SV seier nei til Photoshop
Alt for mange er misnøgde med kroppen sin, veit vi, og løysinga på dette er ifølgje nestleiar i SV Audun Lysbakken å endre marknadsføringslova slik at bilete som er manipulerte må merkast som nettopp manipulerte. At dette kjem no, er både overraskande og ikkje: Ikkje overraskande av di det no er lett å få auge på og lage eit hylekor kring manipulasjon av bilete sidan det ofte blir gjort i program som Photoshop; overraskande av di dei aller fleste av oss veit at det å justere eit bilete, ein bodskap, eller kva ytring som helst, alltid har vore gjort i alle teknologiar for mediering, lenge før og heilt uavhengig av digitale teknologiar. Kvisefjerning og strekking av bein er ein type juks, om du vel å kalle det juks, som byrjar lenge før biletet blir knipsa.
Det alt for opplagte spørsmålet er då kor ein set grensa for kva ein meiner er manipulasjon og ikkje. Er det no så mykje verre å flytte manipulasjon av bilete, som filter, val av perspektiv, sminke, tildekking, etc. frå fotosettet til Photoshop? Ein ting er å photoshoppe biletet slik at du fjerner urein hud og gjer halsen tynnare (sjå den klassiske og fascinerande Dove-time-lapsen frå ein fotoseanse her), ein annan ting er kameravinkel, filter, lys og sminke.
Bak slike haldningar som Lysbakkens førekjem det meg at det ligg eit svært naivt syn på mediering, der ein på eitt eller anna vis reknar med at baki der ein plass, bak ei kvar ytring (bilete, verbalspråkleg utsegn, film) ligg sjølve den uforfalska og reine verkelegheita, og det er berre snakk om å fjerne nok støy for å kome til ho. I dette tilfellet kan ein bli lokka til å tru at sanninga ligg uforfalska og upåverka av teknologiske/artistiske/redaksjonelle/situasjonaelle/ideologiske val og føringar ein eller annan plass i prosessen før overføringa til ei datamaskin.
Ein av kjepphestane mine når eg snakkar om tekst i digitale medium er denne trongen til å tileigne digitale medium eit siktemål, ei vilje og i alle høve bestemte verdiar, samstundes som ein er meir eller mindre blind for at ei kvar ytring må på ein eller annan måte medierast, og alltid vil stå i ein samanheng. Den reine (papir-) boka som kjelde til sann og rett informasjon er såleis den same saka som det reine og uforfalska biletet av verda, medan dei digitale mediene gjer ytringane falske ved manipulasjon, klypp og lim.
I ei verd som vår med eit mediebilete som vårt: Er det ikkje ein betre veg å gå å opplyse og informere, utdanne, heller enn å forby? Viss ikkje, ser eg jo ikkje anna løysing på Lysbakkens problem enn at ein må ta på alvor trua på det uforfalska biletet av røynda, og forby ikkje berre photoshopping men sminke, diverse perspektiv, bestemte lysvinklar, bestemte fotoapparat og linser, etc. For ikkje å snakke om verkemiddel som ironi og sarkasme, overdriving etc. i verbalytringar, som debattar og intervju.
Vel er eg sosialist, men det får vere grenser

