Archive

Archive for the ‘literacy’ Category

If you can’t beat’em, fuck’em

October 27th, 2009

Via @margreta på Twitter (og her) blei eg gjort merksam på ein artikkel i Utdanningsnytt.no, som i gjennom eit intervju med ein glad IT-rettleiar ved noe som blir kalla Pedagogisk senter i Haugesund, omtalar nok eit system for overvaking av elevars bruk av PC i skulen. Frå før har vi fleire andre system, mellom anna plagiatkontrollane som både skular og universitet lener seg på, implementert i læringsportalane som til dømes it’s learning og Fronter.

Tilbake til denne IT-rettleiaren, som i artikkelen framstår som i alle høve oktobers nyttigaste idiot for den bransjen som skor seg godt på frykt og beven av dette slaget. For, seier han, systemet er “/…/ikke ment som et overvåkningssystem, det brukes ikke sånn,” (rett nok berre for å slå seg sjølv på kjeften eit par linjer under, når han forklårer koss læraren ser på skjermen til elevane: “Det vises tydelig på elevens skjerm når elevens maskin overvåkes av læreren (mi utheving).” Nuvel.)

Sjølvsagt er dette eit overvåkingssystem. Det blir freista framstilt som ein reiskap for å gjere undervisinga betre, men i røynda er både dette og liknande typar programvare (som plagiatkontrollen i it’s learning) eit reindyrka våpen for å oppretthalde ro und ordnung i ein situasjon der nokre er ubekveme med det som skjer.

Problemet her er alle nissane som følgjer med dette programvarelasset:

For det første: Å møte elevar med at alt dei gjer i ein gitt situasjon skal overvakast av di dei nok sannsynleg kjem til å handle uønska, er i seg sjølv eit svært uheldig signal å gje elevane, både som institusjon og som lærar. Dette formidlar eit menneskesyn i alle høve eg ikkje greier å stå inne for, og som den lange humanioratradisjonen eg er innsosialisert i som akademikar seier lite fint om.

Vidare: Å tru at ein løyser problem som handlar om orden gjennom teknologi, er naivt, sjølvsagt av di problema som oppstår ved tilløp til misbruk i klasserommet ikkje har teknologisk opprinning. Som lærar er ikkje oppgåva di å slå av datamaskina når eleven vaskar fisketankar på Facebook eller glor på ei naken rumpe, men å utdanne vedkomande. Det er slik mykje læring i ei naken rumpe.

Dessutan er det òg problematisk å ramme inn arbeidet med ein av dei grunnleggjande kunnskapane, den digitale kunnskapsorganiseringa, med haldningar knytt til frykt og kunnskapsløyse, heller enn med haldningar knytt til potensiale, påverknadskraft gjennom deltaking og kritisk tilstadevere i samfunnet. Deltaking i skriftsamfunnet, for det er dèt dette handlar om, gjev deg mulegheiter og potensiale, og gjev oss andre mulegheiter for å dra nytte av alt det gode du kan skape. Dette er følgjeleg ikkje noe som skal behandlast med mistenkeleggjering. Du kan gjerne vise deg å vere ein idiot, men du er det i alle høve ikkje før du har vist det.

Ein kan derfor heller byrje å lure på kva det er som står på spel her, sidan slike teknologiar ser ut til å ha ei stor tilhengarskare både i skulen og på universiteta. Tja, sjå då på universitetssektoren, som årleg stryk fleire elevar av di plagiatkontrollen gjev for store utslag. Dersom vi no ein augneblink kjøper historiene om at elevane har klypt og limt for mykje frå andre oppgåver og Internett (noe som i seg sjølv er ein problematisk og unyansert påstand):

a) Er ikkje dette i 2009 like mykje eit spørsmål om kva kunnskapssyn ein er interessert i å oppretthalde og forvalte i eit universitetssystem, som det er eit spørsmål om juks? Er den ultimative kunnskapsprøveavlegginga framleis, og eg tillet meg nok ein gong å  påpeike at kalenderen viser 2009, reproduksjonen av pensum, formidla av ein professor, universitetslektor, førsteamanuensis?

b) Kva om ein heller erstatta dei reproduksjonsinviterande oppgåveordlydane (som i våre dagar dreg med seg mistenkjelegheit mot den som avleverer svar, tilrår rein pugg og frarår kjelder) med ordlydar som beint fram krev at studentane nyttar det dei kan finne av kjelder, til å setje saman nye svar heller enn optimale kopiar av fjorårdets A’ar og B’ar?

c) Er det ikkje like mykje eit teikn på at teknologien blir brukt til å finne litt vel liberal kjeldebruk, som at kjeldebruken har blitt litt vel liberal som følgje av teknologien? Kven kan med handa på hjartet påstå at dei i alt akademsik arbeide før 1994 har vore så etterrettelege når det gjeld kjelder som det vil ber elevane om å vere no? Ikkje eg, i alle høve. Heller ikkje Bob Dylan, som i nokre av låtane sine ville ha kome ut med 25% treff i it’s learning. Ei heller William Burroughs, som ope og utan blygsel kalla stjelinga si for sin “cut-up method.” Og denne lista, folkens, er lang.

Eg trur at denne diskusjonen dreier seg om langt fleire ting enn teknologiske løysingar for å hjelpe til litt i undervisinga. Det handlar mellom anna om å kunne oppretthalde og kjempe for eigne posisjonar og kontroll med verkelegheita som ein er sette til å forvalte. Og då blir dette brått ideologisk.

