Home > bibliotek, kunnskapsorganisering > Det kjem litt an på lengda òg

Det kjem litt an på lengda òg

March 2nd, 2009

 

British library reading room, Sifter (cc)Denne artikkelen på O’Reilly.com drøftar Amazons Grand Ambition lansert samstundes med e-bok-lesaren Kindle, om at absolutt alle trykte bøker, ikkje berre frå no av, altså, skal kunne vere tilgjengeleg, trådlaust nedlastbart innan 60 sekund. Inkje mindre. Dermed streifar artikkelforfattaren, Jim Stodgill, innom følgjande interessante poeng:

Lesing i digitale medium forstått som ein aktivitet der ein orienterer seg, studerer, les nyheiter, bøker eller artiklar (til skilnad frå lesing som aktivitetar i sosiale nettverk), synest eg ofte blir omtala som nokså todimensjonale, flate og overflatiske aktivitetar, der ein ofte set opp trykte medium (boka, avisa) som medium eigna for lesing i djupna, medan skjermen er ramma for det flyktige.

Heller enn å rote seg vekk i diskusjonar om trykk versus skjerm, er det eit poeng kva totale tekstmasse vi faktisk har å orientere oss i digitalt etterkvart. Som artikkelen over antydar, er det problematisk dersom det etterkvart blir eit skilje mellom det som er digitalt og alment tilgjengeleg frå nettet og det som blir fjernare og fjernare for oss i og med at det ligg ikkje-digitalt lagra på bibliotek og arkiv.

Eit godt, gamaldags kunnskapssøk har tradisjonelt innebore å grave i bibliotek og arkiv, og å utnytte kompetansen tilknytt desse institusjonane. Sjølv om dette framleis er naudsynt og viktig (eller: det er endå meir naudsynt og viktig no), spørst det likevel om ikkje det byrjar å teikne seg ein strek, for ikkje å seie grave seg ei grøft, mellom dei vidt ulike epistemologiane for kunnskapsorganisering ein alt no ser på nettet (til dømes gjennom Google) og i papirverda.

Denne utviklinga, eller gapet, har dels teknologiske og dels kulturelle årsaker. I dette tilfellet er grensesnitta i dei to teknologiske epistema inkompatible på viktige område grunna sjølve det materielle mediet — digitale og meta-mediale maskiner i globale nettverk har rett og slett eit heilt anna liv enn bøker.  Det er då ikkje heilt unaturleg å tenkje seg sosiale mekanismer  blant brukarane i eit så gjennomdigitalisert samfunn som bidrar til å skuve ut mønster og haldningar knytt til informasjon, fakta, kunnskapsorganisering og læring (for å nemne noe) knytt til gamle episteme. Ein kan jo ta ein spørjerunde (og det har sikkert noen gjort) blant folk flest om kor stor rolle biblioteka har når ein skal skaffe seg kunnskapar om noe, lese, høyre på eller sjå ein film? Eg vil gjette at på same måten som Wikipedia tar over for leksikona og nedlasting for CD-plater, finn folk andre, og digitale, kanalar som erstatning for biblioteka. Ein forlet altså dei gamle prinsippa, institusjonane av di det ikkje blir opplevd som betre enn nyare alternativ, relativt uavhengig av om ein faktisk går glipp av noe. Og, jo, eg trur vi går glipp av noe.

Vil ikkje digitaliseringsinitiativ som Google og Amazon (og dei som ligg i føringane for ABM-sektoren framover) hjelpe på eit slikt gap? Jo, sikkert til ein viss grad. Ein kan jo håpe på det. Det er lett å late seg begeistre over digitaliseringsinitiativ på alle frontar. Men det er slett ikkje tilfeldig koss dette blir gjort, kva motiv som ligg bak, og også kva teknologiske løysingar som blir valde.

I tillegg er det noe med det Lev Manovich refererer til som språket til dei nye media: Det krev sin teknologiske og kulturelle brubyggjar for å gje digital tilgang til ektefødd analogt stoff (tilnærma) like enkelt som til ektefødd digitalt stoff. Eit googlesøk vil enkelt føre deg inn i ein blogg, heimeøyrande i Googles univers som bloggen er, medan det skal mykje til på mange plan før det same søket gjev deg treff i eit handskrive diplom frå 1415 som omhandlar ein nabotvist mellom to bønder i Hardanger. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å dra med seg analoge artefaktar inn i digital logikk.

