Archive

Archive for the ‘kunnskapsorganisering’ Category

Kronikk om Greenbook

May 5th, 2010

Det har gått såpass lang tid sidan det sto på trykk (fleire veker sidan no) at Aftenbladet nok ikkje har noe imot at eg legg ut Greenbook-kronikken eg hadde på trykk (i papirutgåva). Her er altså kommentaren min til Digitalforlaget Greenbooks konkurs.

—-

For­sø­ket med Greenbook Di­gi­tal­for­la­get var som å gå bak­lengs nedover trap­pa for å kome hø­ga­re.

Ga­mal vin på nye skjer­mar

I desse dagar les vi at lærebokforlaget Greenbook, mellom anna eigd av Universitetet i Stavanger (UiS), gjer seg konkurs. Greenbooks ambisjonar var å lage lærebøker, frå barneskule til universitet og næringsliv. Produkta skulle vere heildigitale, av fleire årsaker. For det første profilerte Greenbook seg som pedagogisk framtidsretta. Ny teknologi som utnyttar både lyd, film, bilete og tekst i eit lærebokformat, skulle auke både motivasjon og læring. I tillegg skulle Greenbook peike fram mot nye forretningsmodellar som gav forfattarane høgare royalties enn dei fikk i tradisjonelle forlag, mellom anna av di det er billegare å distribuere digitalt enn via papir. Ved sida av desse visjonane hadde forlaget som namnet antyder ein grøn profil; digital nedlasting av bøker er venlegare mot miljøet enn trykk og distribusjon av papirbøker.

Men Greenbook var ikkje berre eit heildigitalt forlag, det var òg eit universitetsforlag. Forlagsmåla deira var tett knytte til det dei sjølv kalla for muskelkrafta ved universitetet. Greenbook var altså ikkje kva aktør som helst i marknaden, men den aktøren som med forskarar og kommersielle krefter i ryggen skulle vise veg i ein marknad dei aller færraste, som platebransjen, avisbransjen og etterkvart òg forlaga, greidde å føte seg i. Det ligg eit slags utvida forretningsmandat i denne koplinga, og sjølve spørsmålet om forretningsmodell blei dermed òg spørsmål om verdiar, tett knytt til UiS som forskingsinstitusjon.

Vi var fleire som sperra auga opp då Greenbook blei skipa i 2008. Marknaden dei ønskte seg inn i var i krise og hadde vore det lenge, ikkje minst grunna påverknaden frå weben ut over heile 2000-talet. Men for Greenbook var det som om dei siste 10-15 åra ikkje hadde skjedd. Heile lanseringa av forlaget hadde nesten alle ingrediensane til den første dot.com-bølgja rundt millenniumskiftet, med luftige lovnader og heller uklåre prospekt rotfesta i noe som verka som ei naiv tru på eit nytt medium, med tilhøyrande investorkapital, stillingsutlysingar og kjendisar i styret. Og når produkta til Greenbook etter kvart materialiserte seg, var det som å høyre ekko frå satsingane til dei etablerte forlaga 15 år tidlegare, med digitale bøker som skal gjere ”læring mer lystbetont ved hjelp av video, animasjon, lyd og mange ulike oppgaver.” Trykksaker med noko attåt, med andre ord. Som Eirik Newth kommenterte på bloggplass i 2008: ”1995 ringte og ville ha igjen definisjonen sin på digitale læremiddel.”

At endringane som følgje av digitale medium handlar om langt meir enn trykksaker tilført lyd og bilete, er gamalt nytt. Digitaliseringa av media handlar først og fremst om ei fundamental endring av prinsippa for og økonomiane tilknytt kunnskapsorganisering i samfunnet vårt. Med datamaskina i eit globalt, digitalt nettverk har det vokse fram heilt andre føringar, logikkar og livsløp for kulturelle uttrykk som tekst, bilete, film og musikk. Desse endringane, som kom for fullt med weben utover 2000-talet, er kan hende det første verkelege steget vekk frå prenteverket som den dominerande informasjonsteknologien i vårt samfunn, med store konsekvensar for økonomi, spørsmål om opphavsrett, og syn på kva kunnskapar er og koss dei blir forvalta.

