Via @margreta på Twitter (og her) blei eg gjort merksam på ein artikkel i Utdanningsnytt.no, som i gjennom eit intervju med ein glad IT-rettleiar ved noe som blir kalla Pedagogisk senter i Haugesund, omtalar nok eit system for overvaking av elevars bruk av PC i skulen. Frå før har vi fleire andre system, mellom anna plagiatkontrollane som både skular og universitet lener seg på, implementert i læringsportalane som til dømes it’s learning og Fronter.
Tilbake til denne IT-rettleiaren, som i artikkelen framstår som i alle høve oktobers nyttigaste idiot for den bransjen som skor seg godt på frykt og beven av dette slaget. For, seier han, systemet er “/…/ikke ment som et overvåkningssystem, det brukes ikke sånn,” (rett nok berre for å slå seg sjølv på kjeften eit par linjer under, når han forklårer koss læraren ser på skjermen til elevane: “Det vises tydelig på elevens skjerm når elevens maskin overvåkes av læreren (mi utheving).” Nuvel.)
Sjølvsagt er dette eit overvåkingssystem. Det blir freista framstilt som ein reiskap for å gjere undervisinga betre, men i røynda er både dette og liknande typar programvare (som plagiatkontrollen i it’s learning) eit reindyrka våpen for å oppretthalde ro und ordnung i ein situasjon der nokre er ubekveme med det som skjer.
Problemet her er alle nissane som følgjer med dette programvarelasset:
For det første: Å møte elevar med at alt dei gjer i ein gitt situasjon skal overvakast av di dei nok sannsynleg kjem til å handle uønska, er i seg sjølv eit svært uheldig signal å gje elevane, både som institusjon og som lærar. Dette formidlar eit menneskesyn i alle høve eg ikkje greier å stå inne for, og som den lange humanioratradisjonen eg er innsosialisert i som akademikar seier lite fint om.
Vidare: Å tru at ein løyser problem som handlar om orden gjennom teknologi, er naivt, sjølvsagt av di problema som oppstår ved tilløp til misbruk i klasserommet ikkje har teknologisk opprinning. Som lærar er ikkje oppgåva di å slå av datamaskina når eleven vaskar fisketankar på Facebook eller glor på ei naken rumpe, men å utdanne vedkomande. Det er slik mykje læring i ei naken rumpe.
Dessutan er det òg problematisk å ramme inn arbeidet med ein av dei grunnleggjande kunnskapane, den digitale kunnskapsorganiseringa, med haldningar knytt til frykt og kunnskapsløyse, heller enn med haldningar knytt til potensiale, påverknadskraft gjennom deltaking og kritisk tilstadevere i samfunnet. Deltaking i skriftsamfunnet, for det er dèt dette handlar om, gjev deg mulegheiter og potensiale, og gjev oss andre mulegheiter for å dra nytte av alt det gode du kan skape. Dette er følgjeleg ikkje noe som skal behandlast med mistenkeleggjering. Du kan gjerne vise deg å vere ein idiot, men du er det i alle høve ikkje før du har vist det.
Ein kan derfor heller byrje å lure på kva det er som står på spel her, sidan slike teknologiar ser ut til å ha ei stor tilhengarskare både i skulen og på universiteta. Tja, sjå då på universitetssektoren, som årleg stryk fleire elevar av di plagiatkontrollen gjev for store utslag. Dersom vi no ein augneblink kjøper historiene om at elevane har klypt og limt for mykje frå andre oppgåver og Internett (noe som i seg sjølv er ein problematisk og unyansert påstand):
a) Er ikkje dette i 2009 like mykje eit spørsmål om kva kunnskapssyn ein er interessert i å oppretthalde og forvalte i eit universitetssystem, som det er eit spørsmål om juks? Er den ultimative kunnskapsprøveavlegginga framleis, og eg tillet meg nok ein gong å påpeike at kalenderen viser 2009, reproduksjonen av pensum, formidla av ein professor, universitetslektor, førsteamanuensis?
b) Kva om ein heller erstatta dei reproduksjonsinviterande oppgåveordlydane (som i våre dagar dreg med seg mistenkjelegheit mot den som avleverer svar, tilrår rein pugg og frarår kjelder) med ordlydar som beint fram krev at studentane nyttar det dei kan finne av kjelder, til å setje saman nye svar heller enn optimale kopiar av fjorårdets A’ar og B’ar?