Eg kjenner svært mange på fleire nivå i utdanningssystemet som kjempar for denne kontrollen,  dels av di dei mista den intellektuelle gneisten sin for fleire år sidan, dels av di dei fryktar ikkje berre alt dette rare som ungdommane gjer som dei ikkje forstår, men òg tapet av definisjonsmakt over sitt domene, sitt område.

Ta lesing, mitt domene, som eit døme: Kva er det som står på spel når lesevanane endrar seg frå akademisk godkjende sjangrar til digitale mønster ein ikkje har kontroll på lenger? Jo, for det første makta til å definere kva god og rett lesing er, som lærarane har hatt i mange år. Sjølvsagt skapar dette ein kjensle av uro, avmakt, som gjer at ein grip til kontrollmekanismer. Men det er ikkje berre lærarane og skulen som taper her, men heile bransjar, som i mange år har jobba dynamisk saman med akademia. Lesing handlar ikkje berre å glo på eit papir, det handlar melllom ann òg om økonomi og makt.

Den glade IT-rettleiarens kollega, ein lærar ved ein ungdomsskule, får avslutte med følgjande groteske framtidsscenario, og eg gidd ikkje ein gong gjere dei opplagte referansane til dei verka i verdslitteraturen som forlengst har skildra slike scenarier:

“Her er en del kjekke valg, fortsetter Igland ivrig, og forklarer: – Du kan trykke block all, så blokkerer du både tastatur, mus og skjerm. Dette mener han er en stor fordel dersom elevene skal følge med.”

Kva med å heller ta jobben sin på alvor?

[Oppdatering: Eg burde jo sjølvsagt hugsa at dette emnet blei tatt opp av Jon Hoem for eit par år sidan, sjå her og  her]

kunnskapsorganisering, lesing, literacy, overvåking

Nynorsk og anna djevelskap

April 7th, 2009

NYNORSK STATUS Med kortare og dermed ujamne mellomrom dukkar innvendingane mot nynorsken som skriftspråksnorm opp i ulike artiklar og bloggpostar, og no når lærarane har fått sin superkanal, bloggen, har dei bokmålsentusiastiske og skrivelystne norsklærarane òg fått ein krakk å rope frå. Det vil seie, det er feil å kalle nynorskuvillige norsklærarar for bokmålsentusiastar, for det handlar ikkje lenger om tilhøyrigheit verken sosialt, estetisk eller lingvistisk til det eine eller det andre, ingen kamp mellom bonde og adel, by og land, snakk dialekt og skriv nynorsk — no handlar det heile om økonomi. Dette gjer det ikkje mindre interessant for dei av oss som har ein lingvist i oss:

Leif kjem med eitt av dei siste utbrota mot nynorsk frå norsklærarhald på bloggen sin, der han hevdar han har til gode å møte ein norsklærar som talar varmt for obligatorisk sidemålsundervising i skulen – eg går ut frå at ein her mest av alt snakkar om nynorsken som sidemål.

Det blir retta ulik skyts mot nynorsken her, men det mest interessante synest eg er sjølve argumentet og koss det heng eller ikkje heng saman med den som kjem med argumentet: Vi bør av økonomiske (tid, merksemd og sjølvsagt pengar) grunnar revurdere nynorsken som obligatorisk sidemål. Det er i hovudsak argumentet, underbygd av påstandar som at nynorsken ikkje har kulturell eller praktisk signifikans for folk flest (noe eg for øvrig meiner er ein påstand det vil vere svært vanskeleg å forsvare). Det interessante er at dette argumentet, som i seg sjølv er langt frå nytt, no er blitt heilt mainstream blant dei ein skulle tru hadde eit anna syn på språk som utelukkande eit verktøy for så effektiv overlevering av meining som muleg (som jo sjølvsagt er ein av fleire eigenskapar med språk, men høgst problematisk åleine), altså filologane.

Eg høyrer jo desse argumenta frå blårussen rett som det er, og det finst mange variantar av ein slik røyrmodell for språk. Men fleire av dei store språkfilosofiske erkjenningane handlar vel nettopp om det problematiske ved å redusere språket til noe så enkelt som dette, der ein stadig drøftar språkets rolle i å konstituere verkelegheita(/-ene) vi (trur vi) omgjev oss med, altså ikkje som eit apparat for å dytte rundt objektive meiningar. Å røske språket, anten det no er talt, skrive, dansa eller formidla på andre måtar, ut av den sosiale, materielle og historiske situasjonen det både har blitt konstruert i og bidrar til å konstruere, er altså ei grov forenkling som ikkje tener spørsmålet om nynorsk eller ikkje som obligatorisk sidemål i det heile, eller nokre andre spørsmål om språk, for den del.

Dette rører ved eit anna punkt eg har nemnt over, nemleg kor dette skytset kjem frå. Det lèt altså til, skal ein døme ut frå dette blogginnlegget og fleire av tilsvara, at det no blant språkvitarar er heilt uproblematisk å redusere emnet språk til ein post på eit budsjett som handlar om pluss og minus, kjøp og sal, fort eller seint, effektivt eller ikkje, på lik linje med andre postar i skuleverda som handlar om innkjøp av sparepærer eller ikkje, olje- eller vannbasert fyring, eitt tørk eller to når du er på do, osv. Eg forstår at Siv Jensen trur at ein sparar tid og blir effektive i bokmål av å kutte nynorsk, men at dette no er godkjent argumentasjon blant filologar, skjøner eg ikkje. Eller er eg ekstremt naiv her, og har gått glipp av eit syn på språk blant landets norsklærarar som endeleg får piple fram? (Eg snakkar ikkje om frustrasjonen ved rettebøra og alle formene ein må forhalde seg til i nynorsk, det er eit heilt anna spørsmål.)

