Archive

Archive for the ‘e-bøker’ Category

Kindle Schmindle

January 27th, 2010
Jesus på lanseringsfesten for iPad.

Jesus, Steve Jobs' mindre kjende bror, på lanseringsfesten for iPad.

Som long time Shia-Mac’ar er det ikkje meir enn rimeleg at eg kommenterer Apples iPad som blei lansert i går

Responsen er sjølvsagt blanda, men eg er overraska over kor lik kritikken av iPad er kritikken som i si tid blei retta mot iPhone. Vi veit jo alle at det finst eit HTC-produkt som kan gjere langt fleire ting enn det som kan gjerast med iPhone, men det er ikkje den vegen Apple går. Ikkje å gå den vegen har altså vist seg å vere ein god strategi. Dette trur eg gjeld iPad òg. Som fleire er inne på i sine kommentarar, ikkje minst Reverend Stephen Fry, er iPad å forstå som ein mediestrategi meir enn ein dings, medan resten av tablet-verda tenkjer i heilt andre baner. Derfor vil vi sjå at denne plattforma, som vel meir er ei ny klasse datamaskin, vil utvikle seg i tida som kjem. Å kritisere Apple for å pushe design-statements er fullstendig å misforstå kva dei held på med, like eins (som nokre gjer og har gjort) å hevde at iPhone og/eller iPad er for jenter eller ungar (!). (Dette er for øvrig eit ekko av gamle dagars omtale av Macintosh-maskina; grensesnittet var så mykje enklare enn grensesnitta til konkurrentane at det måtte jo vere for enkle folk.)

Både NRK Beta og Ida Aalen lèt til å tenkje i slike baner, der dei spekulerer i at iPad kan passe for barn. Tvert om meiner eg at ungane ikkje er ei særleg god målgruppe her. For det første får du ikkje Flash på iPad, og då har du stengt for nokre av dei mest vanlege unge-aktivitetane på nettet: alle Flash-spela (som td. 123spill.no (og mange, mange andre spel- og aktivitetssider i Flash) og diverse Facebook-spel som det nedre fjortis-sjiktet elskar. Adobe anslår at 70% av spela på weben er Flash-spel. For det andre er nerven i slike satsingar som iPad og iPhone forretninga som blir knytt opp til dingsen, der du opprettar konto med kredittkortet ditt, og på enkelt vis lastar ned musikk, bøker, spel, filmar etc. Den enkle koplinga mellom ein god marknad og ein god dings er ei viktig årsak til at iPod’en tok rotta på MP3-spelar-marknaden, og denne formelen vil vere avgjerande i den utvida mediamarknaden òg. For det tredje tviler eg på at ungar i det heile ønskjer seg noe slikt — kva er det i design, funksjonalitet og profil elles som skulle få ungar til å mase på denne til bursdagen sin?

Snarare er iPad ei voksenmaskin i ei anna klasse enn PC-en, med god programvare, tilgang til media og eit enkelt, raskt og solid OS i botnen. At teknoentusiastane finn det litt enkelt (ei felle eg sjølv går i ofte), har ikkje nødvendigvis noe med verkelegeita og marknaden å gjere.

Kindle er sjølvsagt òg ein slik blanding av marknad og teknologi, men eg opplever sjølv Kindle som to gode steg tilbake i spørsmålet om digital lesing. Det er vanskeleg å bruke teksten til anna enn å bla fram og tilbake; dei gongene eg vil notere, kryssreferere, forstørre tabellar etc., gjer Kindle ein dårleg jobb. Der er Kindles iPhone-app langt betre, om enn ikkje perfekt, og den kan òg brukast på iPad. iPad blir altså for meg (ja, eg har førehandsbestilt på Eplehuset) vegen inn i Amazon-marknaden, og sannsynlegvis vegen inn i dei andre bokbutikkane som kjem (under føresetnad av at det blir gjort avtalar som gjelder den norske marknaden). Det same gjeld lesing av aviser og magasin, som på Kindle er alt for dårleg. Eg ser ikkje føre meg at folk som er vande med å sjå fargebilete, filmklypp og klikke på lenker vil slå seg til ro med Kindles statiske, treige og papir-imiterande gråtoneløysingar.

iPad kjem altså med ein variant av iPhone/iPod-operativsystemet, og dette trur eg er svært klokt, til skilnad frå alle dei tunge og forvirra Windows-tabletane som blir pusha. Som Jesus Jobs sjølv var inne på, handlar dette om å byggje vidare på ei plattform med eksisterande program og utviklingsmiljø, i tillegg til at kvar og ein med ein iPhone veit koss dette skal brukast. Og som med iPhone, trass sitt enkle grensesnitt, får vi tru at folk likar å bruke iPad. Det er trass alt dette som får folk til å bruke Apples dingsar, trass i at alle andre dingsar i marknaden har absolutt alle funksjonar og litt til.

