Archive

Archive for the ‘web 2.0’ Category

Webens litterære toskar: Boka som frelsar

March 14th, 2009

Ei typisk fagbok på skrivebordet mitt. Morgonbladet markerer webens 20-årsjubileum ved å late ei rekkje intellektuelle uttale seg om kva weben har å seie. Eg er svært glad for at så mange akademikarar meiner nettet fører til dumskap og ukonsentrasjon, slik at eg slepp å forhalde meg til desse forenklingane, anna enn indirekte. (Jon lèt til å tenkje noe i den same retninga.)

Igjen ser vi at myta om at overgangen til nye medium (i Platons tid var det den munnlege dialogen som blei truga av skriftspråket) fører til gløymsle, forenklingar og dumskap blir gjenteke. I botnen ligg gjerne førestellinga om bestemte lesemåtar knytt til bestemte teknologiar, som til dømes boka, som alltid blir dregen fram som eit medium for fordjuping og sann erkjenning. Kan hende ikkje så rart i ein kultur som framleis har ein skrift- og bokbasert religion lenka til foten.

Denne oppattakinga av ei forståing eller verkelegheitsoppfatting irriterer meg grenselaust, og er det noe i mitt liv som fører til fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen, så er det nettopp desse endelause utspela om fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen som følgje av Internett. Elise Seip Tønnessen ved UiA hevdar til dømes i bekymring over at færre les bøker, at “i bøker blir ting satt i sammenheng, på nettet kreves det i større grad at du gjør det selv.” Dette illustrerer eitt av dei store feilgrepa i denne diskusjonen: Ein føregjev heilt bestemte lesemåtar både av bøker og av nettsider. Nærare bestemt utleier ein bestemte lesemønster ut av ei oppfatting av koss mediet er strukturert og meint lest: At ei bok inneheld to stive permar på kvar si side av ei framstilling inndelt i suksessive kapittel, tyder etter denne logikken at boka faktisk blir lesen slik.

Eg kan ikkje anna enn å kome med postulat sjølv. Eg les svært mange bøker, hovudsakleg fagbøker, og sjølve leseprosessen min, nettopp når eg er på jakt etter samanhengar og store linjer, er svært langt unna strukturen boka legg opp til. Eg er notorisk utru mot denne strukturen, faktisk, og heldigvis, for eg er av den bestemte oppfattinga av at sanninga, dei store linjene og samanhengane ikkje berre finst i den eine boka. Derfor er mi boklege jakt på sanning og fordjuping vel så hypertekstuell, avbroten og fragmentarisk som nettlesinga, og leseromma mine inneheld bøker med strekar, piler, skrift og gule lappar i, med tilvisingar til notat, andre bøker, nettsider og levande folk som sit på kunnskapar eg treng.

For min del oppstår erkjenningane, dei store linjene og samanhengane i meg sjølv som resultat av mine motiv, mine føresetnader og “encyclopedi” av tidlegare lesne tekstar, mi førforståing og dei kulturelle rammene som omgjev meg. Meininga, slik ein får inntrykk av dei som trur på bokas lineære strukturs fortreffelegheit, blir aldri overført frå bok til sinn. Dette er ei nokså basal kulturteoretisk erkjenning som lèt til å vere gløymt i denne samansausinga av mediets struktur og kunnskapsprosessane som pregar diskusjonane eg har vist til over.

Dette gjeld sjølvsagt òg lesing i andre medium – at det er i møte med ein lesar meininga oppstår kan ein neppe påstå berre å vere begrensa til papirmediet. At ein har eit større kjeldetilfang på nettet (noe som òg er ei sanning med store modifikasjonar) kan umogleg, dersom påstanden stemmer, vere negativt? Eg tiltrur både meg sjølv og andre å greie å samle trådane i motivert og retta lesing på nettet. Og når lesinga er mindre retta mot bestemte mål, synest eg det er heilt greitt at vi alle vaser rundt frå Facebook til Twitter til mailprogrammet til ein halvlesen artikkel og tilbake til Facebook igjen, utan å bli stempla som litterært imbesill.

Eg mistenkjer, som eg ofte gjer når folk uttalar seg om boklesing, at det er ein idealisert lesing av ein i vår kultur opphøga sjanger som ligg til grunn når ein uttalar seg om lesinga, nemleg romanen. Romanlesinga er vel gjerne den type lesing som ligg nærast ein lineær lesemåte, trufast mot intensjonane til forfattaren (for øvrig ein annan idealisert og opphøgd skikkelse i denne kulturen).