Desse erkjenningane er verken nye eller kontroversielle. Med litt research, hadde Greenbook funne ut at sjølve målgruppa deira, skuleverket, har hatt desse spørsmåla om den gjennomgåande digitaliseringa av samfunnet vårt og kva dette gjer med kunnskapen vår, på dagsorden i fleire år. Dei hadde funne ut at alt frå læreplan til ulike nasjonale og lokale tiltak lenge hadde forlate tanken om digitale læremiddel som boka i ny og morosam tapping, men snarare handla om komplekse problemstillingar knytt til vilkåra for kunnskapar i vår tid, og kva kunnskapar skulen skal gje elevar for å meistre denne komplekse informasjonsverda.

Dei ville òg ha funne ut at ein av dei største potensielle kundane, den vidaregåande skulen, på eiga hand hadde jobba fram eit økosystem for digitale læremiddel, Nasjonal digital læringsarena (NDLA), nettopp med det som mål å ta steget over i den digitale kunnskapsoøørganiseringa. Behovet her hadde vore stort for bidrag frå ein forskingsbasert forfattarfellesskap, og eit forlag med forgreiningar inn i forskingsmiljø kunne ha bidrege betydeleg til å utvikle både lærestoffet og NDLAs idear om opne og gratis læremiddel tilgjengeleg for alle, tilpassa eit skiftande medium. Det er ikkje like sjølvsagt at behovet til den vidaregåande skulen var nok ein tilbydar av heilskaplege, lukka og dyre læreverk, tilpassa verda slik ho var før weben.

Likevel synest eg minst om at Greenbook ikkje utnytta det momentumet det hadde som eit forlag tilknytt ein forskingsinstitusjon. Det er sjølvsagt ingenting gale med å ville tene pengar, men å satse på ein akademisk sett ambisjonslaus forretningsmodell som handlar om å gjere nøyaktig det same som kva forlag som helst, berre utan deira røynsle, er ikkje å vere framtidsretta. Det finst fleire forskingsmiljø som bruker kompetansen sin til å utfordre eksisterande modellar for formidling av forsking og undervising, og i den digitale informasjonsøkologien er kompetanse, haldningar til og kunnskapar om deltaking, standardar for publisering, etikk, osv. ikkje berre mangelvare, men sterkt etterspurd. Her kan nettopp eit universitetsforlag ha større moglegheiter til å hevde seg enn å konkurrere med etablerte forlag i ein vanskeleg marknad.

Eg er viss på at fleire fagmiljø ved universitetet kunne ha realisert ei slik nyskaping med midlar tilsvarande dei som gjekk med i Greenbook-sluket, kan hende nettopp gjennom å endre den tradisjonelle forlagstanken og skape nye måtar eller kanalar for fagformidling. Eit forlag som utfordrar akademisk publisering og formidling (og gjerne også undervising) gjennom å søkje nye publiserings- og formidlingskanalar, bruke teknologiske standardar og opphavsrettar tilpassa eit digitalt livsløp og skape marknader der dei ikkje enno finst, hadde vore ein forskingsinstitusjon som vil utforske det ukjende og utfordre det velkjente verdig.

kunnskapsorganisering, nettaviser, publisering ,

If you can’t beat’em, fuck’em

October 27th, 2009

Via @margreta på Twitter (og her) blei eg gjort merksam på ein artikkel i Utdanningsnytt.no, som i gjennom eit intervju med ein glad IT-rettleiar ved noe som blir kalla Pedagogisk senter i Haugesund, omtalar nok eit system for overvaking av elevars bruk av PC i skulen. Frå før har vi fleire andre system, mellom anna plagiatkontrollane som både skular og universitet lener seg på, implementert i læringsportalane som til dømes it’s learning og Fronter.