Å klamre seg til ein slik dings som redninga for ulike mediabransjar i motvind er å forenkle heile situasjonen. Men viss 2010 blir lesebrettets år, kan ein klasse av datamaskiner meint for å ta seg av det som ligg mellom telefonen og laptoppen, utan å gje fullstendig etter for papir-/bokmetaforikken som Kindle etc. støttar seg på, vere ein god strategi. Eg trur rett og slett ikkje folk held ut lesaropplevinga som Kindle tilbyr, med mindre noe alvorleg skjer med funksjonalitet og fart.

apple, e-bøker , , ,

Kindle dag 2+3

October 25th, 2009

situated literaciesI går lasta eg ned 4 fagbøker — utvalet på mine felt synest eg er dårleg, trass i nokre bra titlar — og har byrja på antologien Situated Literacies, redigert av Roz Ivanic. I tillegg har eg lasta ned siste utgåva av PC Magazine, og lese nokre artiklar her. Kveitebrødsdag 2 og 3 har gjeve meg følgjande erfaringar og tankar:

Kindle er god å lese på i den forstand at e-blekken, overflata, sjølve displayet er behageleg. Alt det der er heilt fint. Men dette har aldri vore noe problem i andre digitale lesesituasjonar — eg har alltid lese mykje på skjerm, og særleg med dei nye laptoppane har dette vore heilt fint. Eg snakkar ikkje her om skjønnlitterær lenestolslesing, men fagstoff eg har hatt eit aktivt forhold til.

I akkurat denne samanhengen greier eg ikkje å fri meg frå tanken om at ei dels av-webifisert og kommunikasjonlaus, proprietær leseplate som gjer alt ho kan for å leggje til rette for ein mange hundre år gamal teknologi for spreiing og lagring av ordet og økonomiane og regelverka som har utvikla seg i kjølvatnet av den, tar eit litt vel markert farvel med tekst- og lesekonvensjonar som har oppstått i digitale medium dei siste ti åra. Ikkje for det, eg synest på ein måte det er befriande å lese utan å heile tida sjekke mail eller Twitter, svak i viljen som eg er. Men å lese ei melding av Windows 7 som rein prosatekst, utan verken bilete eller filmsnuttar som demonstrer poenga, er nokså meiningslaust samanlikna med teksten på nettsida eller det glossy og godt ombrekte magasinet. Og her er mykje eg saknar frå til dømes bloggsjangeren, og for den del moglegheitene som ligg i til dømes RSS-teknologien. Kindle er til å bla i, og det som er av kommunikasjonsmulegheiter, handlar om kjøp frå Amazon.

Like eins er nyheiter for meg jamt over utenkjeleg utan RSS, særleg når nyheitene kjem frå så ulike kjelder med så ulike (tekno-) bakgrunnar og historiar som Aftenbladet og Boing Boing. Å laste ned International Herald Tribune på Kindle medan eg ventar på ferga, slik @svelle rapporterte om på Twitter, ser eg difor som utenkjeleg så lenge eg har iPhone:

To minutter for sent til ferga fra Stord. Kjøpte Int. Herald Tribune på Kindle for 10 kr og er egentlig ganske fornøyd. (via @svelle)

Kva er då Kindle god for? Er e-boka i Kindles format designa rundt den fullstendige feilaktige trua på at lesing er ei lineær og mot forfattarens intensjonar trufast øving? Kan hende er idealet om at tekstlesing i eigentleg (danna) forstand = romanlesing (som har ridd norsk skule i mange år) dominerande: Romanen er vel stort sett svært lite krevjande når det gjeld layout, samanlikna med fleire andre sjangrar (tekniske fagbøker, tekstar som krev både illustrasjonar, tabellar, referansetilvisingar, fotnotar og heftige kryssreferansar). Eg har til dømes papirutgåva av den eine fagboka eg lasta ned i går, og les den med ein peikefinger i referanselista lenger bak i boka. Slike hopp fram og tilbake er utenkjelege, i alle høve slik Kindle har løyst det teknisk, og det gjer det heller lite aktuelt å lese slik faglitteratur anna enn i papirutgåva.

