Vått og kaldt, og breiflabb overalt
Eg er i Bergen og deltar på eit kurs på UiB i korrespondanseanalyse (Correspondence Analysis), ein statitsisk datareduksjonsmetode som mellom anna gjer det mogleg å handsame nokså store datamengder og gje dette eit visuelt greitt uttrykk for tolking og utforsking. Dette er eit intensivkurs over to dagar halde av Daniel Apollon, som (heldigvis) ser ut til å bli bi-rettleiaren min. Kjekt, men mykje nytt, ved sida av alt det utanom-metodiske nye på dette digitale fagfeltet.
Bergen har vist seg som ein einaste stor klisjé i heile dag: Høljeregn og på toppen av alt lyden av buekorps oppi gata her. Hadde fyren i hotellresepsjonen kalt seg sjølv Piddi, hadde eg sett meg om etter eit skjult kamera.


