Eg deltok på ein konferanse på Lillehammer i regi av Utdanningsforbundet førre veke, der eg presenterte NDLA for ei forsamling forbundsmedlemer. Ein viktig del av NDLA-konseptet, og det som skil det frå ideen om ei lærebok på nett, er det som tidlegare blei kalla “lag 2″ men som vi no omtalar som delingsarenaen på NDLA. Vi har altså byrja lanseringa av den redaksjonelt godtkjende lærebok-aktige delen av NDLA, medan delingsarenaen blir testimplementert i haust.
Delingsarenaen er meint å vere ein arena på nett der både lærarar og elevar kan samarbeide om, lese og publisere arbeide av ulikt slag — eit slags wiki-liknande miljø, med mulegheiter for å lenkje mellom tekstar, rangere tekstar etter relevans og interesse, jobbe vidare med tekstar, osv. Tanken her er ein viktig del av det NDLA i si tid fekk midlar for å gjere: Å lansere ein arena for læring med både lærebokstoff (lag 1) men endå viktigare med ein arena som muleggjer og stimulerer til produksjon og deling, både for lærarar og elevar.
Det torer vere ei kjent sak at NDLA er omdiskutert, ikkje minst blant forleggjarar, som meiner vi er eit statsforlag som øydelegg ein lærebokmarknad. Eit Google-søk gjev deg referansane til denne diskusjonen. Kan hende litt meir overraskande var det at Utdanningsforbundet (UF) tidlegare i år sendte ut eit brev til alle medlemmane sine der dei fråråda medlemmane å bidra med si arbeidskraft i NDLA. I argumentasjonen knyt dei dette både opp mot delingsarenaen, der dei ser på publisering ope og under ein by-nc-sa-lisens som å gje vekk gratis arbeidskraft til arbeidsgjevaren, men òg til NDLA som heilskap og vår rolle og innverknad på det dei meiner er ein liten marknad for læremiddel.
Eg opplevde det då som litt merkeleg at min presentasjon av NDLA blei ledsaga av eit nyopptrykk av dette frårådingsbrevet — det låg i ei tjukk bunke på eit bord i lokalet, og ein UF-representant gjorde merksam på kva UF-synet på NDLA var rett etter eg hadde hatt mi økt, og tilrådde alle å ta med seg brevet heim. No såg eg dette kome nokre minutt før eg gjekk på podiet, og brukte høvet til å gjere merksam på heile dette saksforholdet frå første stund, men likevel hadde eg ei slags hòla-til-løva-kjensle under heile presentasjonen.
Denne uvilja mot NDLA-prosjektet ein ser kome frå ulike kantar, både som skuldingar om statleg/fylkeskommunal sabotasje av ein lærebokmarknad frå ei rekkje forlag (ikkje alle), og som skuldingar om utnytting av lærarar i form av bidrag på ein delingsarena, får eit litt komisk skjer over seg når ein ser kva dei andre som fekk tildelingar av dei same midlane som NDLA fekk gjer med sine midlar, og kva reaksjonar dei får. Oslo var den einaste av fylkeskommunane som ikkje ville vere med på NDLA-prosjektet, men dei fekk midlar til å lage eit matematikkspel, World Beside. World Beside er herleg skåna for kritikk, av di dei har gjort det marknadsvenlege grepet å gjere spelet til ei betalingsteneste.
Ved sida av å vere marknadsvenleg, er dette òg forlagstru og -venleg, ved at dei for det første etablerer seg etter kjende og trygge marknadsmekanismer som ikkje utfordrar nokre modellar for handel og distribusjon, og ved at dei gjer det same mot elevane som forlaga: Dei får statsstøtte for å lage eit produkt dei vil tene endå meir pengar på av skulane.
