Home > d&b, ndla, utdanningsforbundet > del&bruk & NDLA

del&bruk & NDLA

February 27th, 2009

d&b Ingunn tok som kjent eit godt initiativ for eit par veker sidan, då ho oppretta ning-nettverket del & bruk (d&b), ein dele-, diskusjons og hang-out-nettstad for lærarar, skuleleiarar og andre som er tilknytt skule og utdanning på eitt eller anna vis. D&B opplevde i løpet av dei første dagane eit aldri så lite rush av påmeldingar, og er i skrivande stund oppe i 336 medlemmer, som etterkvart har byrja å organisere seg i interessegrupper (norsklærarar til høgre, engelsklærarar til venstre, one cross each). Eit godt initiativ, som òg har gått heim som ein god idè av kunnskapsministeren i Noreg.

Då Nasjonal digital læringsarena (NDLA) for nokre år sidan fekk initierings-/stimuleringsmidlar av Kunnskapsdepartementet, var det mykje takka vere ein søknad som argumenterte for digitale læremiddel designa rundt eit sosialkonstruktivistisk læringssyn. For å oppnå dette skisserte søknaden (som seinare blei materialisert som NDLA) ei todeling i læremiddela: a) eit redaksjonelt godkjend læreverk (fram til no kalla “lag 1”) laga av lærebokforfattarar eller liknande, og b) ein arena for samarbeid og deling, både for lærarar og elevar (først kalla “lag 2,” no kalla “delingsarenaen”). Denne arenaen blei tidleg tenkt som ein slags wiki, med ulike måtar og verktøy for å kommunisere, dele, skape ulike typar innhald direkte i nettlesaren, etc. Mykje av hovudpoenget med NDLA, slik eg ser det, ligg i denne delings- og samarbeidstanken.

Eit par morosame moment kan nemnast her. For det første var dei av oss som jobba med dette (og mange av oss jobbar med dette enno) nokså visse på at ein delingsarena var ein god idè, og at dersom det blei rett gjennomført, ville lærarar landet over sjå nytta i dette. D&B har no sust inn frå venstre som eit prov på dette, og kan hende òg ein konkurrent. D&B har fordelen av å vere frispelt frå alle dei føringane som automatisk knyter seg til prosjekt som er offentlegd eigd og finansiert, har provosert og skapt merksemd. D&B vil heller aldri blande seg inn i kvardagen til ei så konservativ yrkesgruppe som lærarane på den same måten som NDLA gjer det, som i nokre fylkeskommunar blir lansert som eit læreverk alle skal nytte: Ved å vere frivillig er det lett å unngå både forpliktelsar og kritikk, sidan dei gamle hovudfagsutdanna skinnvestane tar nøkkelknippa si og går andre stader. Og det er bra; alle som er med er med.

Eit anna moment er dette: Initiativ som D&B slepp òg kritikken som har kome nettopp mot delingsarenaen til NDLA frå Utdanningsforbundet, som nokså kategorisk har fråråda lærarane sine å dele. Deling vil seie det same som å jobbe gratis, og det vil ikkje fagforeininga ha noe av. Pedagogiske vinstar? Irrelevant. Interessante læringsteoretiske og –politiske initiativ? Gløym det.

Likevel: Det morosame i denne samanhengen, og ekstra morosamt for dei av oss som har deltatt i diskusjonane med Utdanningsforbundet, er at kunnskapsministeren vår, Bård Vegar Solhjell, roser nettopp eit slikt initiativ som dette som innovativt. Er det ikkje tankevekkjande at dei fleste av oss (dykk, for eg er ikkje medlem av Utdanningsforbundet lenger) er organisert i ein organisasjon som dreg i motsett retning?

Så får vi sjå, Ingunn og de andre som legg mykje tid ned i å vere moderatorar i D&B, kor grensesnittet kan gå mellom D&B og delingsarenaen, som framleis for øvrig jobbar med å kome over spørsmål om til dømes personvern, opphavsrett og dei nemnte kjepphestane til Utdanningsforbundet – spørsmål D&B i si blotte frivilligheit slepp å forhalde seg til. Eg trur, heilt for eiga rekning, at det ikkje er rom for begge to heilt uavhengig av kvarandre – det er ikkje så mange potensielle bidragsytarar til slike delenettverk i andedammen vår, jamfør bloggposten og den påfølgjande diskusjonen hos Jørn. Kan hende viser dette at slike initiativ ikkje kan institusjonaliserast – at fylkeskommunalt vedtatt spontanitet ikkje er greia? Eller kan hende kan ein kombinere det spontane og fritt initierte, friviljuge og fandenivoldske med trygg lagringsplass, open kjeldekode og eigarskap til innhald?

d&b, ndla, utdanningsforbundet , , ,

  1. March 8th, 2009 at 15:34 | #1

    No forstår eg kvifor lag 2, delingsarenaen aldri kom ut til folket eller kanskje gjer eg ikkje det. Det vart d&b som vart delingsarenaen eg trudde skulle kome hos NDLA.

    Elles minner eg om at NITO er ein organisasjon som til med godtek lærarar som medlemmar.

  2. August 25th, 2009 at 07:39 | #2

    Vel, jeg ER organisert i Utdanningsforbundet, og lurer på hvor du har det fra at Utdanningsforbundet – som organisasjon eller i kraft av hver enkelt av oss som er medlem der – skulle “trekke i motsatt retning” av det Del&Bruk står for?

    At det er mye skepsis til NDLA i Utdanningsforbundet er en annen sak, fordi NDLA er et helt annet prosjekt.

    Men hadde fylkesdirektørene involvert lærerorganisasjonene i utformingen og organiseringen av NDLA – i stedet for å overkjøre og diktere – så tror jeg også den saken kunne ha havnet på et annet og bedre spor.

  3. admin
    August 25th, 2009 at 08:19 | #3

    Geir:
    At du er organisert i UTDF har eg forstått, du jobbar gjerne for dei óg?

    Dette med Utdanningsforbundets motvilje mot deling har eg herifrå: http://om.ndla.no/utdanningsforbundet-frar%C3%A5der-deling

    I artikkelen over er påstanden min at D&B unndreg seg kritikken som delingsarenaen til NDLA blir utsett for (jamfør brevet som det blir referert til i lenka over). At UTDF dreg i motsett retning av ein delekultur handlar ganske enkelt om det paradoksale i at dei same folka som vil dele, og synest det er heilt ok å dele på delingsarenaen til NDLA, må opprette ein eigen delingsarena i nabolaget til NDLA, av di Utdanningsforbundet har ei eller anna antivkert oppfatting av kva kunnskapsproduksjon og -deling er.

  4. August 26th, 2009 at 09:18 | #4

    Har redegjort for både tillitsvalgtstatus og bakgrunnen for Utdanningsforbundets motvilje i et annet innlegg, så det gjentar jeg ikke her.

    På hvilken måte “må” ansatte som vil dele, opprette en egen delingsarena i nabolaget til NDLA? Såvidt jeg vet, skjedde dette helt spontant og frivillig – og – igjen såvidt jeg vet – på ingen måte begrunnet i Utdanningsforbundets “antikverte oppfatting av kva kunnskapsproduksjon og -deling er”?

    (Men jeg tillater meg å si at denne typen språkbruk, og nedsettende omtale av lærerkollegaer som “dei gamle hovudfagsutdanna skinnvestane” ikke akkurat styrker inntrykket av NDLA som en organisasjon som ønsker dialog og samarbeid til beste for skolen.)

  1. November 18th, 2009 at 14:45 | #1