
Då heiv eg meg nokså kjapt på bandvogna, og i ettermiddag kom UPS på døra mi med Kindles internasjonale versjon. Dei umiddelbare tankane og inntrykka, midtvegs i oppladingsprosessen:
Låsinga til Amazon er sjølvsagt ei sak for seg, men for meg er Kindle-kjøpet ei interessehandling — eg er svært nyfiken på om og eventuelt koss dette blir ein game-changer i norsk bokbransje. Andre lesarar finst, og er sannsynlegvis meir aktuelle for norske forhold enn Kindle, og Barnes & Noble kjem straks med sin Nook, som også er kopla til ei teneste, som Kindle. Eg kan ikkje forstå koss bransjar som på ein eller annan måte legitimerer seg sjølv gjennom sal, lagring og spreiing av tekst, kunnskapar, kan tenkje på agendaen sin det neste året utan å ha dette dunkande i bakhovudet.
Kjøp er enkelt, moglegvis litt for enkelt, som på iTunes og iPhone App Store. Det er trådlaus oppkopling mot Amazon, og er du registrert med kredittkort, går alt via eitt klikk på få sekund. Folk med elendig impulskontroll, som eg, kan her kjøpe seg til fant. Gje denne til Bjarte Baasland, og mor må ta nye rundar til vener og kjende. Eit par emnesøk, så var eg ein del hundrelappar fattigare, og det før eg hadde plukka innpakkingsplasten opp frå golvet.
Kindle er overraskande treig, og det kan bli litt plagsomt for lesarar som meg, som heile tida påfører boka eg les manuelle hyperlenker, gule lappar, strekar og notat. Å blande seg inn i teksten på denne måten på Kindle er vanskelegare enn i ei papirbok. Det er i alle høve førsteinntrykket mitt, men det endrar seg moglegvis undervegs.
Litt i same leia som over: Kindle kvilar på konseptet, altså koplinga mot tenestene Amazon tilbyr, og sjølve lesaren hadde aldri passert dei innleiande rundane til Apples kvalitetskontroll: Eg synest heile brukaropplevinga er heller klønete. Igjen: Dette kan gjerne endre seg med bruk, at eg då vil skjøne noe eg no ikkje skjøner, venje meg til noe eg finn uvant, etc. Men førsteinntrykket av å lese, annotere, etc. her er at eg er alt anna enn imponert.
Likevel kan eg ikkje late vere å tenkje på og begeistrast av at vi no kan vere vitne til ei svært vesentleg utvikling i teknologien til det skrivne ordet, og det er grunn god nok for oss meir enn middels interesserte i lesing og skriving til å prøve dette ut.


2 Comments
Gratulerer med innkjøp. Et lite spørsmål: Det er hevdet at sideombrekkingen er annerledes på lesebrettet enn den trykte boka, og at dette gjør det vanskelig å oppgi referanser. Stemmer dette?
Ja, det stemmer. Eg vil tru ein kan kome unna med å referere til Kindles sidetal…?
2 Trackbacks/Pingbacks
[...] er lite forsinkelse når man beveger seg nedover med styrepinnen.Unntaket er markering i tekst, som Arne Olav Nygård peker på. For den som ønsker å notere og understreke i ebøker, er Sony PRS-600 et langt bedre [...]
[...] Go to Source [...]
Post a Comment