Om meg

January 28th, 2010

Namnet mitt er Arne Olav Nygard, og eg er for tida doktorgradsstipendiat i lesevitskap ved UiS, med eit prosjekt om lesing i digitale medium. Eg har tidlegare arbeidd i reklamebransjen, eg har arbeidd som Mac-fiksar og sidan som norsklektor i skuleverket. Ved sida av dette har eg frå oppstarten vore involvert i Nasjonal digital læringsarena, fram til desember 2008 som medarbeidar i norskredaksjonen. Eg har òg ei lang fartstid som musikar.

Eg fartar elles mykje rundt og held føredrag om tekstkultur i digitale medium, og kva overgangen til digitale verktøy for lesing, skriving, lagring og spreiing av tekst kan ha å seie for oss, både i skulen og i verda for øvrig. Eg held òg kurs i måtar å bruke digtiale verktøy på. Dersom dette er noe du er interessert i, kan du gjerne ta kontakt.

Kontaktinfo:

arne.o.nygard/at/uis.no

arneolavnygard/at/gmail.com

arneolav på Twitter

  1. No comments yet.
  1. No trackbacks yet.