Denne forenklinga av verkelegheita blir for meg dobbelt gale når ein veit at mange ungdommar i ein prosess som handlar om å bli sosialisert inn i akademiske tenkjemåtar og ideal, i sin fullt ut forståelege hormonelle latskap og si evige jakt på enklare vegar ut av ulike uføre ein opplever å hamne i i skulekvardagen, grip ei kvar forenkling av denne sorten som gutane blant dei ville ha gripe to nakne jentebryst. Eg synest det er betimeleg å problematisere, men ein står seg ikkje verken i klasserommet eller andre rom som den som strippar diskusjonen for kompleksitet, for det er nok av krefter både i andre fagmiljø i skuleverket og i andre delar av samfunnet som gjer nettopp det. Heile bølgja av New Public Management-idiotar som har skylt innover det offentlege dei siste tiåra, mellom anna.

Konsekvensen er då at elevar i utgangspunktet aldri vil få høve til å kjenne på noe som helst anna enn dårlege vibbar andsynes nynorsk både som prosa- og skjønnlitteraturspråk, gjerne med unnatak av dei som synest nynorsk kling så fint når ein les dikt. Å ikkje søkje balanse og nyansar blir då noe i nærleiken av uansvarleg, når ein i ein svært gylden posisjon robbar dei reelle sjansane fleire av ungdommane vil ha for å sjå på språk gjennom andre briller enn blårussens. Det er faktisk mange elevar som har heilt andre syn på både språk og nynorsk enn det ein gjerne kan bli leia til å tru i slike diskusjonar, og kva sjanse har dei når lærarane heng over dei og fortel dei kor skrekkeleg teit det er å sløse vekk tid på spynorsk?

Men lat meg då stå fram, sidan Leif meiner det er så få av oss, som ein tidlegare lærar i vgs. som alltid har meint at elevar skal ha obligatorisk opplæring i sidemål, anten det no er bokmål eller nynorsk. Dette tyder ikkje at eg finn det uproblematisk å legitimere nynorsken slik ein gjer det i språkhistoria (embetsmann mot bondetamp), eller at eg ikkje synest ein godt kan endre både på rammer, vurderingsformer, tilgang til hjelpemiddel (som Nyno, til dømes), eller beint fram språkimmanente forhold som både lærarar og elevar slit med. Men dette er av prinsippielt andre motiv enn dei økonomiske, og dermed ein heilt annan diskusjon.

No skal det tilføyast at eg veit godt at Leif ikkje meiner å forenkle på denne måten, noe han også presiserer i eit eige tilsvar. Men sidan hansken er kasta, tar eg gjerne duellen.

literacy, nynorsk, språk , ,

Webens litterære toskar: Boka som frelsar

March 14th, 2009

Ei typisk fagbok på skrivebordet mitt. Morgonbladet markerer webens 20-årsjubileum ved å late ei rekkje intellektuelle uttale seg om kva weben har å seie. Eg er svært glad for at så mange akademikarar meiner nettet fører til dumskap og ukonsentrasjon, slik at eg slepp å forhalde meg til desse forenklingane, anna enn indirekte. (Jon lèt til å tenkje noe i den same retninga.)

Igjen ser vi at myta om at overgangen til nye medium (i Platons tid var det den munnlege dialogen som blei truga av skriftspråket) fører til gløymsle, forenklingar og dumskap blir gjenteke. I botnen ligg gjerne førestellinga om bestemte lesemåtar knytt til bestemte teknologiar, som til dømes boka, som alltid blir dregen fram som eit medium for fordjuping og sann erkjenning. Kan hende ikkje så rart i ein kultur som framleis har ein skrift- og bokbasert religion lenka til foten.

Denne oppattakinga av ei forståing eller verkelegheitsoppfatting irriterer meg grenselaust, og er det noe i mitt liv som fører til fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen, så er det nettopp desse endelause utspela om fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen som følgje av Internett. Elise Seip Tønnessen ved UiA hevdar til dømes i bekymring over at færre les bøker, at “i bøker blir ting satt i sammenheng, på nettet kreves det i større grad at du gjør det selv.” Dette illustrerer eitt av dei store feilgrepa i denne diskusjonen: Ein føregjev heilt bestemte lesemåtar både av bøker og av nettsider. Nærare bestemt utleier ein bestemte lesemønster ut av ei oppfatting av koss mediet er strukturert og meint lest: At ei bok inneheld to stive permar på kvar si side av ei framstilling inndelt i suksessive kapittel, tyder etter denne logikken at boka faktisk blir lesen slik.

Eg kan ikkje anna enn å kome med postulat sjølv. Eg les svært mange bøker, hovudsakleg fagbøker, og sjølve leseprosessen min, nettopp når eg er på jakt etter samanhengar og store linjer, er svært langt unna strukturen boka legg opp til. Eg er notorisk utru mot denne strukturen, faktisk, og heldigvis, for eg er av den bestemte oppfattinga av at sanninga, dei store linjene og samanhengane ikkje berre finst i den eine boka. Derfor er mi boklege jakt på sanning og fordjuping vel så hypertekstuell, avbroten og fragmentarisk som nettlesinga, og leseromma mine inneheld bøker med strekar, piler, skrift og gule lappar i, med tilvisingar til notat, andre bøker, nettsider og levande folk som sit på kunnskapar eg treng.

