Archive

Archive for December, 2008

Dei hemmelege skuletekstane og NDLA

December 10th, 2008

I kveld går turen til Oslo, der vi skal ha eit par dagar med NDLA-arbeid på dagtid (og der eg skal prøve å bruke ettermiddag og kveld på strukturert artikkelskriving. Yeah, right). Nytt batteri i den etterkvart tilårskomne Mac Book-en og mobilt breidband frå Telenor skal borge for tett kontakt med The Matrix når eg måtte ønskje.

Ein del av arbeidet for tida vil handle om det som før blei kalla “lag 2″ i NDLA, men som no blir kalla delingsarenaen, av strategiske og pedagogiske årsaker. Delingsarenaen blir testimplementert i månadane som kjem, før tanken er å lansere det som ein del av NDLA. For dei uinnvigde: Lag 1 i NDLA er det som du finn og vil finne her, altså redaksjonelt utarbeidd/godkjend lærestoff presentert i eit nokså tradisjonelt lærebokformat. Det vil seie: Informasjonselementa (bileta, tekstane, oppgåvene, filmane, etc.) er lagra/organiserte slik at det er relativt enkelt å lage fleire vegar inn i stoffet. Det er til dømes interessant å kunne søke på alle oppgåvene som er laga på taksonominivå X, som handlar om emne Y og som er berekna på gruppearbeid over ei veke på det aktuelle klassetrinnet. Dette er det reint teknisk lagt opp til. Dette gjeld altså “lag 1,” det nokså tradisjonelt orienterte lærestoffet.

Rosina i NDLA-pølsa (ein metafor eg ser det er vanskeleg å få noe godt ut av) er etter mitt skjønn delingsarenaen. Her er det meininga å skape rom for å jobbe med ulike typar tekst, informasjon, tilnærmingar og metodar på nett, og hale det som skjer i klasserom og på arbeidsrom ut i den verkelege verda fylt av ekte folk. Elevane i skulen er i ferd med å danne og utdanne seg sjølv i dei teknologiane for lesing og skriving som no siv inn og overtar mange av rollene eldre tekstteknologiar har hatt, medan skulen så langt har halde på den hemmelege tekstkulturen sin: Ingen skal sjå teksten anna enn ein lærar, absolutt ingen skal bruke han vidare, og det meste du gjer skal du gjere i full einsemd. Stikk motsett av koss vi jobbar med tekst og informasjon i den verkelege verda, med andre ord. Ein viktig del av denne hemmelege kulturen er sjølvsagt behovet for kontroll, i eit regime der alle elevar i utganspunktet er truande til å bryte denne kontrakten av einsemd gjennom juks, altså det som for resten av levetida deira blir kalla samarbeid og kjeldebruk.

Delingsarenaen er då meint som eit forsøk på å opne opp skuletekstane mot resten av verda, eller å kople desse storleikane. Elevane har med desse digitale tekstteknologiane ikkje berre kraftige reiskaper til å tolke og sortere verda for seg sjølv som ein del av sin eigen tanketeknologi, men dei har fått høve til å bringe sine eigne tankar ut, mulegheiter til å skape og påverke — både ei innoverretting og ei utoverretting i tankeverksemda si ved hjelp av desse literacy-teknologiane. Dersom målet med skrive- og leseopplæring, eller danning i det heile, er å ruste elevane til å bli kritiske og deltakande menneske som kan nytte kunnskapane sine til å gjere verda betre, kan ein etter mitt skjønn ikkje late vere å utnytte akkurat dette potensialet (for det er trass alt berre eit potensiale) i digital teknologi. Ein kan heller ikkje late danninga i desse skriveromma vere opp til elevane sjølv, som tekstkulturar som heile tida befinn seg under skulens radar. Vi treng både skriverom og språk for å snakke om dette, men har eigentleg i skulen ingen av delane.

