan gå mellom D&B og delingsarenaen, som framleis for øvrig jobbar med å kome over spørsmål om til dømes personvern, opphavsrett og dei nemnte kjepphestane til Utdanningsforbundet – spørsmål D&B i si blotte frivilligheit slepp å forhalde seg til. Eg trur, heilt for eiga rekning, at det ikkje er rom for begge to heilt uavhengig av kvarandre – det er ikkje så mange potensielle bidragsytarar til slike delenettverk i andedammen vår, jamfør bloggposten og den påfølgjande diskusjonen hos Jørn. Kan hende viser dette at slike initiativ ikkje kan institusjonaliserast – at fylkeskommunalt vedtatt spontanitet ikkje er greia? Eller kan hende kan ein kombinere det spontane og fritt initierte, friviljuge og fandenivoldske med trygg lagringsplass, open kjeldekode og eigarskap til innhald?

d&b, ndla, utdanningsforbundet , , ,

NDLA og Utdanningsforbundet

November 17th, 2008

Gruppemøte i UtdanningsforbundetEg deltok på ein konferanse på Lillehammer i regi av Utdanningsforbundet førre veke, der eg presenterte NDLA for ei forsamling forbundsmedlemer. Ein viktig del av NDLA-konseptet, og det som skil det frå ideen om ei lærebok på nett, er det som tidlegare blei kalla “lag 2″ men som vi no omtalar som delingsarenaen på NDLA. Vi har altså byrja lanseringa av den redaksjonelt godtkjende lærebok-aktige delen av NDLA, medan delingsarenaen blir testimplementert i haust.

Delingsarenaen er meint å vere ein arena på nett der både lærarar og elevar kan samarbeide om, lese og publisere arbeide av ulikt slag — eit slags wiki-liknande miljø, med mulegheiter for å lenkje mellom tekstar, rangere tekstar etter relevans og interesse, jobbe vidare med tekstar, osv. Tanken her er ein viktig del av det NDLA i si tid fekk midlar for å gjere: Å lansere ein arena for læring med både lærebokstoff  (lag 1) men endå viktigare med ein arena som muleggjer og stimulerer til produksjon og deling, både for lærarar og elevar. 

Det torer vere ei kjent sak at NDLA er omdiskutert, ikkje minst blant forleggjarar, som meiner vi er eit statsforlag som øydelegg ein lærebokmarknad. Eit Google-søk gjev deg referansane til denne diskusjonen. Kan hende litt meir overraskande var det at Utdanningsforbundet (UF) tidlegare i år sendte ut eit brev til alle medlemmane sine der dei fråråda medlemmane å bidra med si arbeidskraft i NDLA. I argumentasjonen knyt dei dette både opp mot delingsarenaen, der dei ser på publisering ope og under ein by-nc-sa-lisens som å gje vekk gratis arbeidskraft til arbeidsgjevaren, men òg til NDLA som heilskap og vår rolle og innverknad på det dei meiner er ein liten marknad for læremiddel. 

Eg opplevde det då som litt merkeleg at min presentasjon av NDLA blei ledsaga av eit nyopptrykk av dette frårådingsbrevet — det låg i ei tjukk bunke på eit bord i lokalet, og ein UF-representant gjorde merksam på kva UF-synet på NDLA var rett etter eg hadde hatt mi økt, og tilrådde alle å ta med seg brevet heim. No såg eg dette kome nokre minutt før eg gjekk på podiet, og brukte høvet til å gjere merksam på heile dette saksforholdet frå første stund, men likevel hadde eg ei slags hòla-til-løva-kjensle under heile presentasjonen. 

Denne uvilja mot NDLA-prosjektet ein ser kome frå ulike kantar, både som skuldingar om statleg/fylkeskommunal sabotasje av ein lærebokmarknad frå ei rekkje forlag (ikkje alle), og som skuldingar om utnytting av lærarar i form av bidrag på ein delingsarena, får eit litt komisk skjer over seg når ein ser kva dei andre som fekk tildelingar av dei same midlane som NDLA fekk gjer med sine midlar, og kva reaksjonar dei får. Oslo var den einaste av fylkeskommunane som ikkje ville vere med på NDLA-prosjektet, men dei fekk midlar til å lage eit matematikkspel, World Beside. World Beside er herleg skåna for kritikk, av di dei har gjort det marknadsvenlege grepet å gjere spelet til ei betalingsteneste.