For min del oppstår erkjenningane, dei store linjene og samanhengane i meg sjølv som resultat av mine motiv, mine føresetnader og “encyclopedi” av tidlegare lesne tekstar, mi førforståing og dei kulturelle rammene som omgjev meg. Meininga, slik ein får inntrykk av dei som trur på bokas lineære strukturs fortreffelegheit, blir aldri overført frå bok til sinn. Dette er ei nokså basal kulturteoretisk erkjenning som lèt til å vere gløymt i denne samansausinga av mediets struktur og kunnskapsprosessane som pregar diskusjonane eg har vist til over.

Dette gjeld sjølvsagt òg lesing i andre medium – at det er i møte med ein lesar meininga oppstår kan ein neppe påstå berre å vere begrensa til papirmediet. At ein har eit større kjeldetilfang på nettet (noe som òg er ei sanning med store modifikasjonar) kan umogleg, dersom påstanden stemmer, vere negativt? Eg tiltrur både meg sjølv og andre å greie å samle trådane i motivert og retta lesing på nettet. Og når lesinga er mindre retta mot bestemte mål, synest eg det er heilt greitt at vi alle vaser rundt frå Facebook til Twitter til mailprogrammet til ein halvlesen artikkel og tilbake til Facebook igjen, utan å bli stempla som litterært imbesill.

Eg mistenkjer, som eg ofte gjer når folk uttalar seg om boklesing, at det er ein idealisert lesing av ein i vår kultur opphøga sjanger som ligg til grunn når ein uttalar seg om lesinga, nemleg romanen. Romanlesinga er vel gjerne den type lesing som ligg nærast ein lineær lesemåte, trufast mot intensjonane til forfattaren (for øvrig ein annan idealisert og opphøgd skikkelse i denne kulturen).

Det blir sagt at vår trang til å hive på oss tursko og trakke rundt på allslags stiar om søndagane eigentleg er ein protestantisk arv, ei omsett utgåve av det å pine den syndige kroppen sin for i det heile å kunne kjenne seg fortent til noe, og for å kunne frelse sjela. Ein katolikk vil gjerne klø seg i hovudet og spørje seg kvifor vi ikkje heller tar bilen ein tur. Er opphøginga av boka eit liknande fenomen i ein kultur som er forma rundt ein skrift- eller bokbasert religion, der boka strengt tatt handlar om Bibelen?

Internett, lesing, literacy, web, web 2.0 , , ,

Publiseringskrisa

February 13th, 2009
Printing Press, Thomas Hawk, Flickr (cc)

Printing Press, Thomas Hawk, Flickr (cc)

Petter Gottschalk skriv om dette i Aftenposten i dag, og Espen Andresen kommenterer ypperleg på bloggen sin: Publiseringstradisjonane og -apparata i akademia er i krise. For mange akademikarar står og fell framtida på om du publiserer, og publiseringa er oftast knytt opp til svært tunggrodde tradisjonar og system. Som Gottschalk nemner som eit døme i kronikken; ein artikkel som handlar om ei spørjeundersøking utført i 2008, og som skal inn i eit (meritterande) tidsskrift med fagfellevurdering, vil i dette systemet kunne risikere å hamne på trykk først i 2013, etter rundar med vurderingar og korreksjonar. Kva tyder det for både tilgang på forskingsstoff og kontakt med publikum at ei tolking av stoda i 2008 blir formidla i 2009?

Dette er problematisk på fleire plan. Det er ikkje berre endringar i teknologien som skjer fort for tida, i den grad ein kan lausrive teknologien frå omgjevnadene, og et spenn i tid på 4-5 år før ein idé kjem ut og kan diskuterast kan rett og slett vere destruktivt. I faget eg held på med, treng eg kanalar for formidling og publikasjon som er kjappar enn som så, og det vil eg tru gjeld fleire fagfelt: Politikk, økonomi, teknologi, etc.

Desse endringane handlar ikkje minst, som fleire av oss bloggar mykje om, om koss vi les, koss det vi les blir formidla, og haldningar, tradisjonar, teknologiar og økonomi tilknytt dette med tekst og informasjon i digitale medium. Det er derfor rart at ein i ei tid med så store endringar i medielandskapet nettopp i akademia, med sine behov for å formidle og setje dagsorden, ikkje er blant dei første som tenkjer nytt. Og ekstra rart er det at publiseringskanalane for refleksjonar knytt til digital  tekstkultur  så til dei grader er vikla inn i heilt andre verdisystem. Skal eg publisere ein artikkel som til dømes tar utgangspunkt i observasjonar av ungdommar medan dei nyttar sosiale kanalar på nett, vil dette gjennom tradisjonelle fagfellevurderte tidsskrift kome på trykk eit par år etter at det har blitt gårsdagens nyheiter.