Boka eg har byrja å lese, har vidare tabellar som viser svært dårleg i Kindle — nokre av tabellane er så små at dei er heilt uleselege, og umoglege å forstørre, og dei er svært dårleg formaterte. Og kvifor skal ikkje boka, tabellane, bileta etc. kunne vere dynamiske? Når eg les ein vitskapleg publikasjon, kvifor skal eg ikkje kunne berikast av animasjonar, bilete, intervju, lydspor, etc? Kom igjen, vi plasserte folk på månen for 40 år sidan, vi må vel kunne greie meir enn det ein kan gjere med ein scanner?

Heile brukaropplevinga med Kindle gjev meg i 2009 den kjensla eg hadde rundt 2000 då eg byrja å interessere meg for digitale medium og lesing: Det er eitt eller anna tilbakeskodande over heile greia, som om leseplata er designa meir eller mindre på premissane til ikkje berre ein gamal teknologi, men òg ein gamal økonomi; ein slags “horseless carriage“-måte å leite etter vegar å få teksten og bransjen elektronisk på. Og det stemmer nok langt på veg: Kindle luktar litt sånn der pillar til middag og flygande bilar som vi teikna på barneskulen då læraren bad oss om å teikne koss det ville vere i år 2000. “I år 2000 finst ikkje papir, men du blar i boka på ein skjerm,” liksom.

Moglegvis er dette overgangsproblem, men Tim O´Reilly peikar på fleire begrensingar i Kindle som ikkje finst i det opne EPUB-formatet. O’Reilly viser til iPhone-lesaren Stanza, ein open EPUB-lesar som eg sjølv opplever som ein langt betre lesar enn Kindle, jamvel på iPhone, med atterhald om at eg ikkje har lese dei same bøkene på begge plattformane. Dette, altså mangelen på vilja til å omfamne opne standardar, er i følgje O’Reilly årsaka til at Kindle vil forvitre i løpet av eit par år, slik AOL og MSN (i originaltapning) gjorde det: Lysta til å eige marknaden blir for stor, dei opne standardane fremjer utvikling, spreiing, gode idear, slik vi har sett det i tilfellet med sjølve Internett. Bokbransjen står overfor store omleggingar, slik vi har sett det i musikkbransjen og avisbransjen, og spørsmålet om standardar er heilt vesentleg.

Lat meg no legge til at eg  trur på boka i digital versjon, at dei lange og gode resonnementa som finst i fagbøker lever godt i den sjangeren, at folk kjem til å lese langt og godt på skjerm når dei får høve til det,  og at eg ønskjer meg måtar å få tilgang til heile verdas bibliotek via digitale kanalar. Eg får meg berre ikkje heilt til å tru at Kindle er svaret. Men eg synest det er svært spennande å bisitje, å sjå på medan det som no skjer, skjer. For eg kan vanskeleg tru at den delen av bransjen som syslar med bøker, forlaga og biblioteka til dømes, kan forhalde seg nøytralt til det Kindle no prøver å gjere. Heri ligg kan hende det viktigaste med Kindle.

Det er altså ikkje heilt Kindle eg er på jakt etter, sjølv om det er med ei lett kribling i magen eg les i han. Eg vil gjerne ha all verdas litteratur elektronisk. Når eg finn ei bok, vil eg anten låne eller kjøpe, frå ein ven, biblioteket eller ein butikk, ikkje berre frå Amazon. Eg vil vidare kunne bruke boka, ikkje berre lese ho, for eg er ein brukar meir enn ein lesar, med annotasjonar, kryssreferansar, ropeteikn, utgulingar og smilefjes (som dels er mogleg i Kindle). Eg vil ha boka tilgjengeleg på Mac-en, PC-en, gjerne telefonen min, eller ein tablet-pc eller ei leseplate, viss eg no vel det. Når eg skal på studieopphald i utlandet, vil eg ha med meg dei 300 viktigaste bøkene og artiklane mine, og det same vil eg dei dagane eg vel å jobbe heimefrå. Og kvifor skal bloggen til Clay Shirky vere open for kommunikasjon med forfattaren, men ikkje e-boka — eg vil tru bloggen har fleire lesarar enn boka? Kvifor skal ikkje endringar kunne matast på RSS-vis, til dømes, i det forfattaren oppdagar feil, oppdaterer tabellar, etc.?

Vel, med atterhald om at eg lèt meg beigeistre vekk frå desse innvendingane i løpet av dei neste dagane. No skal det lesast. Eirik Newth skriv meir og grundigare om Kindle og fleire leseplater, og har gjort det i fleire år, og June har nett posta sitt førsteinntrykk av Kindle. Jon skriv òg om Barnes & Nobles’ Nook her.

e-bøker, kindle, lesing, opne standardar, publisering