Her er sjølvsagt fullt av skjær i sjøen. Er det i det heile muleg å tenkje seg at fenomen som har vokse fram som sjølvmotiverte aktivitetar (tagging, folksonomi (til dømes rating av artiklar), deling) kan takast inn i skulen, eller blir det berre nok eit forsøk på å skulifisere ein kultur som høyrer til andre stader? Kor interessant er det eigentleg å blogge når det er norskleksa til neste veke? I tillegg er jussen i det å leggje ut elevarbeid ei utfordring. Alle er i delingsarenaen knytt opp mot sin eigen identitet, og ingen kan vere anonyme. Elevane er verna av personopplysingslova, og mykje av det vi ser av sjølvmotvert skriving på nett inneheld så myke sensitiv informasjon at det blir vanskeleg å leggje dette ut som skulearbeid, ope og ikkje-anonymt. Ei anna utfordring er å formidle desse ideane til dei som skal bruke dette i skulen. Dette kan vere svært vanskeleg, når ein her opererer med ulike kunnskapsideal og når språket og termane mellom dei ulike tradisjonane er inkommensurable. Det liknar mykje på førestellinga om ulike paradigme, dette.

Eg trur uansett ikkje på å prøve å lage Facebook for skulen, men å vere heilt tydeleg og klår på at dette er skule. Likevel trur eg at det går an å vere like tydeleg på å formidle at skulen er ein del av verda utanfor klasserommet, og at utdanning ikkje er fråkobla verda. Å samarbeide på tvers av studieprogram og fylkesgrenser om ein fagleg wiki vil såleis (som eitt av fleire døme) kunne vere ein aktivitet som reelt har ein funksjon for elevane, både som prosess og produkt, og som ikkje er adskilt frå idear, metodar og teknologiar utanfor skulen, men ein del av ein heilskap. Ein vil sjølvsagt aldri kunne skape den same entusiasmen rundt tekstane på denne arenaen som eleven har rundt sin eigen blogg eller i dei situasjonane dei chattar med vener på ettermiddagen, men det er heller ikkje naudsynt, viss ein greier å skape meiningsfylte arbeidssituasjonar og synleg- og levandegjere dei overordna måla ved det å gå på skule i det heile. Og å ta høgde for vandalisme og andre slagsider av det å kaste seg ut på nettet på denne måten er ein del av heile dette digitale danningsbiletet — kvifor ikkje lære å forhalde seg til ulike nivå av dette i skulen?

Eg er usikker på om ein delingsarena som dette vil kunne bidra til dette, men eg er i alle høve sikker på at dei hemmelege tekstane og haldningane til elevar som suspekte personar ein har behov for å sperre inne og kontrollere ikkje er vegen å gå.

literacy, ndla, norskfaget, skule , , , , ,

Aldri så gale at det ikkje er godt for skulen

December 8th, 2008

Det er ikkje meininga å tråkke noen på føtene dersom dei no går inn i ei lang og svart økonomisk natt og slit med for for høge lån, men det er no eingong mi ærlege meining at det er fleire sider ved denne krisa vi no er på veg inn i. Ei av desse handlar om rolla utdanningssystemet kan spele i prospekta vi har frametter, kor vi kjem frå, er og vil gå. Inkje mindre.

I Dag og Tid skriv Atle Måseide om skulen og pedagogikken, noe han har gjort mange gonger før. Eitt av poenga hans er nettopp slagsida ved vendinga pedagogikken tok ultimo 60-/primo 70-tal, med dei følgjene at krav til faglege kunnskapar både blir reduserte og sett på som årsaka til mykje vondt i skulen, som reduserte sjølvbilete, mobbing, segregering, etc. Desse mjuke, sosialt orienterte pedagogiske tankane har bidrege til eit fiendebilete i den fagleg dyktige, universitetsutdanna læraren med ambisjonar for faget sitt i skulen, slik at vi i skulen ikkje kjem vekk frå dikotomiar som fagleg dyktig versus pedagogisk flink lærar, sosialt tilpassa elev versus fagleg flink elev, osb. Dette fiendebiletet tilhøyrer ikkje fortida, men lever feitt i dag.