Ikkje minst skuldast dette at fleire og fleire går utanom dei etablerte kanalane med mykje av det dei formidlar, og nettopp nyttar bloggen og digitale nettverk for å  bringe meiningane sine til torgs og få dei drøfta. Å halde på trykte og/eller fagfellevurderte tidsskrift som den einaste kanalen for publisering vil for mange av oss tyde det same som gløymsle, sidan tankane du får på trykk sannsynlegvis har vore drøfta i andre medium for lengst. Gode, (meir eller mindre) akademiske skribentar og bloggarar finst det mange av, og mange bidrar gjennom den sjølvmotiverte, umeritterande publiseirnga si til å setje dagsorden: Tim O’Reilly og Michael Wesch kan vere to utanlandske døme på det. For oss som putlar med digital tekstkultur handlar det om å delta i dei digitale nettverka eller å døy, altså.

Eg synest derfor det er naturleg å spørje seg om det ikkje finst alternativ til dei etablerte rutinene for meritterande publisering, som tar inn over seg det at noe faktisk har skjedd på kommunikasjonsfronten dei siste par hundre åra. I praksis vil jo til dømes ein blogg ha eit slags merittokratisk tilsnitt, i det at ein gjerne kan vise til faktiske og aktivt kommenterande lesarar, sjølve pulsen i ein blogg. Ved sida av dette vil ein blogg gjennom nokre av bloggpostane demonstrere fagleg orientering gjennom litteraturtilvisingar og lenker til andre tekstar/skrivande på nettet. Dermed kan bloggen demonstrere ei større breidd i forskartilveret enn ein gjerne kan i ei artikkelbasert publiseringsliste; her deltar du med både små og store innlegg, er med i diskusjonar på eigen og andres bloggar, og legg ut tankar tilknytt andre relevante aktivitetar, som føredrag, etc. Blogg og tidsskrift kan såleis fylle kvarandre ut, der bidraga, om en overlappande, kan vere av ulik art.

I tillegg, om så var ønskjeleg, går det jo an for eit utval fagfeller å heilskapsvurdere ein persons digitale publikasjon? Ta til dømes Michal Wesch, som eg nemnte over. Dei fleste kjenner kan hende eit par av videoane han har laga, som du enkelt finn på Youtube-kanalen hans. Når ein ser kva bidrag desse er i diskusjonane som handlar om læring i digitale medium, kan ein spørje seg kvifor ikkje slike tekstar skal kunne vere med i ein CV, særleg i samanheng med resten av produksjonen hans, både blogg, artiklar og føredrag. For det er nettopp gjennom formatet og kanalane han har greidd å slå ned såpass breidt og effektivt som det han har gjort. Eg synest det er svært interessant å lese det han skriv i artikkelform, men det er tilsvarande interessant å få med seg resten av breidda i formidlinga hans, ikkje minst den digitale, utradisjonelle. Kva er grunnane til at ein ikkje skal kunne ta inn dette i eit system for kvalitetsvurdering?

Som bloggar er det derfor paradoksalt at eg har eit problem, all den tid interessante folk faktisk kommenterer (ein del av) det eg skriv, og all den tid eg får tilbod om å halde føredrag og konferanseinnlegg som resultat av at bloggen min blir lesen. Slik. No er det sagt, og eg har teknisk sett kasta vekk eit par timar av forskings- og formidlingssida mi, og må tilbake til den eigentlege artikkelen min om Gunther Kress og design i digitale medium, som, viss eg har flaks og jobbar godt, kjem i ein antologi om eit år.

blogg, lesing, literacy, publisering

Dei hemmelege skuletekstane og NDLA

December 10th, 2008

I kveld går turen til Oslo, der vi skal ha eit par dagar med NDLA-arbeid på dagtid (og der eg skal prøve å bruke ettermiddag og kveld på strukturert artikkelskriving. Yeah, right). Nytt batteri i den etterkvart tilårskomne Mac Book-en og mobilt breidband frå Telenor skal borge for tett kontakt med The Matrix når eg måtte ønskje.

Ein del av arbeidet for tida vil handle om det som før blei kalla “lag 2″ i NDLA, men som no blir kalla delingsarenaen, av strategiske og pedagogiske årsaker. Delingsarenaen blir testimplementert i månadane som kjem, før tanken er å lansere det som ein del av NDLA. For dei uinnvigde: Lag 1 i NDLA er det som du finn og vil finne her, altså redaksjonelt utarbeidd/godkjend lærestoff presentert i eit nokså tradisjonelt lærebokformat. Det vil seie: Informasjonselementa (bileta, tekstane, oppgåvene, filmane, etc.) er lagra/organiserte slik at det er relativt enkelt å lage fleire vegar inn i stoffet. Det er til dømes interessant å kunne søke på alle oppgåvene som er laga på taksonominivå X, som handlar om emne Y og som er berekna på gruppearbeid over ei veke på det aktuelle klassetrinnet. Dette er det reint teknisk lagt opp til. Dette gjeld altså “lag 1,” det nokså tradisjonelt orienterte lærestoffet.

Rosina i NDLA-pølsa (ein metafor eg ser det er vanskeleg å få noe godt ut av) er etter mitt skjønn delingsarenaen. Her er det meininga å skape rom for å jobbe med ulike typar tekst, informasjon, tilnærmingar og metodar på nett, og hale det som skjer i klasserom og på arbeidsrom ut i den verkelege verda fylt av ekte folk. Elevane i skulen er i ferd med å danne og utdanne seg sjølv i dei teknologiane for lesing og skriving som no siv inn og overtar mange av rollene eldre tekstteknologiar har hatt, medan skulen så langt har halde på den hemmelege tekstkulturen sin: Ingen skal sjå teksten anna enn ein lærar, absolutt ingen skal bruke han vidare, og det meste du gjer skal du gjere i full einsemd. Stikk motsett av koss vi jobbar med tekst og informasjon i den verkelege verda, med andre ord. Ein viktig del av denne hemmelege kulturen er sjølvsagt behovet for kontroll, i eit regime der alle elevar i utganspunktet er truande til å bryte denne kontrakten av einsemd gjennom juks, altså det som for resten av levetida deira blir kalla samarbeid og kjeldebruk.