Tilbake til denne IT-rettleiaren, som i artikkelen framstår som i alle høve oktobers nyttigaste idiot for den bransjen som skor seg godt på frykt og beven av dette slaget. For, seier han, systemet er “/…/ikke ment som et overvåkningssystem, det brukes ikke sånn,” (rett nok berre for å slå seg sjølv på kjeften eit par linjer under, når han forklårer koss læraren ser på skjermen til elevane: “Det vises tydelig på elevens skjerm når elevens maskin overvåkes av læreren (mi utheving).” Nuvel.)

Sjølvsagt er dette eit overvåkingssystem. Det blir freista framstilt som ein reiskap for å gjere undervisinga betre, men i røynda er både dette og liknande typar programvare (som plagiatkontrollen i it’s learning) eit reindyrka våpen for å oppretthalde ro und ordnung i ein situasjon der nokre er ubekveme med det som skjer.

Problemet her er alle nissane som følgjer med dette programvarelasset:

For det første: Å møte elevar med at alt dei gjer i ein gitt situasjon skal overvakast av di dei nok sannsynleg kjem til å handle uønska, er i seg sjølv eit svært uheldig signal å gje elevane, både som institusjon og som lærar. Dette formidlar eit menneskesyn i alle høve eg ikkje greier å stå inne for, og som den lange humanioratradisjonen eg er innsosialisert i som akademikar seier lite fint om.

Vidare: Å tru at ein løyser problem som handlar om orden gjennom teknologi, er naivt, sjølvsagt av di problema som oppstår ved tilløp til misbruk i klasserommet ikkje har teknologisk opprinning. Som lærar er ikkje oppgåva di å slå av datamaskina når eleven vaskar fisketankar på Facebook eller glor på ei naken rumpe, men å utdanne vedkomande. Det er slik mykje læring i ei naken rumpe.

Dessutan er det òg problematisk å ramme inn arbeidet med ein av dei grunnleggjande kunnskapane, den digitale kunnskapsorganiseringa, med haldningar knytt til frykt og kunnskapsløyse, heller enn med haldningar knytt til potensiale, påverknadskraft gjennom deltaking og kritisk tilstadevere i samfunnet. Deltaking i skriftsamfunnet, for det er dèt dette handlar om, gjev deg mulegheiter og potensiale, og gjev oss andre mulegheiter for å dra nytte av alt det gode du kan skape. Dette er følgjeleg ikkje noe som skal behandlast med mistenkeleggjering. Du kan gjerne vise deg å vere ein idiot, men du er det i alle høve ikkje før du har vist det.

Ein kan derfor heller byrje å lure på kva det er som står på spel her, sidan slike teknologiar ser ut til å ha ei stor tilhengarskare både i skulen og på universiteta. Tja, sjå då på universitetssektoren, som årleg stryk fleire elevar av di plagiatkontrollen gjev for store utslag. Dersom vi no ein augneblink kjøper historiene om at elevane har klypt og limt for mykje frå andre oppgåver og Internett (noe som i seg sjølv er ein problematisk og unyansert påstand):

a) Er ikkje dette i 2009 like mykje eit spørsmål om kva kunnskapssyn ein er interessert i å oppretthalde og forvalte i eit universitetssystem, som det er eit spørsmål om juks? Er den ultimative kunnskapsprøveavlegginga framleis, og eg tillet meg nok ein gong å  påpeike at kalenderen viser 2009, reproduksjonen av pensum, formidla av ein professor, universitetslektor, førsteamanuensis?

b) Kva om ein heller erstatta dei reproduksjonsinviterande oppgåveordlydane (som i våre dagar dreg med seg mistenkjelegheit mot den som avleverer svar, tilrår rein pugg og frarår kjelder) med ordlydar som beint fram krev at studentane nyttar det dei kan finne av kjelder, til å setje saman nye svar heller enn optimale kopiar av fjorårdets A’ar og B’ar?

c) Er det ikkje like mykje eit teikn på at teknologien blir brukt til å finne litt vel liberal kjeldebruk, som at kjeldebruken har blitt litt vel liberal som følgje av teknologien? Kven kan med handa på hjartet påstå at dei i alt akademsik arbeide før 1994 har vore så etterrettelege når det gjeld kjelder som det vil ber elevane om å vere no? Ikkje eg, i alle høve. Heller ikkje Bob Dylan, som i nokre av låtane sine ville ha kome ut med 25% treff i it’s learning. Ei heller William Burroughs, som ope og utan blygsel kalla stjelinga si for sin “cut-up method.” Og denne lista, folkens, er lang.