Måseide gjer ei kopling (fritt etter hausen her, har avisa liggjande heime) mot kva syn ein elev har på seg sjølv i dag, og med fare for å høyrest ut som ein gamlis må eg innrøme at dette er noe eg kjenner igjen både på skule- og universitetsnivå: Identiteten, sjølvkjensla til menneska i eit slikt system som vi har konstruert botnar ikkje i tilkjempa ferdigheiter eller prestasjonar til dømes tilknytt fag, som eleven har jobba fram mot. Men det manglar ikkje på sjølvkjensle, likevel, hos mange av dei unge. Viss den då ikkje er festa i noe av substans, borgar det for problem, både på individuelle og sosiale nivå. Vi kan se dette mellom anna i koss ungar og ungdom relaterer seg til systema rundt oss, som til dømes media. Vilkåra for tv-sjangrar som Idol og ulike realitykonsept finn vi mellom anna i at vi har oppseda menneske som faktisk og reelt er utrusta til å finne tilhøyrigheit, idear og draumar her — eitt av mine store prosjekt som far er å prøve å forklåre ungane at dei faktiske kunnskapane ein god artist dei ser på tv har er eit sikrare kort enn 2,5 minutt i beste sendetid.

For min eigen del kan eg tilføye: Det lèt ikkje til å vere eit overordna mål med det å ta utdanning, anna enn at det i høgda er noe ein må for å skaffe seg ein bestemt økonomisk status. Verdiane ligg plasserte rundt omkring andre stader i samfunnet enn i det å etterstrebe ideal knytt til kunnskapar, det å kunne analysere, kritisere og skape, endre, osv. Dette er mellom anna årsakene til at elevane langt meir frykta å kome for seint til ettermiddagsjobben på bensinstasjonen enn dei frykta nedsett karakter av di dei ikkje gidd levere skulearbeid: Sjefen på bensinstasjonen er personen som står mellom dei og ein ny iPod, og eg som norsklærar eller førelesar representerer ingen reell trussel i dette verdisystemet. Eg er oppseda av to kraftsosialistar (i alle forstandar av ordet) som også hadde materielle mål med det dei kjempa for — at ungar og barnebarn skulle ha det betre enn det dei hadde det i barndomen — men ikkje utan ei ramme av andre verdiar og perspektiv.

Eg er ikkje så naiv at eg ikkje ser at dette er ekstremt samansett, og ikkje minst prega av globale føringar og hendingar. Likevel, ein av komponentane i denne samansettinga er økonomien vår, men kan hende viktigare koss den har kome til oss og koss den har blitt verande der. Hadde vi på 60-talet jobba oss inn i ein innovativ tralt, der vi kom der vi er grunna kløkt, dugleik, kunnskapar og ikkje minst system som la til rette for at slikt kunne dyrkast og utviklast (= til dømes skule og forsking), hadde det no vore ein ting. Men det var aldri slik det var. Vi kom til å sparke borti ei kran som har runne sidan, og vil renne enno nokre år. Vi fekk det vi trong på andre måtar enn til dømes Finland, som erke-dømet i alle utdanningsdiskusjonar, fekk det. Dette kan enno ei stund skjule at vi langt på veg prioriterer viktige ting (igjen: skule og utdanning) som eit utval apekattar ville ha gjort det.

Så, kan hende det at vi no mest sannsynleg går inn i ein smalare periode snarare kan snuast til moglegheiter i staden for å bli oppfatta som eit trugsmål? Eg trur nemleg det, men ikkje viss alt som blir sagt om denne økonomiske krisa blir ikledd språkdrakta og termane til dei som har forårsaka krisa, som når (oh, the disappointment) Kristin Halvorsen oppmodar til å ta ein ekstra kjøperunde før jul, for å sparke i gang forbruket litt. Viss eg kan spekulere svært enkelt i følgjande scenario: Om tre-fire år står ein bråte med studentar og bankar på universitetsdørene, konkurransen om studieplassar aukar, ikkje berre på motestudia, og det forplantar seg nedetter i systemet. Vi har etterkvart eit klima der vi kan spele på andre oppfatningar av identitet enn det vi maktar i dag, der kunnskapar blir oppfatta som noe som faktisk og reelt betyr noe. Dette er verdiar som kan takast rett ut i forsking og utdanning. Kan hende greier vi å starte avvenninga frå oljepuppen nokre tiår tidlegare enn tenkt, om det då er tenkt noe her?

Når vi då går ut av krisa, om nokre tiår, kan vi då moglegvis gjere det som oppjusterte folk, ein slags Ape 2.0, som er rusta til å takle det at vi faktisk må skape noe sjølv etterkvart?

skule ,