Delingsarenaen er då meint som eit forsøk på å opne opp skuletekstane mot resten av verda, eller å kople desse storleikane. Elevane har med desse digitale tekstteknologiane ikkje berre kraftige reiskaper til å tolke og sortere verda for seg sjølv som ein del av sin eigen tanketeknologi, men dei har fått høve til å bringe sine eigne tankar ut, mulegheiter til å skape og påverke — både ei innoverretting og ei utoverretting i tankeverksemda si ved hjelp av desse literacy-teknologiane. Dersom målet med skrive- og leseopplæring, eller danning i det heile, er å ruste elevane til å bli kritiske og deltakande menneske som kan nytte kunnskapane sine til å gjere verda betre, kan ein etter mitt skjønn ikkje late vere å utnytte akkurat dette potensialet (for det er trass alt berre eit potensiale) i digital teknologi. Ein kan heller ikkje late danninga i desse skriveromma vere opp til elevane sjølv, som tekstkulturar som heile tida befinn seg under skulens radar. Vi treng både skriverom og språk for å snakke om dette, men har eigentleg i skulen ingen av delane.

Her er sjølvsagt fullt av skjær i sjøen. Er det i det heile muleg å tenkje seg at fenomen som har vokse fram som sjølvmotiverte aktivitetar (tagging, folksonomi (til dømes rating av artiklar), deling) kan takast inn i skulen, eller blir det berre nok eit forsøk på å skulifisere ein kultur som høyrer til andre stader? Kor interessant er det eigentleg å blogge når det er norskleksa til neste veke? I tillegg er jussen i det å leggje ut elevarbeid ei utfordring. Alle er i delingsarenaen knytt opp mot sin eigen identitet, og ingen kan vere anonyme. Elevane er verna av personopplysingslova, og mykje av det vi ser av sjølvmotvert skriving på nett inneheld så myke sensitiv informasjon at det blir vanskeleg å leggje dette ut som skulearbeid, ope og ikkje-anonymt. Ei anna utfordring er å formidle desse ideane til dei som skal bruke dette i skulen. Dette kan vere svært vanskeleg, når ein her opererer med ulike kunnskapsideal og når språket og termane mellom dei ulike tradisjonane er inkommensurable. Det liknar mykje på førestellinga om ulike paradigme, dette.

Eg trur uansett ikkje på å prøve å lage Facebook for skulen, men å vere heilt tydeleg og klår på at dette er skule. Likevel trur eg at det går an å vere like tydeleg på å formidle at skulen er ein del av verda utanfor klasserommet, og at utdanning ikkje er fråkobla verda. Å samarbeide på tvers av studieprogram og fylkesgrenser om ein fagleg wiki vil såleis (som eitt av fleire døme) kunne vere ein aktivitet som reelt har ein funksjon for elevane, både som prosess og produkt, og som ikkje er adskilt frå idear, metodar og teknologiar utanfor skulen, men ein del av ein heilskap. Ein vil sjølvsagt aldri kunne skape den same entusiasmen rundt tekstane på denne arenaen som eleven har rundt sin eigen blogg eller i dei situasjonane dei chattar med vener på ettermiddagen, men det er heller ikkje naudsynt, viss ein greier å skape meiningsfylte arbeidssituasjonar og synleg- og levandegjere dei overordna måla ved det å gå på skule i det heile. Og å ta høgde for vandalisme og andre slagsider av det å kaste seg ut på nettet på denne måten er ein del av heile dette digitale danningsbiletet — kvifor ikkje lære å forhalde seg til ulike nivå av dette i skulen?

Eg er usikker på om ein delingsarena som dette vil kunne bidra til dette, men eg er i alle høve sikker på at dei hemmelege tekstane og haldningane til elevar som suspekte personar ein har behov for å sperre inne og kontrollere ikkje er vegen å gå.

literacy, ndla, norskfaget, skule , , , , ,

Er du no heilt sikker på at du ikkje kan lese?

November 18th, 2008

Det er mykje om testing av leseferdigheiter i mediene for tida, og vi har dei seinare åra brydd oss svært mykje om dei dårlege plasseringane norsk skule får internasjonalt, til dømes gjennom PISA-testane. Testing av leseferdigheitene har i det heile ein svær plass i eit tekstsamfunn som vårt, av forståelege årsaker: Lesetestar gjev oss informasjon som blir brukt i politiske strategiar på eit overnasjonalt nivå, dei dannar utgangspunktet for tiltak på nasjonalt nivå, vi lagar testar som er meint å kunne seie noe om stoda på lokalt nivå, og skulen brukar lesetestar for å kunne måle lesekunna til ein elev på individnivå.