Eg trur at denne diskusjonen dreier seg om langt fleire ting enn teknologiske løysingar for å hjelpe til litt i undervisinga. Det handlar mellom anna om å kunne oppretthalde og kjempe for eigne posisjonar og kontroll med verkelegheita som ein er sette til å forvalte. Og då blir dette brått ideologisk.

Eg kjenner svært mange på fleire nivå i utdanningssystemet som kjempar for denne kontrollen,  dels av di dei mista den intellektuelle gneisten sin for fleire år sidan, dels av di dei fryktar ikkje berre alt dette rare som ungdommane gjer som dei ikkje forstår, men òg tapet av definisjonsmakt over sitt domene, sitt område.

Ta lesing, mitt domene, som eit døme: Kva er det som står på spel når lesevanane endrar seg frå akademisk godkjende sjangrar til digitale mønster ein ikkje har kontroll på lenger? Jo, for det første makta til å definere kva god og rett lesing er, som lærarane har hatt i mange år. Sjølvsagt skapar dette ein kjensle av uro, avmakt, som gjer at ein grip til kontrollmekanismer. Men det er ikkje berre lærarane og skulen som taper her, men heile bransjar, som i mange år har jobba dynamisk saman med akademia. Lesing handlar ikkje berre å glo på eit papir, det handlar melllom ann òg om økonomi og makt.

Den glade IT-rettleiarens kollega, ein lærar ved ein ungdomsskule, får avslutte med følgjande groteske framtidsscenario, og eg gidd ikkje ein gong gjere dei opplagte referansane til dei verka i verdslitteraturen som forlengst har skildra slike scenarier:

“Her er en del kjekke valg, fortsetter Igland ivrig, og forklarer: – Du kan trykke block all, så blokkerer du både tastatur, mus og skjerm. Dette mener han er en stor fordel dersom elevene skal følge med.”

Kva med å heller ta jobben sin på alvor?

[Oppdatering: Eg burde jo sjølvsagt hugsa at dette emnet blei tatt opp av Jon Hoem for eit par år sidan, sjå her og  her]

kunnskapsorganisering, lesing, literacy, overvåking

Det kjem litt an på lengda òg

March 2nd, 2009

 

British library reading room, Sifter (cc)Denne artikkelen på O’Reilly.com drøftar Amazons Grand Ambition lansert samstundes med e-bok-lesaren Kindle, om at absolutt alle trykte bøker, ikkje berre frå no av, altså, skal kunne vere tilgjengeleg, trådlaust nedlastbart innan 60 sekund. Inkje mindre. Dermed streifar artikkelforfattaren, Jim Stodgill, innom følgjande interessante poeng:

Lesing i digitale medium forstått som ein aktivitet der ein orienterer seg, studerer, les nyheiter, bøker eller artiklar (til skilnad frå lesing som aktivitetar i sosiale nettverk), synest eg ofte blir omtala som nokså todimensjonale, flate og overflatiske aktivitetar, der ein ofte set opp trykte medium (boka, avisa) som medium eigna for lesing i djupna, medan skjermen er ramma for det flyktige.

Heller enn å rote seg vekk i diskusjonar om trykk versus skjerm, er det eit poeng kva totale tekstmasse vi faktisk har å orientere oss i digitalt etterkvart. Som artikkelen over antydar, er det problematisk dersom det etterkvart blir eit skilje mellom det som er digitalt og alment tilgjengeleg frå nettet og det som blir fjernare og fjernare for oss i og med at det ligg ikkje-digitalt lagra på bibliotek og arkiv.

