Tilgang til informasjon i utdanninga
Ein kollega og mentor her på universitetet, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, har coina omgrepet “tilgangskompetanse” som eit omgrep for alt det vi treng av kompetanse for å kome til informasjonen, tekstane, som omgjev oss på ein god måte. Eit godt ord, og eit viktig perspektiv, me thinketh: Det er viktig å tenkje tilgangskompetanse for å syte føre at så mange som muleg kan forstå og delta i samfunnet.
I eit teknologisk perspektiv er det fleire hindringar for tilgangskompetansen. På nokre skular/universitet har ein nyss greidd å heve datakompetansen til eit nivå der dei tilsette, altså dei som skal gje dei unge kompetansen dei treng for å delta i verda dei er ein del av, greier å opne e-postmeldingane sine. Dette er digital kompetanse på eit svært lågt nivå, og dersom ein er der nede, har ein ikkje føresetnader for å meine noe om meir grunnleggjande diskusjonar om koss ein som utdanningsinstitusjon skal møte eit langt på veg gjennomdigitalisert samfunn. Derfor strandar ofte diskusjonane kring IKT ofte på banale spørsmål om opplæring på svært låge nivå, medan interessante utdanningsteknologiske perspektiv må vike.
Ei slik utfordring, som eg svært gjerne skulle ha sett som eit eige tema på fleire utdanningskonferansar framover, er spørsmålet om formata vi vel for informasjonen vi lagar. Slik eg ser det er kommersielle aktørar, som til dømes Microsoft, it’s learning, Fronter og Apple, frå ei side sett ein av dei største fiendane til demokratisk og rettvis tilgang til og behandling/tolking av informasjon i digitale medium. Å lukke inne informasjon til dømes i ein LMS tyder å ta eigarskap over det som ligg der, og hindre bruk av informasjonen der fritt og ope. Dersom ein lærar vil arbeide saman med andre, tyder det at det kan gjerast dersom dei andre kan få tilgang til LMS-en, ikkje gjennom opne kanalar der alle har den same tilgangen til informasjonen. Vel kommunen/fylkeskommunen at dei ikkje har råd til LMS-en dei brukar og byter til eit betre tilbod, har du svært begrensa mulegheiter for å ta med deg det du gjerne har brukt år på å lage.
Det same gjeld utdanningsframstøyt frå til dømes Microsoft, der dei pushar i og for seg god programvare som Office og OneNote i skulen, i ein freistnad på å vinne lærarar og følgjeleg marknadsandelar. Ein av presentasjonane eg var på på årets BETT handla nettopp om programmet OneNote, og koss det kunne nyttast i skulekvardagen.
Akademia burde ikkje vere arenaen der slike initiativ har fritt spelerom. Dette er ikkje ein fiendtleg haldning til noe som helst slags marknad for programvare, men i denne konteksten står prinsippa om å gje alle like vilkår og dei same føresetnadene for kunnskap og utdanning høgare enn interessene til programvaremarknaden.
Omgrepet tilgangskompetanse har altså både sosiale, politiske og teknologiske sider, som alle speglar kvarandre gjensidig. Eg skulle derfor gjerne ha sett at alle kommunar og fylkeskommunar brukte opne standardar for all informasjonen (no er det jo ting på gang her i forhold til dokumentformat) ein har liggjande, og at ein la vinn på å late både elevar, lærarar og forskarar ha tilgang til same informasjon, og vite at dei ikkje let seg bruke i kommersielle spel som ikkje bryr seg om desse ideala. I dette perspektivet handlar den digitale kompetansen vi skal gje elevane våre ikkje berre om knotting på datamaskinene, men om mekanismane og ideologiane bak surfinga dei bedriv på nettet.
Altså, i slekt med gode, gamle akademiske ideal, dette: Avdekk både kjelder, resonnement og teknologi i det du gjer, lat det vere ope og tilgjengeleg både for kritikk og vidare arbeid, og dersom dei teknologiske aktørane i denne verda hindrar dette, finn vi nye. Kva hadde det kosta landets fylkeskommunar å opprette, utvikle og drifte ein (til dømes) Moodle-plattform i staden for Fronter/it’s learning?