Kan hende like vesentleg er ein lesetest eitt eller anna institusjonelt og opinionsdannande uttrykk for kva det vil seie å lese, kva lesing er og bør vere. Spør du eit menneske om han eller ho er eit lesande menneske, vil svaret vedkommande gjev mest sannsynleg vere forma av kva vedkomande har opplevd gjennom mange år i eit system som held oppe lesing som noe bestemt, noe du gjer på ein bestemt måte og gjerne til bestemte tider med bestemte artefaktar, og som kan testast og evaluerast — fangast inn — på bestemte måtar. Ofte er dette knytt til artefakten, det fysiske mediet, bok slik vi kjenner boka i akademia både som fagbok og skjønnlitterær bok. Blant folk, ikkje nødvendigvis medvite men som følgje av opplæringa vi som samfunn har gjeve gjennom absolutt alle relevante kanalar, er det å vere eit lesande menneske dermed i særleg grad knytt til boka.

Parallelt med dette må ein kunne seie at tekstomgrepet har vakse seg ut over dei tydingane det gjerne har hatt for oss filologar med didaktiske siktemål, der ein no erkjenner at verda blir både formidla og oppfatta gjennom tekst i utvida forstand (kodar, bilete, lydar), og at ein altså via tekst lærer å kjenne både seg sjølv og alt rundt oss. Dette fokuset på tekst og måling av lesekunnskapar handlar altså ikkje berre til dømes om morsmålsfaglege problemstillingar, men om sjølve føresetnadene for å kunne delta i samfunnet på ein god måte i alle samanhengar: Lesing er ein av dei første og viktigaste nøklane du treng for å kome inn i samfunnet vårt, og denne erkjenninga sprenger tradisjonelle faggrenser: Å lese handlar i dette perspektivet om demokrati og deltaking, om å kunne utvikle deg sjølv om dine mulegheiter, om å kunne rekne, flørte, skrive overlappsrapportar på jobb og lappar til 8-åringen på kjøleskåpet, osb.

I dette perspektivet seier det seg sjølv at det er svært viktig at det vi måler i lesetestane er faktiske lesekunnskapar. Viss ikkje vil vi leggje feil strategiar, og potensielt bruke mykje ressursar på noe som ikkje gjev uttelling. Viss eitt av måla med leseopplæringa til dømes er nasjonaløkonomisk, altså eit ledd i å utdanne kreative og skapande menneske som i løpet av livet sitt kan yte til sitt eige og fellesskapets beste, må vi vere visse på at vi veit nok om det vi held på med til at vi med tryggheit peikar i dei rette retningane. Likeeins viss eitt anna mål er på individnivå: Skal leseopplæringa gje ein person tryggleik og setje han eller ho i stand til å delta i samfunnet og medbestemme over sitt eige liv, då må vi vite at det synet vi har på tekst og koss vi fører eit menneske inn i eit tekstsamfunn er heilt rett. Eller: Vi må vite at vi fører han eller ho inn i det/dei rette tekstsamfunnet/a. Eller ein gong til: Vi må vere samde om kva omgrepet tekstsamfunn rommar.

Over til sjølve lesetestane. Eg yter dei nok ingen rettferdigheit når eg grupperer dei alle under eitt, og eg begår jamvel kan hende grove feil slik, men her er nokre prinsippielle ting som kan seiast uansett. Eg trur for det første at desse lesetestane, som eg var inne på i andre avsnitt over, er eitt av instrumenta som formidlar ut til verda kva lesing faktisk er. Slik sett er lesetesten eit teikn, ei ytring: Lesing er lik det vi her måler. Vidare trur eg at mykje og mange lèt seg fange av dette, meir eller mindre utan vidare. Det vil altså seie at ein stoppar resonnementet kring lesing og samfunnsnytte med desse refleksjonane kring lesing, og jobbar seg utover frå dette utgangspunktet. 

Dette trur eg er ei av årsakene til at vår eigen kunnskapsminister, Solhjell, kan uttalle følgjande, i eit sitat frå Dagsavisen der han snakkar om ITUs nylaga test av IKT-kompetanse:

Jeg har ambisjoner om å innføre nasjonale prøver, men det er mer komplisert å lage en prøve som faktisk fanger opp elevens reelle ferdigheter i IKT, enn for eksempel en prøve i lesing. Den må holde høy kvalitet.

No speler det etter mitt skjønn ei underordna rolle om Solhjell faktisk har sagt dette akkurat slik, det viktigaste her er at eg trur dette er eit syn på lesing som mange har, og som eg har antyda over: Lesing er eit relativt enkelt og uproblematisk område som ein lett kan teste, gjerne knytt til det (kognitivt orienterte) paradigmet i leseforskinga som handlar om avkoding av ordbilete. Det er jo berre å få folk til å sitje i ro og lese ein tekst, og så forstår dei teksten eller ikkje? Og har Solhjell faktisk sagt det slik, noe eg fryktar, er det heile litt verre enn eg hadde trudd.

Kva kan då vere feil med eit slikt syn på lesing? Eg kan byrje med å anta at vi alle vil vere samde i dei heilt overordna måla for leseopplæring i samfunnet vårt — altså som nemnt over eitt eller anna i retning av at ein gjennom lesing opnar for deltaking i samfunnet og personleg utvikling, tilgang til verda rundt deg som er knytt til forståing av tekst, teikn, kodar. Dette må tyde at lesekompetansen vi treng strekk seg langt ut over den du treng for å navigere i tekstkorpusen i eit hefte eller ei bok: Du treng å forstå kodane, normene, hensiktane og verdiane som leisagar den bestemte (gjerne verbale) teksten i den bestemte situasjonen, og du treng i tillegg å kjenne til mulegheitene og begrensingane i mediet som målber bodskapen du skal forstå. Alt dette (og meir til) avgjer forståinga di og mulegheitene til å handle vidare, til å delta i samfunnet rundt deg.

