Archive

Archive for September, 2008

Platekompaniet på nett

September 26th, 2008

Fleire melder i dag at Platekompaniet opnar digital musikkbutikk med sal av DRM-frie MP3-filer. Sjå mellom anna denne reportasjen i Farojournalen, og Dagbladets artikkel. Eirik Newth bloggar òg om dette i dag

Det mest interessante er ikkje her forholdet til iTunes Music Store, som insisterer på DRM-beskyttelse av musikkfilene. Eg synest ikkje at DRM er prinsippielt forkasteleg, men heller at det finst for dårlege løysingar per i dag, og vidare at DRM-lobbyen ofte argumenterer utan eigentleg å vite kva effekt spreiing av musikkfiler har på bransjen.

Det eg synest er interessant med dette initiativet, er at Platekompaniet går offensivt ut med satsing på a) nasjonale og b) lokale artistar. Jill Walker hadde ein interessant bloggpost om hyperlokale nyheiter på nett. I alt maset om nettet som ein global arena ser ein at det lokale, jamvel hyperlokale, kan vere ein viktig del av den lange halen på Internett. Vil Platekompaniet dermed vere eit vindauge inn mot interessante lokale artistar, som i det store biletet ikkje har ein sjanse andsynes artistar med eit marknadsføringsbudsjett? Eller, endå vidare: Vil marknaden dreie seg mot andre marknadsføringskanalar, som slike lokale initiativ, MySpace, Urørt, og andre nettbaserte musikkmiljø, som følgje av at plateselskapa døyr ut (i det formatet vi har kjent dei så langt, i alle høve)? Kan Platekompaniet vere bibleotekaren i denne produktive og kreative floraen av talentfulle artistar (høyr til dømes på NRK P3s urørt-sendingar) som vi med dagjobbar umogleg kan halde oss orientert i?

DRM, musikk, platebransjen , ,

Kan hende ikkje det største musikalske kicket ….

September 26th, 2008

… men morosamt for dei av oss som har tilbrakt timar til akkompagnement av desse systemlydane frå diverse Mac-maskiner:

Uncategorized ,

Jomfruposten

September 25th, 2008

Dette er altså min heilt eigne blogg, på min heilt eigne WordPress-installasjon hosta av Dreamhost. Denne bloggen, til skilnad frå dei andre eg er involvert i, vil i større grad handle om emne tilknytt doktorgradsarbeidet mitt, men sidan eg er min eigen herre, kan eg ta meg fridomar i aust og vest.

Uncategorized