Dau∂i bloggrs
I gode gamle dagar, då eg gjekk på vidaregåande, var IKT i klørne på mannfolka. Det var langt på veg ei gutegreie, hugsar eg, og mannfolka, særleg mattelærarane, var dei som hadde hand om greiene. Då eg byrja å jobbe i skulen, hadde desse begeistra mattelærarane blitt IKT-ansvarlege både lokalt på skulane og i IT-avdelinga til kommunen eller fylkeskommunen. Det er eit bilete som har halde seg heilt opp til no, men blant brukarane, dei på botn-nivået i dette hierarkiet, har det skjedd store endringar på 10-20 år.
I dag ser altså ting annleis ut, der både den 13-årige guten og den 50-årige IKT-sjefen har fått andre roller. For å seie det med Clay Shirky: Skal du fange opp trendane på nettet i dag, må du ikkje skode til tenåringsguten og kva han held på med, men til damene — han nemner stay home-moms som nyss har fått ungar, og deira rolle i oppblomstringa av den sosiale nettstaden www.meetup.com, men dette er berre eitt av fleire døme. Er altså denne sosiale vendinga, vekk frå guteromsmekkinga og inn på arenaene for deling og samrøre, ein digital jenterevolusjon?
June Breivik skriv ein bloggpost som koblar spørsmålet om blogging opp mot diskusjonen vi har i norskfaget (mellom anna) om jentetekstar versus gutetekstar. Er vi i ferd med å innføre ein ny jentesjanger i bloggen medan vi trur vi held på med metodevariasjon og motivasjon? Eller: Er vi i ferd med å gjere dei same feila igjen, der vi er alt for einsidige (ikkje berre i eit kjønnsperspektiv)? Vi som skriv og les i denne pedabloggosfæren vi har her; er vi i ferd med å innføre vårt regime, som akademikarar som meistrar desse akademiske dialektane og tankesetta, under dekkje av å sprenge grenser og opne for variasjon og fleire typar læring? June har nemnt disruptivitetsomgrepet fleire gonger, veit eg, og Arne Krokan har dette på pensum i skuleleiarutdanninga han held på med her i Rogaland. Kan hende bommar vi på ein ekte disruptiv bruk av IKT i skulen, og gjeninnfører dei same sjangrane og skilja som har ridd skulen dei siste åra? Eg trur kan hende det.
Viss eg skal prøve å setje meg sjølv i dagens skule som elev: Då eg tok PPU for nokre år sidan, skulle alle studentane presentere seg for kvarandre. Den litt ferme dama med lang pedagogisk utdanning (du veit, ho med ein, og berre ein, keramikkøyredobb, skeivt klypt pannelugg og fargerike flagrande klede) som underviste oss, ville gjere dette ved at vi alle skulle kome fram ved kateteret og danse namna våre, ein etter ein.
Litt den same kjensla trur eg eg hadde fått som elev i dag dersom norsklæraren min hadde bede meg om å opprette ein blogg der eg skulle reflektere kring skuleting i all offentlegheit. Eg likar å blogge, men som vaksen og på mine premissar, på same måten som eg likar å klemme folk, men berre dei eg er nær. Og eg kjem aldri til å prøve å danse namnet mitt, ikkje ein gong åleine, på badet. I utdanningssystemet har eg alt for mange gonger kome ut for pedagogar som føreset publisering eller framføring av relativt intime saker på ein måte eg ikkje fiksar. Å publisere tankane dine, ikkje minst i skrift, er ei svært intim affære.
Dermed er ved vi spørsmålet om det kompliserte forholdet mellom skulens aktivitetar og spørsmålet om kjønn. No er det sjølvsagt ikkje slik at alle jenter likar å danse namna sine medan gutane vil skru, men eg trur her utkrystalliserer seg sjangrar på nett som lett kan brukast til å nøre opp under dei same, skulske tilnærmingane til kunnskapsorganisering som vi i entusiasmen trur vi har kome oss vekk frå.
Og bloggen, anten han no er essayistisk eller dagbok-prega, kan fort bli noe vi meir eller mindre frivillig plottar inn som ein ny stoppestad langs den same linja som skulestilen befinn seg.