c) Er det ikkje like mykje eit teikn på at teknologien blir brukt til å finne litt vel liberal kjeldebruk, som at kjeldebruken har blitt litt vel liberal som følgje av teknologien? Kven kan med handa på hjartet påstå at dei i alt akademsik arbeide før 1994 har vore så etterrettelege når det gjeld kjelder som det vil ber elevane om å vere no? Ikkje eg, i alle høve. Heller ikkje Bob Dylan, som i nokre av låtane sine ville ha kome ut med 25% treff i it’s learning. Ei heller William Burroughs, som ope og utan blygsel kalla stjelinga si for sin “cut-up method.” Og denne lista, folkens, er lang.
Eg trur at denne diskusjonen dreier seg om langt fleire ting enn teknologiske løysingar for å hjelpe til litt i undervisinga. Det handlar mellom anna om å kunne oppretthalde og kjempe for eigne posisjonar og kontroll med verkelegheita som ein er sette til å forvalte. Og då blir dette brått ideologisk.
Eg kjenner svært mange på fleire nivå i utdanningssystemet som kjempar for denne kontrollen, dels av di dei mista den intellektuelle gneisten sin for fleire år sidan, dels av di dei fryktar ikkje berre alt dette rare som ungdommane gjer som dei ikkje forstår, men òg tapet av definisjonsmakt over sitt domene, sitt område.
Ta lesing, mitt domene, som eit døme: Kva er det som står på spel når lesevanane endrar seg frå akademisk godkjende sjangrar til digitale mønster ein ikkje har kontroll på lenger? Jo, for det første makta til å definere kva god og rett lesing er, som lærarane har hatt i mange år. Sjølvsagt skapar dette ein kjensle av uro, avmakt, som gjer at ein grip til kontrollmekanismer. Men det er ikkje berre lærarane og skulen som taper her, men heile bransjar, som i mange år har jobba dynamisk saman med akademia. Lesing handlar ikkje berre å glo på eit papir, det handlar melllom ann òg om økonomi og makt.
Den glade IT-rettleiarens kollega, ein lærar ved ein ungdomsskule, får avslutte med følgjande groteske framtidsscenario, og eg gidd ikkje ein gong gjere dei opplagte referansane til dei verka i verdslitteraturen som forlengst har skildra slike scenarier:
“Her er en del kjekke valg, fortsetter Igland ivrig, og forklarer: – Du kan trykke block all, så blokkerer du både tastatur, mus og skjerm. Dette mener han er en stor fordel dersom elevene skal følge med.”
Kva med å heller ta jobben sin på alvor?
[Oppdatering: Eg burde jo sjølvsagt hugsa at dette emnet blei tatt opp av Jon Hoem for eit par år sidan, sjå her og her]


14 Comments
Spot on!
Handlar ikkje dette om å vera ein leiar og om klasseromsleiing? Med slik programvare fråskriv ein seg det ansvaret…
Eg har og observert fleire som les avisa feil, dei startar jo bakerst, det kan då ikkje vere korrekt bruk?
Må og få vist dette avsnittet fra slutten av artikkelen:
– Noen utfordringer?
– Å få lærerne til å ta det i bruk er ofte en utfordring når det kommer noe nytt, men her er nytteverdien så stor at jeg tror de vil se fordelene, sier Monstad. Han tror at ved å installere Classroom manager vil skolen få bukt med en del vegring hos lærerne når det gjelder å bruke internett i undervisningen.
– De tar tilbake kontrollen, supplerer Igland.
Fantastisk! Jeg ser dem så levende for meg der de står og smiler fordi de har funnet løsningen på alle problemene med bruken av IT i skolen. Her skal gamle lærer Gondersen, som skriver ut e-postene på papir før hun leser dem, lære å stenge elevene ute fordi -det- kommer til å gi henne god nok selvtillit til å kombinere elever og datamaskiner. Hvilken verden lever de i? Hvilken kontroll er det lærerne som ikke har kontroll tar tilbake?
Noen -må- lage en parodi på dette.
Spørs vel bare om de mest datavegrende blant oss ville klare å administrere et slikt system. Forhåpentligvis ikke. Klarer de det kan de med skjelvende stemme påstå at de har kontroll over it-bruken i klassen.
Absolutt parodimateriale.
Tiltredes!
Kommentert her
Veldig bra!
