Apertium
Via gode twitter-buddies (@ingerhilde, som igjen fekk det frå ein elev (!)) blei eg gjort merksam på eit prosjekt, Apertium (sjekk nettsida her og Wikipedia-oppslaget her), for omsetjing av tekst mellom språk. Dette kjenner vi jo frå fleire andre tenester, det interessante her synest eg for det første er at det er eit open source-prosjekt (utvikla med støtte frå den spanske og den katalanske regjeringa, som òg er interessant nok i seg sjølv), og for det andre at eitt av para der det blir utvikla reglar for omsetjing er nynorsk/bokmål.
For berre eitt år sidan snakka vi om den dyre, innelåste og proprietære (så vidt eg veit) Nyno, som truga stilskrivingsparadigmet i norsk skule, og –vips!– så har vi ei opa løysing som ganske sikkert dreg til seg merksemd.
Kvifor? For det første av di det er interessant for fleire å kunne omsetje mellom ulike språk, og spesifikt i Noreg mellom bokmål og nynorsk: Offentlege kontor med sine krav er det mest opplagte dømet når det gjeld det siste. Men òg tenester som handlar om omsetjing av større mengder tekst på nett som no kan bli tilgjengeleg for langt fleire. (Dette har vi forsåvidt hatt via Google translate frå før, men sjølvsagt ikkje mellom nynorsk og bokmål. Ei nyttig teneste, faktisk, dersom du er interessert i å lese ein spansk nyheitsartikkel og ikkje kan språket godt nok til dette.) For det andre av di det er eit ope prosjekt, og (med atterhald om ressursar, ambisjonar og tilknyting til gode miljø) dermed eit prosjekt som kan suse forbi prosjekt som Nyno, som lèt til å vere forankra i ein god, gammal og seig forretningside om sal av dyre lisensar.
I tillegg har dette epistemologiske undertonar i diskusjonane om informasjon, tekst, lesing, kunnskapar og læring i ein digitalisert del av verda. Kva i all verda skal argumenta vere for ikkje å sleppe elevane til med slike verktøy? Argumentet må vere at utviklinga på den digitale fronten kjem til å snu, eller at vi ikkje har noen garanti for at vi har tilgang til desse vertkøya i framtida, og derfor må lære oss dei underliggjande systema.
Eg trur følgjande: Digitaliseringa er ikkje eit eksternt fenomen, lausrive frå resten av verda. Det er ein del av større samanhengar, som ògså skulen er ein del av. Skulen er altså ingen naiv motkultur, som autonomt kan utøve kraft til dømes mot det digitale, men ein del av ein langt større dynamikk. I denne dynamikken kan (må) utviklinga skje, og då må ein her søkje å forstå både samanhengar og motsetnader. Heilt konkret: Å bruke slike digitale verktøy i skulen bør motivere til å skape smartare oppgåver; å plassere dette inn i kanon-tenkjinga og det reproduktive regimet som dominerer store delar av skulen no, er heilt meiningslaust.
På eitt plan er det då ingen prinsipiell skilnad mellom Apertium brukt i språkundervisinga og skyvelæret brukt i snekringa, men det handlar om kva normer, lover og reglar (kva episteme) dette skal tenkjast som ein del av. Her ligg ingen føringar for ikkje å kunne systemet under språket, tvert om bør vi tenkje nettopp dèt, men på ein annan måte.
Vel, nokre døme på nynorskomsetjingar, frå bokmål (riksmål
, som viser både det eine og det andre, men som likevel er lovande. Problema som her teiknar seg er (vil eg tru) svært overkomelege. Tenk dette kopla opp mot regelverk, i eit grensesnitt der du kan jobbe med språket på ein smart måte:
BM: Den siste krig (den 2. verdenskrig) tok livet av den unge mann jeg tidligere refererte til som Per.
NN: Den siste krigen (den 2. verdskrig) tok livet av den unge mannen eg tidlegare refererte til som Per.
BM: Damen, hvis hund het Bella, eide en villa, hvor jeg leide hybel.
NN: Damen, viss hund heitte Bella, eigde ein villa, der eg leidde hybel.
I går lasta eg ned 4 fagbøker — utvalet på mine felt synest eg er dårleg, trass i nokre bra titlar — og har byrja på antologien Situated Literacies, redigert av Roz Ivanic. I tillegg har eg lasta ned siste utgåva av PC Magazine, og lese nokre artiklar her. Kveitebrødsdag 2 og 3 har gjeve meg følgjande erfaringar og tankar:
