Archive

Archive for October, 2008

GoAnimate

October 28th, 2008

I samband med eit vidareutdanningskurs i IKT for lærarar eg underviser litt i, har eg laga nokre instruksjonsvideoar i animasjon, der eg nyttar webbaserte GoAnimate. Eit morosamt program, med nokså tøffe mulegheiter. Her er snutten eg laga (heilt on the fly, må eg skunde meg å seie) medan eg gjekk igjennom nokre av funksjonane.

Pixar ringer nok ikkje i morgon, men det er morosamt,  kan hende særleg for dei lågare/midtre årstrinna i grunnskulen, men det har sikkert òg eit potensiale i vgs. Lydar og bakgrunnar (og fjes) kan lastast opp, eg brukte berre det programmet tilbyr. Hald deg fast, dette er til å pisse i buksa av i desse Halloween-tider:

programvare , ,

Disruptive technologies: Lån ut ein VADO til ein skuleklasse og sjå kva som skjer

October 16th, 2008

For nokre veker sidan gjekk eg til innkjøp av ein Creative VADO; ein liten, billeg (rundt 700,-) og svært portabel videoopptakar. Denne er interessant av fleire grunnar; låg pris, liten storleik, 2 timar med opptak før plassen og batteriet tar slutt, og svært enkel tilkopling (USB) og overføring av filer til datamaskina. Eg ser sjølv at eg oftare grip til VADO-en enn det langt betre Canon-kameraet eg har heime, nettopp av desse årsakene,  trass i at VADO-en berre har VGA-kvalitet.

I samband med eit etterutdanningsstudium i IKT og læring her på UiS, der ei gruppe studentar skal lage film med elevane sine, har eg då lånt ut dette kameraet, mot at eg får tilgang på data frå opplegget deira (elevarbeid, primært, men det hadde òg vore interessant å observere elevane i prosessen). I motsetnad til eit kamera i klassen over, kan VADO-en gå på rundgang og kjapt få det som er filma inn i programvaren dei skal nytte — å gjere dette med kameraet som ligg nedlåst på inspektørens kontor, og som gjerne nyttar Mini-DV-tape, er ein heilt annan prosess.

Sjølve prosjektet er todelt: Elevane (tre trinn, frå 5. til 7.) skal først nytte VADO-en til å ta opp nokre relativt vilkårlege filmsnuttar for å lære seg litt elementær filming. Desse filmsnuttane bruker elevane deretter som ein del av opplæringa i programvaren, som i dette tilfellet er MovieMaker, men som i prinsippet, og som eg skal dra studentane igjennom seinare i semesteret, kan vere nettbaserte filmredigeringsprogram, med heilt andre mulegheiter for deling, etc. (Eg tenkjer her til dømes på verktøya som ein har tilgang til gjennom tenester som www.creaza.no.)

Når dei har øvd på å importere desse filmsnuttane, klyppe dei, lage overgangar etc., er det meininga at dei går opp ein divisjon i kameratype, og nyttar eit betre kamera til å lage sjølve filmen, framleis gruppevis. Filmane dei lagar skal visast på ein PC i samband med eit Grunnskolens uke-arrangement, og dei ulike filmane elevgruppene lagar skal dreie seg om eitt bestemt tema.

Dei går altså vekk frå VADO-en når sjølve filmen skal lagast, noe eg ikkje nødvendigvis trur er verken lurt eller naudsynt. For det første skal filmane visast på PC som ein del av ei utstilling, og eg trur VGA-kvaliteten er god nok til dette, og at målgruppa òg er vande med slike filmformat. For det andre opnar denne klassen videokamera for ei ny bruksdimensjon — det er lite, lett, lagar små og lette videofiler, som enkelt kan overførast og lastast på nett. Dette er ein type disruptivitet som lett kan ete seg inn i eit segment ved at det muleggjør bruk der eksisterande teknologiar ikkje eller vanskeleg muleggjer bruk, som til dømes dei dyre, tape- eller disk-baserte kameraa. VADO-en har god nok kvalitet til denne bruken, og ut over det gjer han alt mykje betre og enklare enn storebrørne, og opnar for andre typar bruk/andre domene, mykje likt disruptive teknologiar som Google Documents osv.

Uansett blir det eit kjekt, lite prosjekt å følgje eit par veker framover.

gadgets, skule , , ,

Ei dør på gløtt for digital kopiering

October 15th, 2008

Og dermed, frå og med i dag, er det opna for at ein kan kopiere digitalt under avtaleverket til Kopinor, i kommunar og fylkeskommunar. Det har jo vore slik at det ikkje har vore opning for å kopiere materiale til undervisingsbruk digitalt, til dømes for å leggje ut supplerande stoff på it’s learning, av di Kopinors avtaleverk ikkje romma digital kopiering. No har ein altså gjort ein freistnad på å opne litt på dette, sjølvsagt med ei rekkje nye ifs and buts i tillegg til dei gamle, gode (som til dømes at ein ikkje kan kopiere lyd og levande bilete, eller programvare, eller at kopiane ikkje kan gjerast tilgjengeleg på opne nettsider, osv.).

Les om dette her.

PS: Morosame formuleringar på www.utdanningsnytt.no om denne avtalen:

Stoffet kan være hentet fra bøker, aviser, tidsskrifter eller direkte fra Internett.

Du har altså Internett der, og så har du nettavisene der.

DRM, programvare, skule

Gadgets for syklistar

October 12th, 2008
<i>Ikkje akkurat jordnøttolje<i/>

Ikkje akkurat jordnøttolje

Wired listar opp 10 av dei hippaste gadgetane for syklistar med ein hang til hi-tech. Eg er vel i denne kategorien; i alle høve er eg ein entusiastisk jobb- og trimsyklist, der eg rullar igjennom trafikken og viser fingeren min i aust og vest til irriterte rush-sjåførar, ikledd ei svært upassande gul og svart klesdrakt med polstring bak. I løpet av om lag 2,5 mil til dagen er eg ei livsfarleg rushtidshumle, lett overvektig, framtung og med temperament som ei dørvakt.

Skuffande er det likevel at desse gadgetane er svært så lite gadget-aktige. Eg har lyst på ting som blinkar og pip og målar eitt eller anna, samstundes som det som blir målt kan visast i sanntid på eit display. Gje meg geotagging, snittverdiar, vanntette fargedisplay og mulegheiter for publisering på weben, ikkje testikkelolje og multiverktøy. Sykkelcomputeren min er for kjip. Eg vil ha noe som ein terminator ville ha brukt, hadde han sykla.

gadgets, sykkel ,

Det problematiske sidemålet

October 3rd, 2008
<i> Kjent, men daud nynorsking
Kjent, men daud nynorsking

Ingunn og Marita dreg i gang ein diskusjon om karakterar og rettebør i norskfaget i ein artikkel (som ikkje blei tatt inn av Aftenposten) som etter kvart heller i retning av spørsmålet om det problematiske sidemålsfaget nynorsk like mykje som det handlar om rettebør og karakterar. Ein samla karakter i norsk er forslaget, og altså då ingen eigen sidemålskarakter.

Å vere samd i at ein kan ha ein norskkarakter er ein ting — karakterar og evalueringsformer styrer undervisinga, og det må etterkvart gå an å tenkje nytt på dette området i norskfaget. Problemet er dei politiske konsekvensane av å redusere antal karakterar frå 3 til 1, for å fjerne to karakterar i norskfaget er ikkje nett som å fjerne ei vorte (sjølv om nokre vil nok meine akkurat det): Den eine av desse to karakterane, nynorskkarakteren, er så inntulla i politikk, ideologiar og ikkje minst (kan hende mest) kjensler at å snakke om dei kvantitative dimensjonane ved å fjerne sidemålet (forstått som nynorsken, for dette er jo eit krav frå/problem i bokmålsverda) piskar opp fleire diskusjonar samstundes.

Og det kan eg skjøne: Å fjerne sidemålskarakteren slik norskfaget er bygd opp i dag inneber ein faktisk reduksjon av statusen til nynorsken, og det er òg grunnen til at det nettopp er (stort sett) bokmålsfolk som ønskjer å fjerne sidemålskarakteren. Ein kan (som Marita og Ingunn) seie så mykje ein vil at ein skal ivareta nynorsken jamvel utan karakter, kan hende til og med på betre vis, men det er svært naivt å ikkje sjå (eg meiner ikkje “ikkje akseptere”) at ein rører ved mykje som handlar om svært mange andre ting som er viktige i ein kultur, og ikkje berre ein skarve karakter eller nokre timar i veka. Sagt med andre ord: Denne karakteren, og desse timene i veka med undervising, representerer for mange folk, kan hende (må ein vere open for) for heile Noreg, noe svært vesentleg, og å kutte karakteren er ikkje berre ei symbolsk handling mot dette, men ein faktisk reduksjon av status, betydning og følgjeleg kvalitet på undervisinga som skal bli gjeven i nynorsk, på alle nivå i utdanningssystemet. Eg kan altså ikkje med mi beste vilje skjøne at nynorskundervisinga blir betre av berre å fjerne kravet om eigen karakter i sidemål, så lenge det ikkje føreligg alternativ som forklårer koss ein då tenkjer eit så svært fag som norskfaget.

For eg trur nemleg at det finst mange gode alternativ til det å flatt redusere antal vurderingssituasjonar i jakta på meir meining i norsklærartilveret og ei meir overkomeleg rettebør. Heilt uforpliktande, i ein fei, og heilt sikkert ikkje dei beste ideane, men likevel:

  • Kva med å tenkje opplæring i norsk (med studiespesialisering som mål) som eit treårig løp, der ein står friare til å tenkje progresjon og evaluering enn det ein gjer i eit terminbasert system som no? Ein treng ikkje gje karakterar før eit stykkje ut i dette løpet, og ein kan vurdere både kortare og lengre tekstar (og ikkje minst fleire typar tekst og sjangrar), etter ulike kriterium (nokre gonger tenkjer vi struktur og oppbyggjing, andre gonger kommareglar, atter andre gongar alt i hop), ikkje berre i ein saus av makro- og mikronivå som no. Alle desse tekstane kan danne grunnlaget for det som blir karakteren til slutt, der ein vurderer progresjon og utvikling saman med alle dei andre kriteriene for god skriving. I eit slikt regime kan ein godt gje sidemålskarakter, utan at eg ser at det blir meir arbeid, og ein opererer med eit langt større felt enn det ein gjer no. (Og praktiske problem, som skulebyte etc. trur eg enkelt kan overkomast, i alle høve i ei digital verd.)
  • Eit anna alternativ (som eg trur meir på, særleg i kombinasjon med noe slikt som punktet over) er å oppløyse heile morsmålsfaget, og fordele det på ulike fag, som til dømes språk, kommunikasjon og historie, etter modell frå andre land. Slik det er no, definerer norskfaget, tufta på fleire idear som skrik etter rullator og eldrebustad, eit felt som har blitt så stort at det vanskeleg kan tilpassast, ja, beint fram kolliderer med, mange av morsmålsfagets idear. Ta eitt døme frå nynorskdiskusjonen: Skrivekulturen ein ser i mange typar digitale tekstar (som til dømes ei rekkje bloggar, Facebook, MSN og SMS) representerer svært ofte eit aktivt, dialektnært og verbalt språk, der ein frispelt frå sjanger- og normkrava skulen stiller ser intuitiv skriveglede, språkbevisstheit, mottakarbevisstheit, og emne til å leike med normer (som ein då er nøydd til å tileigne seg og ha eit forhold til for å kunne kommunisere slik) ein sjeldan finn i skulestilane. Kor høyrer ein slik skriftkultur heime? Ikkje i morsmålsfaget, er eg redd, av di det ikkje er nynorsk nok, det ikkje er grammatisk nok — i det heile er det ikkje ein skulsk nok tekst for eit tekst- og forfattarsyn som morsmålsfaget målber: Ein finitt, avslutta tekst i ein av dei føreskrivne sjangrane, skriven av _ein_ forfattar — det inspirerte geniet — og som ein ikkje skal tukle med etter at læraren har sagt at denne teksten er godkjend og dermed avslutta, helst i skuletida innanfor ei gjeven tidsramme.

Eit utvida syn på det å vere ein deltakar i eit tekstbasert samfunn, med rom for mange lese-, skrive- og talesituasjonar vil vere utgangspunktet for eit slikt fag, der ein kan hive spørsmål om kva Ivar Aasen meinte i 1850 ut av sjølve skriftnormeringsspørsmålet (altså ikkje slik det er no, der vi nyttar romantikken som legitimeringsgrunnlag for nynorsken) og inn i historia. Elevane vil skjøne det perspektivet betre, jamvel få sympati for det, utan at det styrer skriveopplæringa i det som er ein radikalt annleis situasjon både kulturelt, språkleg og medie-/teknologihistorisk. Eg vil tru at det kan bli enklare å forklåre kva det er som gjer Jon Fosses og Frode Gryttens tekstar til det dei er viss ein slepp å måtte byggje undervisinga i nynorsk midt i den legitimeringssuppa vi no symjer rundt i: Det er ein viktig skilnad mellom bokmål og nynorsk, og den har både historiske, geografiske og ikkje minst estetiske forklåringar (faktorar som er viktige kvar for seg men ikkje minst i samspel), som ein mykje meir elegant kan få fram dersom ein nærmar seg heile tekstkulturen annleis enn det morsmålsfaget opnar for.

Og Jon Fosse er no ein ting, eg kan nytte noe så simpelt som meg sjølv som døme: Eg kjenner ikkje på nynorsken som primært eit språk som skal skilje meg frå dansk elitepåverknad eller som eit mål for dialekta mi, men primært som eit språk som ber med seg verdiane eg har vokse opp med der eg kjem frå, og som har språkestetiske ideal som dermed både plasserer meg og gjev meg identitet, i tillegg til at desse estetiske ideala skil det frå både engelsk og bokmål og gjev meg eit anna repertoar. Dette er med på å gje tankane mine andre former og det språklege uttrykket for tankane ein annan musikk enn det både bokmål og engelsk gjer. Nynorsken er ikkje dermed betre og bokmål/englesk dårlegare, men det er annleis. Denne annleisheita, heimekjensla, estetiske kompassnåla, kan ein nytte både på bokmål, engelsk og nynorsk, og eg trur at nynorsken er ein viktig berar av alle desse ideala for svært mange i Noreg, slik bokmålet er det for andre.

Uansett. Eg trur både nynorsken og bokmålet kan overleve, som to viktige skriftspråksinsitusjonar med lik reell status, og med den statusen nynorsken har fått som skriftspråk, meiner eg attpåtil at det er svært viktig, om ikkje av dei same årsakene som for 150 år sidan. Spørsmålet om karakterfesting kan bli eit spørsmål om koss og når i utdanningsløpet, snarare enn om.  Vidare kan ein bringe spørsmålet om sidemål (les: nynorsk) vekk frå feltet til blårussen, der ein trur språk berre handlar om flat transport av nøytrale idear mellom hovud, og der ein trur dette kan reknast om i effektivitet, kroner og øyre.

norskfaget, sidemål, skule ,

Tinderbox for Mac

October 2nd, 2008

Skjermdump av ei Tinderbox-side. Klikk for større.

Eg ser i min Twitter-krins at fleire har nyleg konvertert til Mac, medan andre vurderer det. I samband med dette, som long-time Shia-macbrukar, vil eg skryte av eitt av programma som berre finst for Mac (har ikkje funne noe tilsvarande for Win/Linux), og som gjer organiseringa av tankar, idear, tekstar, konsept, etc. mykje enklare: Tinderbox

Tinderbox er eit program for å samle notat, tekstutklypp, lenker, etc., og for å organisere desse på ulike måtar; hierarkisk, romleg, tematisk, etc. Notat, eller heile konseptkart/resonnement kan leggjast inni kvarandre, og ein kan lenkje på ulike måtar mellom elementa, søkje på dei på ulikt vis, og sjå dei på mange ulike måtar. Dei ulike elementa (boksar, notat, etc.) kan gjevast ulike eigenskapar og reagere på kvarandre (til dømes at alle boksar tagga med “blogg” blir samla i ein konteinar med boksane med eldst datostempling lengst vekk frå sentrum, etc. Fantasien er den reelle begrensinga her).

Det er eit vanskeleg program å forklåre, men verdas enklaste å bruke — Mark Bernstein som utviklar programmet peiker på at det er designa for å vokse med brukaren. Du byrjar med enkle notat, og byggjer ut funksjonaliteten etter kvart. På biletet over (klikk for å forstørre) ser du ein skjermdump med eit lite utsnitt av ei av sidene mine, der det går lenkjer mellom ulike konsept, og du kan skimte konteinarar som inneheld nye verder av relasjonar og konsept, med sine lenkjer inn og ut til andre ressursar. 

Avansert og enkelt på ein gong, og skalerbart. Eg har det oppe heile tida, og samlar idear, tankar, lenkjer, artiklar, som eg anten direkte eller etterkvart set i relasjon til anna andre stader i Tinderbox. Er du ein info-sucker kan eg sterkt tilrå dette.

data mining, mac, programvare , ,