Her er det mange interessante poeng. Denne forretningsmodellen, å få statsstønad for å kunne utvikle noe som skulane i neste omgang må bruke opp læremiddelpengar på å kjøpe, er fritatt for ein kvar ideologisk kritikk her til lands, anten det no er frå politikarar, kunnskapsarbeidarar eller fagforeiningar og interesseorganisasjonar (som UF og Elevorganisasjonen), medan eit foretak som vil gje tilbake til offentlegheita (gjennom by-nc-sa-lisensen av materialet vi produserer sjølv) det vi har fått stønad for å produsere, blir ståande igjen som ulven som freistar å blåse ned forlagshusa og ruinere valfridomen.
At forlaga ikkje ser at dette er ein marknad for dei (minimum 40% av midla blir brukt på eksterne produsentar, i realiteten meir) er ein ting — dei får no heller gå sin seige død i møte uvitande om at andre bransjar med dei same innstillingane døyr som fluger rundt dei. Men at skulefolk (lærarar, UF, Elevorganisasjonen) ikkje ser at dette opnar for eit mangfald av innfallsvinklar, ressursar og læremiddel i ein situasjon der læremiddela skal vere gratis for elevane, er for meg vanskeleg å forstå.
Mykje det same gjeld denne delingsarenaen. Skal ein utvikle digital kompetanse, og det skal ein, gjer ein ikkje det gjennom å lese om det i ei bok gjeven ut av W. Nygaard, like lite som ein blir from og frelst av å drikke altervin. Ein må endre praksisar, og kome seg ut der det skjer, og der det skjer, altså skriving og lesing i dag, er i stor grad (om enn ikkje berre) i digitale medium. Folk etablerer heildigitale skrive- og lesevanar, tekstsjangrar oppstår som ikkje kan tenkjast på papir, aviser og mediehus reorienterer seg mot nettet, og musikk og film blir konsumert der. Gutenberg-galaksens kontroll over det publiserte og spørsmålet om forfattarskap er kraftig utfordra i digitale nettverksmedium, og det gjev ikkje lenger meining å bruke dei same omgrepa som før for å skildre kva skriving, lesing, forfattarskap og tekst er: Gamle omgrep og praksisar må redefinerast i møte med det nye.
Dette er erkjenningar ein gjer i teorien og freistar å føre inn i skulen gjennom læreplanar og styringsdokument, så kvifor skal ein ikkje gjere det i praksisane våre? Kvifor insisterer vi på den trygge skrivebordsskuffa (som i ny drakt er læringsplattformar som it’s learning) som alle tekstars og skuleoppgåvers endelege mål, når resten av verda beveger seg ut i eit nokså flytande medium for tekst der ein klypper, limar, deltar, deler, tilpassar og gjenskapar? Her handlar det, for å sitere NDLAs prosjektleiar Øivind Høines, ikkje om å dyrke det friksjonsfrie, som vi så trygt og godt gjer i eksisterande kunnskapsparadigme, men om å etablere rom for det kontrollert friksjonsfylte.
Kombinasjonen redaksjonelt kontrollert læreverk og delingsarena som svar på det rommet for kunnskapar, deling, publisering og samarbeid som mange i skuleverket saknar, er ei byrjing på å kome i møte dei krava til digital literacy vi ser samfunnet stiller, og som læreplanane forpliktar oss til å ta alvorleg. Eg ser ikkje at verken forlaga eller Utdanningsforbundet har dette perspektivet i noen av innvendingane dei har mot NDLA. Særleg skuffar Utdanningsforbundet her, der dei overser dei skulepolitiske perspektiva med utspela sine, og reduserer si eiga rolle til ein nærsynt grevling av eit lønnspolitikkdyr.


12 Comments
Nå har aldri lærerorganisasjonene vært av de mest fremsynte. På 70-tallet gikk de i demonstrasjo for å bevare lørdagsskolen. Jon Severud i Hordaland sier at lærernes viktigste kompetanse er konserveringskompetanse – så det så….
Sant nok, men det er jo lov til å håpe
Eg opplever jo då òg i denne samanhengen at dei ikkje nødvendigvis blir respektert av medlemmane.