Ved sida av å vere marknadsvenleg, er dette òg forlagstru og -venleg, ved at dei for det første etablerer seg etter kjende og trygge marknadsmekanismer som ikkje utfordrar nokre modellar for handel og distribusjon, og ved at dei gjer det same mot elevane som forlaga: Dei får statsstøtte for å lage eit produkt dei vil tene endå meir pengar på av skulane.

Her er det mange interessante poeng. Denne forretningsmodellen, å få statsstønad for å kunne utvikle noe som skulane i neste omgang må bruke opp læremiddelpengar på å kjøpe, er fritatt for ein kvar ideologisk kritikk her til lands, anten det no er frå politikarar, kunnskapsarbeidarar eller fagforeiningar og interesseorganisasjonar (som UF og Elevorganisasjonen), medan eit foretak som vil gje tilbake til offentlegheita (gjennom by-nc-sa-lisensen av materialet vi produserer sjølv) det vi har fått stønad for å produsere, blir ståande igjen som ulven som freistar å blåse ned forlagshusa og ruinere valfridomen.

At forlaga ikkje ser at dette er ein marknad for dei (minimum 40% av midla blir brukt på eksterne produsentar, i realiteten meir) er ein ting — dei får no heller gå sin seige død i møte uvitande om at andre bransjar med dei same innstillingane døyr som fluger rundt dei. Men at skulefolk (lærarar, UF, Elevorganisasjonen) ikkje ser at dette opnar for eit mangfald av innfallsvinklar, ressursar og læremiddel i ein situasjon der læremiddela skal vere gratis for elevane, er for meg vanskeleg å forstå.

Mykje det same gjeld denne delingsarenaen. Skal ein utvikle digital kompetanse, og det skal ein, gjer ein ikkje det gjennom å lese om det i ei bok gjeven ut av W. Nygaard, like lite som ein blir from og frelst av å drikke altervin. Ein må endre praksisar, og kome seg ut der det skjer, og der det skjer, altså skriving og lesing i dag, er i stor grad (om enn ikkje berre) i digitale medium. Folk etablerer heildigitale skrive- og lesevanar, tekstsjangrar oppstår som ikkje kan tenkjast på papir, aviser og mediehus reorienterer seg mot nettet, og musikk og film blir konsumert der. Gutenberg-galaksens kontroll over det publiserte og spørsmålet om forfattarskap er kraftig utfordra i digitale nettverksmedium, og det gjev ikkje lenger meining å bruke dei same omgrepa som før for å skildre kva skriving, lesing, forfattarskap og tekst er: Gamle omgrep og praksisar må redefinerast i møte med det nye.

Dette er erkjenningar ein gjer i teorien og freistar å føre inn i skulen gjennom læreplanar og styringsdokument, så kvifor skal ein ikkje gjere det i praksisane våre? Kvifor insisterer vi på den trygge skrivebordsskuffa (som i ny drakt er læringsplattformar som it’s learning) som alle tekstars og skuleoppgåvers endelege mål, når resten av verda beveger seg ut i eit nokså flytande medium for tekst der ein klypper, limar, deltar, deler, tilpassar og gjenskapar? Her handlar det, for å sitere NDLAs prosjektleiar Øivind Høines, ikkje om å dyrke det friksjonsfrie, som vi så trygt og godt gjer i eksisterande kunnskapsparadigme, men om å etablere rom for det kontrollert friksjonsfylte.

Kombinasjonen redaksjonelt kontrollert læreverk og delingsarena som svar på det rommet for kunnskapar, deling, publisering og samarbeid som mange i skuleverket saknar, er ei byrjing på å kome i møte dei krava til digital literacy vi ser samfunnet stiller, og som læreplanane forpliktar oss til å ta alvorleg. Eg ser ikkje at verken forlaga eller Utdanningsforbundet har dette perspektivet i noen av innvendingane dei har mot NDLA. Særleg skuffar Utdanningsforbundet her, der dei overser dei skulepolitiske perspektiva med utspela sine, og reduserer si eiga rolle til ein nærsynt grevling av eit lønnspolitikkdyr.

ndla, skule, utdanningsforbundet , ,