Kontroll løsninger som dette skaper ikke den gode læringssituasjonen. Man tar ikke hverken ungene eller teknologien på alvor.
Mange gode poeng synes jeg du har her.
Dere fremstiller det som om det er kun bakstreverske lærere med datavegring som ønsker seg skjermstyringssystemer. Jeg hører absolutt ikke til blant de med datavegring, men jeg tror likevel at skjermstyringssystemer brukt på en god måte kan være bra. Har noen av dere som er sterke motstandere av det dere kaller kontrollsystemer prøvd det ut i klasser?
Hei, Tone,
Nei, eg ser ikkje på alle som driv med slike program som eg her nemner som datavegrarar, og ja, eg ser at det har sider ved seg som kan vere positive.
Likevel meiner eg, som òg Jon Hoem er inne på (sjå lenka han har lagt ut i kommentarfeltet her), at dette heng saman med fleire andre ting, at dette peikar på andre strukturar og problem. Og då synest eg dette blir endå verre å akseptere enn om det berre handlar om datavegring. Det er dette som er bekymringa mi i teksten eg har skrive.
Eg trur faktisk ikkje dette løyser noe som helst. Tvert om vil eg meine at overvåking av både skjerm og det som blir innlevert, bidrar til å auke problemet med juks og unnasluntring. Kvifor det? Jo, av di du dyttar heile problemet vekk frå mennesket, frå spørsmål om moral og tillit, og over i eit teknisk system. Då blir det heile eit spørsmål om å lure teknologien, ikkje om å oppføre seg godt og ikkje bryte tilliten som har blitt gjeve deg.
Sjeldent hatsk innlegg i edu bloggsværen!
For de fleste lærere er det svært langt igjen, før de når den it bruk en må ha for å kunne bevege seg i nettlandskapet. Trenger du å komme deg ut å se litt hvordan tilstanden er?
Eg gidd ikkje bruke særleg tid å svare på kommentarar som ikkje har lese innlegget over. I dette tilfellet inntar du ei offerrolle som nokre lærarar (særleg dei som ikkje gidd å bruke dei timane per veke dei har betalt for å oppdatere seg fagleg) inntar. I tillegg påstår du at eg (med til saman 12 år i skulen + nokre år i næringslivet, og no som forskar) ikkje veit koss stoda i skulen er?
Då må eg spørje tilbake: Kva har du oppdaga, som eg ikkje har, reint bortsett frå førestellingar om mitt innlegg (som at det er hatsk) som du tydeleg har oppdaga inni ditt eige hovud?
Eg trur kan hende du bør verkelegheitsorientere deg, og sjå at desse tinga eg diskuterer, er ein del av eit mykje større bilete enn det lille, vakre postkortbiletet du har av skulen.
Mye godt og spennende i innlegget ditt…en skal alltid se etter nye muligheter men selvsagt ikke for å begrense de ante og uante mulighetene PCen i skolen gir oss. Ser med skrekk frem til at undervisningen på skoler altfor nær meg får muligheter til overvåking som standard.
Slik jeg ser det er det ikke teknologien i form av PCen i seg selv som er problematisk, det er anvendelsen både hos elevene og læreren. Det en har med seg i form av holdninger og strategier er bestemmende for hva en kan forvente skal komme ut av selve læringsarbeidet. Men hvordan skal en få lært elevene disse holdningene og strategiene når de skal utvises fra det digitale rommet eller fjernstyres istdenfor å få veiledning og praktisk korreksjon?
Selvsagt er det frustrerende med elever som ikke gjør som en ønsker, slik var det før PCen gjorde sitt inntog også. Når elevene nå har fått nye muligheter gjennom PCen, får dette konsekvenser for hvordan vi lærere gjennomfører undervisningen vår og fungerer som ledere på? Det er vel ikke en god løsning på sikt å sette strøm på alle gamle undervisningsmetoder og ledelsesstrategier?
Mye av dette skal en selvsgt beholde, en skal ikke bruke PCen ukritisk til alt hele tiden. Samtidig må en ta inn over seg at nye tider og krav fordrer nye løsninger for både elevene og lærerne. Av egen erfaring vet jeg at det krever mye tid og tålmodighet å tre inn i det digitale klasserommet. Dette kommer ikke av seg selv eller som en ferdig undervisningspakke til slitne lærere gjennom et to-timers kurs PC-kurs en ettermiddag i fellestiden. En må tvinge seg selv ut i det digitale klasserommet og gjøre som en gjorde da en var ny lærer i det analoge klasserommet; gå inn til elevene, prøve og (mest?) feile for å gjøre seg de erfaringene som trengs. Først da blir en rustet til å undervise og lede både i det analoge og digitale klasserommet…øving gjør en visstnok til mester selv om en her også oppdager at dess mer en lærer seg desto mer skjønner en at en ikke kan.
