Publiseringskrisa

Printing Press, Thomas Hawk, Flickr (cc)
Petter Gottschalk skriv om dette i Aftenposten i dag, og Espen Andresen kommenterer ypperleg på bloggen sin: Publiseringstradisjonane og -apparata i akademia er i krise. For mange akademikarar står og fell framtida på om du publiserer, og publiseringa er oftast knytt opp til svært tunggrodde tradisjonar og system. Som Gottschalk nemner som eit døme i kronikken; ein artikkel som handlar om ei spørjeundersøking utført i 2008, og som skal inn i eit (meritterande) tidsskrift med fagfellevurdering, vil i dette systemet kunne risikere å hamne på trykk først i 2013, etter rundar med vurderingar og korreksjonar. Kva tyder det for både tilgang på forskingsstoff og kontakt med publikum at ei tolking av stoda i 2008 blir formidla i 2009?
Dette er problematisk på fleire plan. Det er ikkje berre endringar i teknologien som skjer fort for tida, i den grad ein kan lausrive teknologien frå omgjevnadene, og et spenn i tid på 4-5 år før ein idé kjem ut og kan diskuterast kan rett og slett vere destruktivt. I faget eg held på med, treng eg kanalar for formidling og publikasjon som er kjappar enn som så, og det vil eg tru gjeld fleire fagfelt: Politikk, økonomi, teknologi, etc.
Desse endringane handlar ikkje minst, som fleire av oss bloggar mykje om, om koss vi les, koss det vi les blir formidla, og haldningar, tradisjonar, teknologiar og økonomi tilknytt dette med tekst og informasjon i digitale medium. Det er derfor rart at ein i ei tid med så store endringar i medielandskapet nettopp i akademia, med sine behov for å formidle og setje dagsorden, ikkje er blant dei første som tenkjer nytt. Og ekstra rart er det at publiseringskanalane for refleksjonar knytt til digital tekstkultur så til dei grader er vikla inn i heilt andre verdisystem. Skal eg publisere ein artikkel som til dømes tar utgangspunkt i observasjonar av ungdommar medan dei nyttar sosiale kanalar på nett, vil dette gjennom tradisjonelle fagfellevurderte tidsskrift kome på trykk eit par år etter at det har blitt gårsdagens nyheiter.
Ikkje minst skuldast dette at fleire og fleire går utanom dei etablerte kanalane med mykje av det dei formidlar, og nettopp nyttar bloggen og digitale nettverk for å bringe meiningane sine til torgs og få dei drøfta. Å halde på trykte og/eller fagfellevurderte tidsskrift som den einaste kanalen for publisering vil for mange av oss tyde det same som gløymsle, sidan tankane du får på trykk sannsynlegvis har vore drøfta i andre medium for lengst. Gode, (meir eller mindre) akademiske skribentar og bloggarar finst det mange av, og mange bidrar gjennom den sjølvmotiverte, umeritterande publiseirnga si til å setje dagsorden: Tim O’Reilly og Michael Wesch kan vere to utanlandske døme på det. For oss som putlar med digital tekstkultur handlar det om å delta i dei digitale nettverka eller å døy, altså.
Eg synest derfor det er naturleg å spørje seg om det ikkje finst alternativ til dei etablerte rutinene for meritterande publisering, som tar inn over seg det at noe faktisk har skjedd på kommunikasjonsfronten dei siste par hundre åra. I praksis vil jo til dømes ein blogg ha eit slags merittokratisk tilsnitt, i det at ein gjerne kan vise til faktiske og aktivt kommenterande lesarar, sjølve pulsen i ein blogg. Ved sida av dette vil ein blogg gjennom nokre av bloggpostane demonstrere fagleg orientering gjennom litteraturtilvisingar og lenker til andre tekstar/skrivande på nettet. Dermed kan bloggen demonstrere ei større breidd i forskartilveret enn ein gjerne kan i ei artikkelbasert publiseringsliste; her deltar du med både små og store innlegg, er med i diskusjonar på eigen og andres bloggar, og legg ut tankar tilknytt andre relevante aktivitetar, som føredrag, etc. Blogg og tidsskrift kan såleis fylle kvarandre ut, der bidraga, om en overlappande, kan vere av ulik art.
I tillegg, om så var ønskjeleg, går det jo an for eit utval fagfeller å heilskapsvurdere ein persons digitale publikasjon? Ta til dømes Michal Wesch, som eg nemnte over. Dei fleste kjenner kan hende eit par av videoane han har laga, som du enkelt finn på Youtube-kanalen hans. Når ein ser kva bidrag desse er i diskusjonane som handlar om læring i digitale medium, kan ein spørje seg kvifor ikkje slike tekstar skal kunne vere med i ein CV, særleg i samanheng med resten av produksjonen hans, både blogg, artiklar og føredrag. For det er nettopp gjennom formatet og kanalane han har greidd å slå ned såpass breidt og effektivt som det han har gjort. Eg synest det er svært interessant å lese det han skriv i artikkelform, men det er tilsvarande interessant å få med seg resten av breidda i formidlinga hans, ikkje minst den digitale, utradisjonelle. Kva er grunnane til at ein ikkje skal kunne ta inn dette i eit system for kvalitetsvurdering?
Som bloggar er det derfor paradoksalt at eg har eit problem, all den tid interessante folk faktisk kommenterer (ein del av) det eg skriv, og all den tid eg får tilbod om å halde føredrag og konferanseinnlegg som resultat av at bloggen min blir lesen. Slik. No er det sagt, og eg har teknisk sett kasta vekk eit par timar av forskings- og formidlingssida mi, og må tilbake til den eigentlege artikkelen min om Gunther Kress og design i digitale medium, som, viss eg har flaks og jobbar godt, kjem i ein antologi om eit år.