Å setje opp rare skiljer, som Solhjell gjer i utsegna over, mellom “reelle ferdigheiter i IKT” og “lesing,” er derfor symptomatisk på eit akk så vanleg, men innsnevra syn på kva lesing er. Det er slike syn på lesing som fører til at 16 år gamle Ronny, som ikkje utstår romanar men speler nettspel, diskuterer cheats på norske og amerikanske nettsider og mekking på diverse diskusjonsforum på (normalisert) bokmål og dialekt alt ettersom, ikkje ser på seg sjølv som lesar, medan Lise, som les Julia og romantiske bøker vil påstå at ho elsker å lese. Skulen har fortalt dei det, og skulesystemets evalueringsmetodar har ropt det etter dei sidan dei var 6. Det er også i dette komplekset vi finn (det moralske) legitimeringsgrunnlaget for at mora til den 12-13-årige Kvitt eller dobbelt-deltakaren i Narnia-serien kan slå armen rundt sonen sin og uttale stolt at han Even, han kan forsvinne i 6 timar ein dag, og då finn vi han på rommet med nasa i ei Narnia-bok. Byt ut “Narnia-bok” med “WoW” og du har PP-tenesta på telefonen dagen etter. 

Det er vidare i dette leseparadigmet forlaga kan få lov til å drive rein og uforfalska marknadsføring i skulen inn mot eit segment som andre stader i samfunnet har lovpålagt vern mot reklame, ungane altså, gjennom føretak som Leselystaksjonen, ei rein bestillingsbrosjyre frå dei tradisjonelle forlaga, med Norli i spissen. (Sjå diskusjonen på Eiriks blogg om dette.) Bøker har altså fleire moralske plussverdiar heftande ved seg, ser det ut til, medan skjermen har tilsvarande minusverdiar. Dette kan underbyggjast på fleire måtar, mellom anna ved å sitere frå brosjyra til leselystaksjonen Gi rom for lesing (03-07), der digitale tekstar blir skildra som tekstar som er “berekna på rask gjennomlesing”, som er “utan kvalitetssikring,” og som ein nyttar til å “søkje etter bøker på biblioteket,” der ein altså finn kjeldene til eigentleg, rett og sann lesing. 

Den rette og sanne lesinga i denne verda kan vidare problematiserast i eit kjønssperspektiv. I førre veke sto to stolte kvinnelege lærarar på ein av skulane i distriktet fram i Stavanger Aftenblad som vinnarane av dei nasjonale leseprøvane, med klassen sin på landstoppen. Nokre dagar seinare, i laurdagens Aftenposten, kom det fram at klassar med mannlege lærarar gjer det signifikant dårlegare i desse testane enn klassar med kvinnelege lærarar. No er tolkinga av desse faktorane overlatt Senter for økonomisk forskning i Trondheim (SØF), men ein kan likevel spørje seg om dette ikkje er ein del av det same biletet vi ser i resten av skulen, der skulens norsktekstar ofte er jentetekstar. Eg ville i alle høve følgt denne linja eit stykke på veg — leitar du (som SØF antydar i Aftenposten) etter årsakene med utgangspunkt i ein hypotese som seier at mannen er eit karrieredyr som er uinteressert i skuleting, har du i det same andedraget godkjent skulen som ein jenteskule. 

Du har altså ikkje lesing her og bruk av IKT der, begge delar inngår i fleire små og store felt av ulike semiotiske kodar, praksisar, tradisjonar og materielle medium, i ulike situasjonar i kvardagen — ulike diskursar. Og til det overordna målet for lesekunne: Kan hende den oppskatta akademiske (lesetest-) diskursen, den som inneheld alle dei teksttypane, artefaktane og situasjonane vi dusjar ungane med når dei skal testast og evaluerast, ikkje ein gong er ein av dei viktigaste tekstdiskursane for folk flest? Kva om vi lærer dei strategiar for tekstmeistring dei ikkje har bruk for, og som beint fram kan skade dei for resten av livet? Kva om vi skremmer dei frå å oppdage klassikarane som 25-åringar samstundes som at vi innprentar i dei at dei ikkje kan føre ein logisk tanke fram til ein konklusjon på Den Rette Måten? Og kva med lesestrategiane og teksttypane som har oppstått i digitale medium sidan ultimo 2000, som ikkje kan tenkjast på papir, og som har ført til ein enorm tekstproduksjon blant skuleelevar og studentar langt under radaren til skular og akademia, av di vi ikkje har omgrep for å handsame dei ulike aspekta ved slike tekstpraksisar?

Skal testinga ha ein verdi, må langt fleire dimensjonar i det å bruke tekst testast, og dersom det skal kunne gjennomførast, ser eg ikkje anna enn at ein må redefinere og tenkje på nytt heile feltet. Viss ikkje, må ein endre både namn og status på dei noverande lesetestane, og justere effektane og strategiane i kjølvatnet av testane deretter. Å tru at ein måler lesekunne slik ein har halde på til no, derimot, er det einaste eg er nokså sikker på ikkje gjev oss svara på kva lesing er og koss vi bør føre ungar inn i ulike tekstverder.

Dette er ikkje ei problematisering som har oppstått i og med digitale medium, men dagens digitale lese- og skriverom gjer i alle høve problemstillinga hylande openberr.

lesing, literacy , ,