Ja, jeg er altså denne glade, nyttige idioten (eller var det nisse?) som Arne Olav refererer til.
Siden det nærmer seg jul er det vel på sin plass at nissen kan komme med noen kommentarer i forhold til de påstandene som ytres her.
La det være sagt med en gang: artikkelen det refereres til som sto i Utdanning er skrevet av en journalist, med alle de farene for å bli feilsitert og feiltolket det medfører. Journalisten har valgt en vinkling, som det er lett i ettertid å se ikke var den beste i forhold til å få frem hva vi opplever som nytteverdi av systemet. Jeg ser også at artikkelen i all for stor grad virker å være en annonsereportasje for en programvareleverandør. Slikt sett er det noe forunderlig at den kom på trykk i det hele tatt.
Vinklingen artikkelen har fått, at vi har tatt i bruk et overvåkningssystem, er noe journalisten har valgt å fremheve. Jeg er i alle fall sterkt uenig i at det er et slikt system vi bruker.
Systemet er tatt i bruk ut fra et sterkt ønske fra mange lærere om å få en teknisk løsning som gjør at elevmaskiner ikke kan brukes til annet enn det læreren ønsker, i en gitt situasjon. Dette er vel et ønske lærere alltid har hatt, uavhengig av IKT? Døren til fysikksalen var alltid låst når jeg gikk på skolen, og det var læreren som bestemte hvilke stoffer vi skulle få mikse sammen. Jeg kunne sikkert lært mye ved å prøve helt fritt på egenhånd, men det var altså ikke slik det fungerte.
Det kan være nærliggende å trekke paralleller til L97s sterke fokus på “ansvar for egen læring” og prosjektarbeid. Dette var en arbeidsmåte som i ettertid ikke kan vurderes som en stor suksess i norsk skole. Årsakene er kanskje noen av de samme som gjør at lærere etterspør verktøy for å ta tilbake kontrollen i undervisingssituasjonen. Elever i grunnskolen og langt oppover i videregående skole er langt fra modne nok til å ta alle valg selv. De trenger rett og slett noen som setter grenser for dem, også når det gjelder bruk av digitale verktøy.
Arne Olav skriver at “Du kan gjerne vise deg å vere ein idiot, men du er det i alle høve ikkje før du har vist det.”. Det er vel kanskje dette det hele koker ned til; at lærerne har avdekket klassesett med idioter og vil sette inn noen effektive tiltak for å hindre idiotien å få fritt spillerom.
En videregående skole i kommunen hadde eksamen i vår, der hele eksamen ble annullert fordi det i ettertid ble avdekket juks. Jukset gikk ut på at store deler av eksamenspartiet hadde fått tilgang til en trådløs sender i nabolaget, og brukte denne til å kommunisere seg i mellom under eksamen.
Selvsagt kan en tiljuble denne form for kreativitet og skaperglede, men i denne gitte situasjonen ble altså hele partiet straffet fordi det brøt med reglementet i forhold til eksamensavvikling.
Med systemet jeg blir beskyldt for å være en nyttig idiot for, kunne dette vært avverget siden skolen med ett tastetrykk kunne sperret tilgang til internett under eksamen. En kan selvsagt diskutere om dagens eksamensform er den beste, men det blir en helt annen diskusjon.
Slik jeg ser det har bruk av slike såkalte kontrollsystemer svært lite å gjøre med menneskesyn eller manglende klasseledelse å gjøre. Det handler for det meste om å frata idiotene det lærerne opplever som tidstyver.
Jeg vil anbefale Arne Olav å ta seg noen dager i den videregående skole eller på en ungdomsskole, for å observere hva som faktisk skjer når elever bruker IKT. Jeg sier ikke at det nødvendigvis er noe galt i at elevene hører på Spotify mens de ser en god film på nett, samtidig som læreren har en dialog med deler av klassen om norske verb. Det kan være mye god læring i disse aktivitetene, men ikke nødvendigvis alltid.
