Archive

Posts Tagged ‘kindle’

Kindle Schmindle

January 27th, 2010
Jesus på lanseringsfesten for iPad.

Jesus, Steve Jobs' mindre kjende bror, på lanseringsfesten for iPad.

Som long time Shia-Mac’ar er det ikkje meir enn rimeleg at eg kommenterer Apples iPad som blei lansert i går

Responsen er sjølvsagt blanda, men eg er overraska over kor lik kritikken av iPad er kritikken som i si tid blei retta mot iPhone. Vi veit jo alle at det finst eit HTC-produkt som kan gjere langt fleire ting enn det som kan gjerast med iPhone, men det er ikkje den vegen Apple går. Ikkje å gå den vegen har altså vist seg å vere ein god strategi. Dette trur eg gjeld iPad òg. Som fleire er inne på i sine kommentarar, ikkje minst Reverend Stephen Fry, er iPad å forstå som ein mediestrategi meir enn ein dings, medan resten av tablet-verda tenkjer i heilt andre baner. Derfor vil vi sjå at denne plattforma, som vel meir er ei ny klasse datamaskin, vil utvikle seg i tida som kjem. Å kritisere Apple for å pushe design-statements er fullstendig å misforstå kva dei held på med, like eins (som nokre gjer og har gjort) å hevde at iPhone og/eller iPad er for jenter eller ungar (!). (Dette er for øvrig eit ekko av gamle dagars omtale av Macintosh-maskina; grensesnittet var så mykje enklare enn grensesnitta til konkurrentane at det måtte jo vere for enkle folk.)

Både NRK Beta og Ida Aalen lèt til å tenkje i slike baner, der dei spekulerer i at iPad kan passe for barn. Tvert om meiner eg at ungane ikkje er ei særleg god målgruppe her. For det første får du ikkje Flash på iPad, og då har du stengt for nokre av dei mest vanlege unge-aktivitetane på nettet: alle Flash-spela (som td. 123spill.no (og mange, mange andre spel- og aktivitetssider i Flash) og diverse Facebook-spel som det nedre fjortis-sjiktet elskar. Adobe anslår at 70% av spela på weben er Flash-spel. For det andre er nerven i slike satsingar som iPad og iPhone forretninga som blir knytt opp til dingsen, der du opprettar konto med kredittkortet ditt, og på enkelt vis lastar ned musikk, bøker, spel, filmar etc. Den enkle koplinga mellom ein god marknad og ein god dings er ei viktig årsak til at iPod’en tok rotta på MP3-spelar-marknaden, og denne formelen vil vere avgjerande i den utvida mediamarknaden òg. For det tredje tviler eg på at ungar i det heile ønskjer seg noe slikt — kva er det i design, funksjonalitet og profil elles som skulle få ungar til å mase på denne til bursdagen sin?

Snarare er iPad ei voksenmaskin i ei anna klasse enn PC-en, med god programvare, tilgang til media og eit enkelt, raskt og solid OS i botnen. At teknoentusiastane finn det litt enkelt (ei felle eg sjølv går i ofte), har ikkje nødvendigvis noe med verkelegeita og marknaden å gjere.

Kindle er sjølvsagt òg ein slik blanding av marknad og teknologi, men eg opplever sjølv Kindle som to gode steg tilbake i spørsmålet om digital lesing. Det er vanskeleg å bruke teksten til anna enn å bla fram og tilbake; dei gongene eg vil notere, kryssreferere, forstørre tabellar etc., gjer Kindle ein dårleg jobb. Der er Kindles iPhone-app langt betre, om enn ikkje perfekt, og den kan òg brukast på iPad. iPad blir altså for meg (ja, eg har førehandsbestilt på Eplehuset) vegen inn i Amazon-marknaden, og sannsynlegvis vegen inn i dei andre bokbutikkane som kjem (under føresetnad av at det blir gjort avtalar som gjelder den norske marknaden). Det same gjeld lesing av aviser og magasin, som på Kindle er alt for dårleg. Eg ser ikkje føre meg at folk som er vande med å sjå fargebilete, filmklypp og klikke på lenker vil slå seg til ro med Kindles statiske, treige og papir-imiterande gråtoneløysingar.