Dessutan, som eg hugsar Eirik Newth har skrive om ein plass, er eit bibliotek eller eit arkiv langt meir enn summen av materialet dei har liggjande: Kompetansen til bibliotekarane og heile konseptet bibliotek let seg ikkje skanne inn, og å leite systematisk etter informasjon blir ofte ein piñata-leik dersom ein ikkje har med seg kunnskapane som ligg i dei ulike tradisjonane til kunnskapsforvaltarar, arkiv og bibliotek.

Så kan hende har den digitale lesinga ikkje eit problem i djupna, som diskusjonen ofte dreier seg om, men snarare i lengda og i breidda, der ein ikkje greier å dra med seg ein kultur som strekk seg lenger tilbake og vidare ut enn det som er teknisk enkelt å skanne inn og indeksere? Er vi i byrjinga på eit episteme som ikkje kjem til å strekkje seg særleg bakover og utover, anna enn tilfeldig og sporadisk?

bibliotek, kunnskapsorganisering ,

  1. March 2nd, 2009 at 23:14 | #1

    Jeg synes det er interessant når bibliotekaren vår for et år siden, begynte med Delicious. Det er ikke så veldig lenge siden, hun eller den forrige opererte med en voldsomt arkivskap med utklipp i store brune konvolutter merket “Kongo-konflikten”, “Kjartan Fløgstad osv. Det er jo spennnende når nettopp bibliotekarene aktivt tar del i denne nye formen for kunnskapsorganisering. Hvordan vil de organisere seg, hvordan vil de gå sammen? Vil det dukke opp alternativer til Delicious? (Overlever Yahoo/Delicious den økonomiske krisen?)
    Nå vil det overraske meg om diplomet du snakker ikke alt er digitalisert, i alle fall kommer det raskt til å bli det.

  2. admin
    March 3rd, 2009 at 03:36 | #2

    Eg trur kunnskapene og tradisjonane til ABM-sektoren er heilt vesentleg i denne digitaliseringa. Og diplomet eg snakkar om er nok digitalisert, men det er for såvidt berre ein del av poenget her — eg trur likevel at digitalisering av litteratur må følgje ein plan som både seier noe om tilfang, kva er med og kva er ikkje med (og kvifor) i tillegg til metaspråklege forhold, koss dette skal forholde seg til institusjonane, etc. Ei flat digitalisering av det Google tilfeldigvis får tillating til å scanne inn, fører til ei slagside i kva vi vil finne når vi søkjer — og mange av oss går på Google og Google Books/Scholar når vi byrjar litteratursøk.

    Eg hadde ei fin oppleving i går, då eg ringte universitetsbiblioteket for å få fat i ei bok. Grunnen til at eg gjekk til dei, var at eg akkurat no ikkje har råd til å kjøpe frå Amazon. Likevel: Boka var ikkje her på univ., men dei hadde ho på eitt av dei andre universitetsbiblioteka, og i løpet av maks ei veke ligg ho i posthylla mi. Eit fabelaktig system av samarbeid og kompetanse, og eit ønske om å bistå. Heilt bak mål at eg aldri har brukt dei på denne måten før.

  3. March 6th, 2009 at 16:02 | #3

    “Fabelaktig system” – det kommer an på perspektivet. Jeg pleier i slike sammenhenger å fortelle hvorfor jeg ikke ber om å få låne bøker fra bibliotek utenfor Bergen: Jeg så en gang kostnadene ved å gjøre det, hvilket i og for seg ikke er det største problemet. Derimot begynte jeg å tenke på boken som skulle med fly fra Tromsø til Bergen, for at jeg skulle lese litt i den, for deretter å skulle flys tilbake. Å flytte informasjon på den måten synes ganske meningsløst, og representerer en del av systemet som jeg nok ikke har et stort nehov for å bistå.

  4. admin
    March 7th, 2009 at 00:21 | #4

    Hehe, jo, du har sjølvsagt eit poeng, men det er ikkje heilt uproblematisk å ha eit carbon-emission-perspektiv på absolutt alt. Viss vi gjer ei bok i posten til eit problem, legg ein lista for kva som er miljøetisk rett å gjere ein plass det blir svært vanskeleg å gjere noe som helst slik samfunnet vårt er innretta. Du må hugse på at det finst reknestykke som fortel at sykkelturen din t/r HiB er like miljøfiendtleg som om du køyrer bil, av di energien du sjølv bruker fører til ei auke i næringsmiddelproduksjon, osv osv. Eg ønskjer derfor sjølvsagt digitalisering av bøkene eg treng, av fleire årsaker, men i mellomtida nyt eg godt av postgangen.

  5. March 16th, 2010 at 16:00 | #5

    Благодарю за статью! подпишусь на рсс!

  6. March 28th, 2010 at 04:07 | #6

    смотреть онлайн сериал интерны

  1. No trackbacks yet.