Det er her lærerne må kunne ha muligheten til å bruke noen tekniske hjelpemidler for å fjerne de forstyrrende elementene. Selvsagt må læreren være faglig dyktig, ha god kontakt med elevene, formidle stoffet på en engasjerende og inspirerende måte, men det er ikke alltid nok.
Det er helt korrekt som Arne Olav sier, at det er naivt å tro at tekniske systemer alene kan føre til bedre eller til mer læring. Men at det kan være et hjelpemiddel i så måte, det tror jeg absolutt.
Pål,
takk for langt og godt svar, og eg skal sjølvsagt kome med eit tilsvar. Eg vil berre først av alt gå i rette med den underliggjande påstanden om at eg ikkje kjenner situasjonen i den vidaregåande skulen, og følgjeleg burde ha tatt meg ein tur ut for å sjå. Dette går for øvrig igjen i fleire av kommentarane eg får her på bloggen. Til dette vil eg anføre:
Eg har meir enn 15 års erfaring frå arbeid som lærar i den vidaregåande skulen, frå 1993 og frametter, stort sett i full stilling. Eg har vore med på fleire prosjekt, vore på ulike skular, hatt ulike typar ansvar andsynes IKT-bruk i undervisinga, på ulike nivå, tekniske, pedagogiske og faglege. Viss du meiner eg treng meir erfaring enn dette for å kunne uttale meg om dette, vil eg gjerne høyre kva dette skulle ha innebore.
I tillegg har eg jobba teoretisk med desse spørsmåla, først i ein mastergrad, sidan som forskar. Ein viktig del av denne jobben er å prøve å halde seg orientert i teori og forsking på dette området, noe eg meiner eg gjer. Som ein del av forskingsprosjektet mitt om digital lesing og skriving har eg no delteke i undervisinga i ein VG1-klasse her i Rogaland, der eg har vore til stades i dei aller fleste timane i ein periode. Ved sidan av dette, intervjuar eg i desse dagar denne klassen, i grupper og individuelt, i tillegg til at vi kjem til å bruke loggføring for å skaffe oss eit bilete i djupna av deira bruk av, kunnskapar om og haldningar til digitale kommunikasjonsreiskaper, på og utanfor skulen. Den metodiske tilnærminga er velovervegd, for å prøve å forstå og saman med tala som finst på området frå før sjå eit større bilete, der ungdommane og læraranes haldningar og meiningar er ein del av dette biletet.
Ein annan ting eg har hatt svært stor nytte av, er å ha reist rundt og halde føredrag om desse og beslekta spørsmål, frå Tromsø til Lista, og følgjeleg diskutert dette med svært mange lærarar frå svært mange og ulike skular, med mangslungne og varierande praksisar. Eg påstår ikkje at det har vore semje om desse spørsmåla, men eg har fått innblikk i svært mange tankar og praksisar.
Eg meiner følgjeleg “å ta seg noen dager i den videregående skole,” er gjort.
Hei, og takk for svar Arne Olav. Beklager hvis jeg satte din integritet som lærer med erfaring fra VGS under tvil. Det var ikke meningen, men det forundrer meg at du og mange med deg er så bastante i holdningen til slike tekniske “kontrollsystemer”. Det virker som om det trigger noe i den akademiske tilnærmingen til problemstillingen.
Jeg kjenner godt til dette, siden jeg er pedagog men nå hovedsaklig jobber med teknologi inn mot skoleverket. Det blir ofte et mål i seg selv å angripe teknologene og teknologien, fordi det oppfattes som en trussel mot det akademiske og tenkende miljøet.
Ja, en skal være skeptisk til IT-konsulenter og teknologiske løsninger som mener de har fasiten på hva som fører til løring eller som løser problemene i skolen, men akkurat her mener jeg du skyter spurv med kanon.
Hvis utgangspunket for hele diskusjonen var kontrollaspektet, kan jeg berolige deg og andre skeptikere med at systemet ikke brukes som et kontrollsystem, men faktisk letter arbeidsdagen for dyktige pedagoger. Tviler du på meg, bør du snakke med noen av de lærerne som opplever systemet som nyttig. Du vil bli overrasket over hvor dyktige disse lærerne faktisk er. De er både dyktige klasseledere, har et forbilledlig menneskesyn og får til gode resultaer i klassene sine – både faglig og sosialt. Hvis du tror noe annet vil jeg si du undervuderer lærerne.
Post a Comment