iPad kjem altså med ein variant av iPhone/iPod-operativsystemet, og dette trur eg er svært klokt, til skilnad frå alle dei tunge og forvirra Windows-tabletane som blir pusha. Som Jesus Jobs sjølv var inne på, handlar dette om å byggje vidare på ei plattform med eksisterande program og utviklingsmiljø, i tillegg til at kvar og ein med ein iPhone veit koss dette skal brukast. Og som med iPhone, trass sitt enkle grensesnitt, får vi tru at folk likar å bruke iPad. Det er trass alt dette som får folk til å bruke Apples dingsar, trass i at alle andre dingsar i marknaden har absolutt alle funksjonar og litt til.

Å klamre seg til ein slik dings som redninga for ulike mediabransjar i motvind er å forenkle heile situasjonen. Men viss 2010 blir lesebrettets år, kan ein klasse av datamaskiner meint for å ta seg av det som ligg mellom telefonen og laptoppen, utan å gje fullstendig etter for papir-/bokmetaforikken som Kindle etc. støttar seg på, vere ein god strategi. Eg trur rett og slett ikkje folk held ut lesaropplevinga som Kindle tilbyr, med mindre noe alvorleg skjer med funksjonalitet og fart.

apple, e-bøker , , ,

Kindle first impressions

October 23rd, 2009

kindle

Då heiv eg meg nokså kjapt på bandvogna, og i ettermiddag kom UPS på døra mi med Kindles internasjonale versjon. Dei umiddelbare tankane og inntrykka, midtvegs i oppladingsprosessen:

Låsinga til Amazon er sjølvsagt ei sak for seg, men for meg er Kindle-kjøpet ei interessehandling — eg er svært nyfiken på om og eventuelt koss dette blir ein game-changer i norsk bokbransje. Andre lesarar finst, og er sannsynlegvis meir aktuelle for norske forhold enn Kindle, og Barnes & Noble kjem straks med sin Nook, som også er kopla til ei teneste, som Kindle. Eg kan ikkje forstå koss bransjar som på ein eller annan måte legitimerer seg sjølv gjennom sal, lagring og spreiing av tekst, kunnskapar, kan tenkje på agendaen sin det neste året utan å ha dette dunkande i bakhovudet.

Kjøp er enkelt, moglegvis litt for enkelt, som på iTunes og iPhone App Store. Det er trådlaus oppkopling mot Amazon, og er du registrert med kredittkort, går alt via eitt klikk på få sekund. Folk med elendig impulskontroll, som eg, kan her kjøpe seg til fant. Gje denne til Bjarte Baasland, og mor må ta nye rundar til vener og kjende. Eit par emnesøk, så var eg ein del hundrelappar fattigare, og det før eg hadde plukka innpakkingsplasten opp frå golvet.

Kindle er overraskande treig, og det kan bli litt plagsomt for lesarar som meg, som heile tida påfører boka eg les manuelle hyperlenker, gule lappar, strekar og notat. Å blande seg inn i teksten på denne måten på Kindle er vanskelegare enn i ei papirbok. Det er i alle høve førsteinntrykket mitt, men det endrar seg moglegvis undervegs.

Litt i same leia som over: Kindle kvilar på konseptet, altså koplinga mot tenestene Amazon tilbyr, og sjølve lesaren hadde aldri passert dei innleiande rundane til Apples kvalitetskontroll: Eg synest heile brukaropplevinga er heller klønete. Igjen: Dette kan gjerne endre seg med bruk, at eg då vil skjøne noe eg no ikkje skjøner, venje meg til noe eg finn uvant, etc. Men førsteinntrykket av å lese, annotere, etc. her er at eg er alt anna enn imponert.

Likevel kan eg ikkje late vere å tenkje på og begeistrast av at vi no kan vere vitne til ei svært vesentleg utvikling i teknologien til det skrivne ordet, og det er grunn god nok for oss meir enn middels interesserte i lesing og skriving til å prøve dette ut.

Uncategorized, lesing