Eit godt, gamaldags kunnskapssøk har tradisjonelt innebore å grave i bibliotek og arkiv, og å utnytte kompetansen tilknytt desse institusjonane. Sjølv om dette framleis er naudsynt og viktig (eller: det er endå meir naudsynt og viktig no), spørst det likevel om ikkje det byrjar å teikne seg ein strek, for ikkje å seie grave seg ei grøft, mellom dei vidt ulike epistemologiane for kunnskapsorganisering ein alt no ser på nettet (til dømes gjennom Google) og i papirverda.

Denne utviklinga, eller gapet, har dels teknologiske og dels kulturelle årsaker. I dette tilfellet er grensesnitta i dei to teknologiske epistema inkompatible på viktige område grunna sjølve det materielle mediet — digitale og meta-mediale maskiner i globale nettverk har rett og slett eit heilt anna liv enn bøker.  Det er då ikkje heilt unaturleg å tenkje seg sosiale mekanismer  blant brukarane i eit så gjennomdigitalisert samfunn som bidrar til å skuve ut mønster og haldningar knytt til informasjon, fakta, kunnskapsorganisering og læring (for å nemne noe) knytt til gamle episteme. Ein kan jo ta ein spørjerunde (og det har sikkert noen gjort) blant folk flest om kor stor rolle biblioteka har når ein skal skaffe seg kunnskapar om noe, lese, høyre på eller sjå ein film? Eg vil gjette at på same måten som Wikipedia tar over for leksikona og nedlasting for CD-plater, finn folk andre, og digitale, kanalar som erstatning for biblioteka. Ein forlet altså dei gamle prinsippa, institusjonane av di det ikkje blir opplevd som betre enn nyare alternativ, relativt uavhengig av om ein faktisk går glipp av noe. Og, jo, eg trur vi går glipp av noe.

Vil ikkje digitaliseringsinitiativ som Google og Amazon (og dei som ligg i føringane for ABM-sektoren framover) hjelpe på eit slikt gap? Jo, sikkert til ein viss grad. Ein kan jo håpe på det. Det er lett å late seg begeistre over digitaliseringsinitiativ på alle frontar. Men det er slett ikkje tilfeldig koss dette blir gjort, kva motiv som ligg bak, og også kva teknologiske løysingar som blir valde.

I tillegg er det noe med det Lev Manovich refererer til som språket til dei nye media: Det krev sin teknologiske og kulturelle brubyggjar for å gje digital tilgang til ektefødd analogt stoff (tilnærma) like enkelt som til ektefødd digitalt stoff. Eit googlesøk vil enkelt føre deg inn i ein blogg, heimeøyrande i Googles univers som bloggen er, medan det skal mykje til på mange plan før det same søket gjev deg treff i eit handskrive diplom frå 1415 som omhandlar ein nabotvist mellom to bønder i Hardanger. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å dra med seg analoge artefaktar inn i digital logikk.

Dessutan, som eg hugsar Eirik Newth har skrive om ein plass, er eit bibliotek eller eit arkiv langt meir enn summen av materialet dei har liggjande: Kompetansen til bibliotekarane og heile konseptet bibliotek let seg ikkje skanne inn, og å leite systematisk etter informasjon blir ofte ein piñata-leik dersom ein ikkje har med seg kunnskapane som ligg i dei ulike tradisjonane til kunnskapsforvaltarar, arkiv og bibliotek.

Så kan hende har den digitale lesinga ikkje eit problem i djupna, som diskusjonen ofte dreier seg om, men snarare i lengda og i breidda, der ein ikkje greier å dra med seg ein kultur som strekk seg lenger tilbake og vidare ut enn det som er teknisk enkelt å skanne inn og indeksere? Er vi i byrjinga på eit episteme som ikkje kjem til å strekkje seg særleg bakover og utover, anna enn tilfeldig og sporadisk?

bibliotek, kunnskapsorganisering ,