Vått og kaldt, og breiflabb overalt
Eg er i Bergen og deltar på eit kurs på UiB i korrespondanseanalyse (Correspondence Analysis), ein statitsisk datareduksjonsmetode som mellom anna gjer det mogleg å handsame nokså store datamengder og gje dette eit visuelt greitt uttrykk for tolking og utforsking. Dette er eit intensivkurs over to dagar halde av Daniel Apollon, som (heldigvis) ser ut til å bli bi-rettleiaren min. Kjekt, men mykje nytt, ved sida av alt det utanom-metodiske nye på dette digitale fagfeltet.
Bergen har vist seg som ein einaste stor klisjé i heile dag: Høljeregn og på toppen av alt lyden av buekorps oppi gata her. Hadde fyren i hotellresepsjonen kalt seg sjølv Piddi, hadde eg sett meg om etter eit skjult kamera.



Velkommen til vår hverdag
Nå regnes jeg neppe for noen erkebergenser, og jeg liker ikke buekorps. (Hadde de enda trommet og gått i takt i toget, så kunne de jo vært stilige å se på…).
Været i går og i dag er som en normal julaften. Du kan dermed forestille deg ekstasen hos barna da det kom snø forrige uke!
No er eg trass alt vestlending, då
Eg kjem frå Sogn og bur på Sandnes, så regn er ikkje ukjend for meg. Men på Jæren er alt lysare, sjølv om det regnar tett. Fjella i Bergen og ikkje minst i Sogn gir deg verkeleg kjensla av å bli klemt i hop.