Det har gått såpass lang tid sidan det sto på trykk (fleire veker sidan no) at Aftenbladet nok ikkje har noe imot at eg legg ut Greenbook-kronikken eg hadde på trykk (i papirutgåva). Her er altså kommentaren min til Digitalforlaget Greenbooks konkurs.
—-
Forsøket med Greenbook Digitalforlaget var som å gå baklengs nedover trappa for å kome høgare.
Gamal vin på nye skjermar
I desse dagar les vi at lærebokforlaget Greenbook, mellom anna eigd av Universitetet i Stavanger (UiS), gjer seg konkurs. Greenbooks ambisjonar var å lage lærebøker, frå barneskule til universitet og næringsliv. Produkta skulle vere heildigitale, av fleire årsaker. For det første profilerte Greenbook seg som pedagogisk framtidsretta. Ny teknologi som utnyttar både lyd, film, bilete og tekst i eit lærebokformat, skulle auke både motivasjon og læring. I tillegg skulle Greenbook peike fram mot nye forretningsmodellar som gav forfattarane høgare royalties enn dei fikk i tradisjonelle forlag, mellom anna av di det er billegare å distribuere digitalt enn via papir. Ved sida av desse visjonane hadde forlaget som namnet antyder ein grøn profil; digital nedlasting av bøker er venlegare mot miljøet enn trykk og distribusjon av papirbøker.
Men Greenbook var ikkje berre eit heildigitalt forlag, det var òg eit universitetsforlag. Forlagsmåla deira var tett knytte til det dei sjølv kalla for muskelkrafta ved universitetet. Greenbook var altså ikkje kva aktør som helst i marknaden, men den aktøren som med forskarar og kommersielle krefter i ryggen skulle vise veg i ein marknad dei aller færraste, som platebransjen, avisbransjen og etterkvart òg forlaga, greidde å føte seg i. Det ligg eit slags utvida forretningsmandat i denne koplinga, og sjølve spørsmålet om forretningsmodell blei dermed òg spørsmål om verdiar, tett knytt til UiS som forskingsinstitusjon.
Vi var fleire som sperra auga opp då Greenbook blei skipa i 2008. Marknaden dei ønskte seg inn i var i krise og hadde vore det lenge, ikkje minst grunna påverknaden frå weben ut over heile 2000-talet. Men for Greenbook var det som om dei siste 10-15 åra ikkje hadde skjedd. Heile lanseringa av forlaget hadde nesten alle ingrediensane til den første dot.com-bølgja rundt millenniumskiftet, med luftige lovnader og heller uklåre prospekt rotfesta i noe som verka som ei naiv tru på eit nytt medium, med tilhøyrande investorkapital, stillingsutlysingar og kjendisar i styret. Og når produkta til Greenbook etter kvart materialiserte seg, var det som å høyre ekko frå satsingane til dei etablerte forlaga 15 år tidlegare, med digitale bøker som skal gjere ”læring mer lystbetont ved hjelp av video, animasjon, lyd og mange ulike oppgaver.” Trykksaker med noko attåt, med andre ord. Som Eirik Newth kommenterte på bloggplass i 2008: ”1995 ringte og ville ha igjen definisjonen sin på digitale læremiddel.”
At endringane som følgje av digitale medium handlar om langt meir enn trykksaker tilført lyd og bilete, er gamalt nytt. Digitaliseringa av media handlar først og fremst om ei fundamental endring av prinsippa for og økonomiane tilknytt kunnskapsorganisering i samfunnet vårt. Med datamaskina i eit globalt, digitalt nettverk har det vokse fram heilt andre føringar, logikkar og livsløp for kulturelle uttrykk som tekst, bilete, film og musikk. Desse endringane, som kom for fullt med weben utover 2000-talet, er kan hende det første verkelege steget vekk frå prenteverket som den dominerande informasjonsteknologien i vårt samfunn, med store konsekvensar for økonomi, spørsmål om opphavsrett, og syn på kva kunnskapar er og koss dei blir forvalta.
Desse erkjenningane er verken nye eller kontroversielle. Med litt research, hadde Greenbook funne ut at sjølve målgruppa deira, skuleverket, har hatt desse spørsmåla om den gjennomgåande digitaliseringa av samfunnet vårt og kva dette gjer med kunnskapen vår, på dagsorden i fleire år. Dei hadde funne ut at alt frå læreplan til ulike nasjonale og lokale tiltak lenge hadde forlate tanken om digitale læremiddel som boka i ny og morosam tapping, men snarare handla om komplekse problemstillingar knytt til vilkåra for kunnskapar i vår tid, og kva kunnskapar skulen skal gje elevar for å meistre denne komplekse informasjonsverda.
Dei ville òg ha funne ut at ein av dei største potensielle kundane, den vidaregåande skulen, på eiga hand hadde jobba fram eit økosystem for digitale læremiddel, Nasjonal digital læringsarena (NDLA), nettopp med det som mål å ta steget over i den digitale kunnskapsoøørganiseringa. Behovet her hadde vore stort for bidrag frå ein forskingsbasert forfattarfellesskap, og eit forlag med forgreiningar inn i forskingsmiljø kunne ha bidrege betydeleg til å utvikle både lærestoffet og NDLAs idear om opne og gratis læremiddel tilgjengeleg for alle, tilpassa eit skiftande medium. Det er ikkje like sjølvsagt at behovet til den vidaregåande skulen var nok ein tilbydar av heilskaplege, lukka og dyre læreverk, tilpassa verda slik ho var før weben.
Likevel synest eg minst om at Greenbook ikkje utnytta det momentumet det hadde som eit forlag tilknytt ein forskingsinstitusjon. Det er sjølvsagt ingenting gale med å ville tene pengar, men å satse på ein akademisk sett ambisjonslaus forretningsmodell som handlar om å gjere nøyaktig det same som kva forlag som helst, berre utan deira røynsle, er ikkje å vere framtidsretta. Det finst fleire forskingsmiljø som bruker kompetansen sin til å utfordre eksisterande modellar for formidling av forsking og undervising, og i den digitale informasjonsøkologien er kompetanse, haldningar til og kunnskapar om deltaking, standardar for publisering, etikk, osv. ikkje berre mangelvare, men sterkt etterspurd. Her kan nettopp eit universitetsforlag ha større moglegheiter til å hevde seg enn å konkurrere med etablerte forlag i ein vanskeleg marknad.
Eg er viss på at fleire fagmiljø ved universitetet kunne ha realisert ei slik nyskaping med midlar tilsvarande dei som gjekk med i Greenbook-sluket, kan hende nettopp gjennom å endre den tradisjonelle forlagstanken og skape nye måtar eller kanalar for fagformidling. Eit forlag som utfordrar akademisk publisering og formidling (og gjerne også undervising) gjennom å søkje nye publiserings- og formidlingskanalar, bruke teknologiske standardar og opphavsrettar tilpassa eit digitalt livsløp og skape marknader der dei ikkje enno finst, hadde vore ein forskingsinstitusjon som vil utforske det ukjende og utfordre det velkjente verdig.


Post a Comment