Prisen for å få det gratis
Før jul nytta eg JumpCut saman med ei gruppe fjernstudentar eg underviser, der ei av oppgåvene handla om det å gå andre vegar for å lage rapportar, dokumentarar og forteljande tekstar. I innspurten til studentane kom meldinga om at Yahoo kutta ut JumpCut, sannsynlegvis av kostnadsårsaker. Ein har framleis tilgang til filmar ein har laga, men ein kan ikkje laste opp nye klypp.
Heldigvis, får eg seie i ettertid, valde dei færraste å nytte JumpCut — dei hadde valet mellom fleire verktøy, og dei aller fleste nytta GoAnimate, ei teneste som har mange likskaper med JumpCut og andre w20-reiskapar: Registrer ein konto for ei gratis teneste, og håp på det beste. I prinsippet ligg GoAnimate i den same risikosona: Legg du ut skulearbeid her, har du ingen garanti for at du finn det igjen når karakteren skal setjast. Verken Jumpcut eller GoAnimate har funksjonar for å laste ned produktet du har laga til disken din, så produkta du skaper, kan du aldri fullt ut eige.
Eg må nok røme inn at eg ein del av denne generelle optimismen rundt konseptet gratis på nett, og har formidla dette på mange måtar til skulen. Når då dei enkle spørsmåla, som “det kan då ikkje vere gratis,” “kva då om [fyll inn W20-tenesta her] går konkurs” og “er du heilt sikker på at eg alltid får tak i det når det ligg på nett,” har blitt stilt, har eg lett overberande ledd det heile vekk. Konseptet “gratis” følgjer andre reglar enn dei som rår i ein økonomi som er avhengig av verdslege ting som produksjon av fysiske eksemplar, transport, etc.
Chris Anderson skriv om dette i artikkelen Free! Why $0.00 Is the Future of Business, og får kommentarar til dette av Eirik Solheim, mellom mange andre, som undrar seg over dette med kostnader: Produksjon av eit medieprodukt eller ei datateneste er ikkje gratis. Distribusjonskostnader er som regel noe heilt anna i det digitale enn i det analoge, men det er framleis snakk om tenester som krev fysiske gjenstandar som harddiskar og nettverk, som igjen kostar. Det enkle og billege i distribusjonsdelen blir igjen svært komplisert i merksemdsdelen av forretninga. Påstanden om free as the future of business kokar då ned til mellom anna at du får produkt gratis mot å betale for tenester tilknytt produktet.
Den største investeringsrisikoen i denne økonomien er det likevel du og eg som tar. Dersom du har lagt tid ned i konseptet JumpCut, har du no ikkje høve til å gjere noe meir med det, ikkje ein gong laste det ned. Denne risikoen går du til fleire nettenester med, som til dømes GoAnimate, som fleire lærarbloggarar har brukt. I praksis vil dette òg gjelde Googles tenester, som calendar, documents, etc., sjølv om du her har høve til å eksportere dokumenta og lagre dei på disk. No trur eg ikkje nødvendigvis Google legg ned documents-satsinga si, men mange av oss trudde det same om Notebook, som nyss blei kutta. Og alt eg har av e-post dei siste 4 åra ligg på Googles serverar.
The Economy of Free har altså ein risiko som kan hende er større enn det vi liker å tenkje på. Eg fryktar at denne risikoen aukar i desse finanskrisetidene. Facebook kan stå som eit døme på dette. Det er gamalt nytt at du nesten sel sjela di etter gamal møt-djevelen-i-vegkrysset-modell når du opprettar ein Facebook-konto, og vi har vel eigentleg aldri trudd at biletet frå helgeturen til Amsterdam som ein dårleg kompis la ut skulle kunne kome til å brukast til noe. Men no signaliserer altså Facebook at dei tenkjer å gjere nettopp det, av di dei er nøydde til å ta ut kapitalen vi har sett inn. Nett som Robert Johnson, altså, berre at han fekk noe kulare igjen for sjela si.
Så før noen bruker fritt av bileta av meg på Facebook, vil eg berre seie følgjande: Det var ikkje meg for eg var heime akkurat då, dei to stripene kvitt pulver på spegelen foran han som ikkje er meg er bruspulver, og blondinene til høgre og venstre for meg er uansett tantene mine.