Det blir sagt at vår trang til å hive på oss tursko og trakke rundt på allslags stiar om søndagane eigentleg er ein protestantisk arv, ei omsett utgåve av det å pine den syndige kroppen sin for i det heile å kunne kjenne seg fortent til noe, og for å kunne frelse sjela. Ein katolikk vil gjerne klø seg i hovudet og spørje seg kvifor vi ikkje heller tar bilen ein tur. Er opphøginga av boka eit liknande fenomen i ein kultur som er forma rundt ein skrift- eller bokbasert religion, der boka strengt tatt handlar om Bibelen?

Internett, lesing, literacy, web, web 2.0 , , ,

Prisen for å få det gratis

February 14th, 2009

free-why-000-is-the-future-of-businessFør jul nytta eg JumpCut saman med ei gruppe fjernstudentar eg underviser, der ei av oppgåvene handla om det å gå andre vegar for å lage rapportar, dokumentarar og forteljande tekstar. I innspurten til studentane kom meldinga om at Yahoo kutta ut JumpCut, sannsynlegvis av kostnadsårsaker. Ein har framleis tilgang til filmar ein har laga, men ein kan ikkje laste opp nye klypp. 

Heldigvis, får eg seie i ettertid, valde dei færraste å nytte JumpCut — dei hadde valet mellom fleire verktøy, og dei aller fleste nytta GoAnimate, ei teneste som har mange likskaper med JumpCut og andre w20-reiskapar: Registrer ein konto for ei gratis teneste, og håp på det beste. I prinsippet ligg GoAnimate i den same risikosona: Legg du ut skulearbeid her, har du ingen garanti for at du finn det igjen når karakteren skal setjast. Verken Jumpcut eller GoAnimate har funksjonar for å laste ned produktet du har laga til disken din, så produkta du skaper, kan du aldri fullt ut eige. 

Eg må nok røme inn at eg ein del av denne generelle optimismen rundt konseptet gratis på nett, og har formidla dette på mange måtar til skulen. Når då dei enkle spørsmåla, som “det kan då ikkje vere gratis,” “kva då om [fyll inn W20-tenesta her] går konkurs” og “er du heilt sikker på at eg alltid får tak i det når det ligg på nett,” har blitt stilt, har eg lett overberande ledd det heile vekk. Konseptet “gratis” følgjer andre reglar enn dei som rår i ein økonomi som er avhengig av verdslege ting som produksjon av fysiske eksemplar, transport, etc. 

Chris Anderson skriv om dette i artikkelen Free! Why $0.00 Is the Future of Business, og får kommentarar til dette av Eirik Solheim, mellom mange andre, som undrar seg over dette med kostnader: Produksjon av eit medieprodukt eller ei datateneste er ikkje gratis. Distribusjonskostnader er som regel noe heilt anna i det digitale enn i det analoge, men det er framleis snakk om tenester som krev fysiske gjenstandar som harddiskar og nettverk, som igjen kostar. Det enkle og billege i distribusjonsdelen blir igjen svært komplisert i merksemdsdelen av forretninga. Påstanden om free as the future of business kokar då ned til mellom anna at du får produkt gratis mot å betale for tenester tilknytt produktet.

Den største investeringsrisikoen i denne økonomien er det likevel du og eg som tar. Dersom du har lagt tid ned i konseptet JumpCut, har du no ikkje høve til å gjere noe meir med det, ikkje ein gong laste det ned. Denne risikoen går du til fleire nettenester med, som til dømes GoAnimate, som fleire lærarbloggarar har brukt. I praksis vil dette òg gjelde Googles tenester, som calendar, documents, etc., sjølv om du her har høve til å eksportere dokumenta og lagre dei på disk. No trur eg ikkje nødvendigvis Google legg ned documents-satsinga si, men mange av oss trudde det same om Notebook, som nyss blei kutta. Og alt eg har av e-post dei siste 4 åra ligg på Googles serverar.

The Economy of Free har altså ein risiko som kan hende er større enn det vi liker å tenkje på. Eg fryktar at denne risikoen aukar i desse finanskrisetidene. Facebook kan stå som eit døme på dette. Det er gamalt nytt at du nesten sel sjela di etter gamal møt-djevelen-i-vegkrysset-modell når du opprettar ein Facebook-konto, og vi har vel eigentleg aldri trudd at biletet frå helgeturen til Amsterdam som ein dårleg kompis la ut skulle kunne kome til å brukast til noe. Men no signaliserer altså Facebook at dei tenkjer å gjere nettopp det, av di dei er nøydde til å ta ut kapitalen vi har sett inn. Nett som Robert Johnson, altså, berre at han fekk noe kulare igjen for sjela si.

Så før noen bruker fritt av bileta av meg på Facebook, vil eg berre seie følgjande: Det var ikkje meg for eg var heime akkurat då, dei to stripene kvitt pulver på spegelen foran han som ikkje er meg er bruspulver, og blondinene til høgre og venstre for meg er uansett tantene mine.

:-)

web 2.0