Jeg sa vel mitt i kommentar til NDLA-innlegget om UF sitt brev. Godt skrevet, Arne Olav. Jeg er ikke i UF og jeg er for NDLA, inkl lag 2. Stiller meg fremst i køen av bidragsytere når det kommer, og håper å inspirere kjente og ukjente kolleger fra fjern og nær til å bidra, slik at vi tilsammen sparer hverandre for den verdifulle og “dårlig” betalte tiden vår.
‘Anything that exists in the world before you are born is part of the normal way in which the
world operates. Anything invented while you’re between the ages of 15 and 35 is
revolutionary – and quite possibly something you can get a career out of. Anything invented
after the age of 35 is against the natural order of things.’
Douglas Adams, quoted in SSAT, Harnessing New Technologies, July 2005. (Sist høyrt på SDU08 av Mike Butler)
Guttorm: STRÅLENDE sitat! Veldig bra!
Hehe, denne eksisterer jo i fleire versjonar, men D.A. er jo som regel treffsikker og velformulert
Glimrende skrevet om et deprimerende lite overraskende fenomen.
Ja, men ein har jo lov til å håpe. Eg har vakse opp i ein heim med to kraftsosialistar (i alle forstandar av ordet) av noen foreldre som gjerne kunne vere fagforeiningsfolk på sin hals, men aldri mista av syne alle aspekta ved det å drive fagforeiningsverksemd. Det gjer UF her.
Sukk… UF er håpløse på slikt. Skjønner ikke hvordan de overhode kan si noe positivt om IKT i skolen når de har slike holdinger generelt. Men, jeg har ikke helt fått med meg at NDLA var by-nc-nd – hvorfor føye til nd, og ikke bare by-nc?
Du har rett i at det ikkje er by-nc-nd, det er by-nc-sa — tok det frå hausen men bomma– rettar det opp med ein gong.
Ja, dette ser jo ut til å være en arena for menigheten. La meg da tone flagg med en gang: Jeg er forlagsmann. Ettersom forlagene etter argumentasjonen å dømme bare er en treg, profittmaksimerende bransje, er det mulig det ikke gjør meg meningsberettiget i deres øyne, men den sjansen får jeg ta. Menigheten må få høre noen andre synspunkter, også.
Jeg har jobbet i forlag i ca. 9 år. I den tida har jeg prøvd å lage tidsrikte læremidler i samfunnsfag – såvel i bokform som på nett. De siste 6-7 har vi i mitt forlag hatt en kraftig satsning på nettet – nettopp fordi vi har sett at framtida for læremiddelproduksjon i stor grad vil være digital. Og jeg har laget digitale læremidler som er langt mer multimediale enn NDLA-nettstedet i samfunnsfag, som jeg har brukt en del tid på å se på.
Mitt “problem” er selvfølgelig at jeg må ha inntekter av dette, så det jeg bidrar til å lage må koste penger. Ettersom jeg er avhengig av at brukerne liker det jeg lager, må jeg ha tett kontakt med dem. Det bidrar, tror jeg, til at det jeg lager er både brukervennlig og tidsriktig – ellers vil de ikke kjøpe det. Da kjøper de kanskje noe fra konkurrenten i stedet.
Slike hensÿn trenger ikke NDLA-folket ta. De kan bare bestemme hva som er bra uten å høre på noen andre enn seg selv, og fylkene kan indirekte tvinge folk til å bruke det. Hvordan skal vi konkurrere mot det? Du sier at mangfoldet kan bli opprettet gjennom å selge ting til NDLA. Problemet er bare at det da blir fylkene som på den ene siden utvikler innhold og som på den annen kjøper inn innhold for skolene. Det blir altså “fylkesbestemt mangfold” – omtrent som man i Iran har “vokterbestemt demokrati”. Hvordan kan vi være med på noe slikt?
Det er dette Utdanningsforbundet ser, som du ser som en gåte – at ingen er tjent med at mangfoldet forsvinner. Og det vil det om noen år – hvis NDLA fortsetter.
Hva har dette med grevlinger å gjere?
One Trackback/Pingback
[...] Olav skriver om Utdanningsforbundet (UF), som gjør sitt beste for å advare medlemmene mot å ta i bruk NDLA. Begrepet “nyttige [...]
Post a Comment