Archive

Posts Tagged ‘lesing’

Webens litterære toskar: Boka som frelsar

March 14th, 2009

Ei typisk fagbok på skrivebordet mitt. Morgonbladet markerer webens 20-årsjubileum ved å late ei rekkje intellektuelle uttale seg om kva weben har å seie. Eg er svært glad for at så mange akademikarar meiner nettet fører til dumskap og ukonsentrasjon, slik at eg slepp å forhalde meg til desse forenklingane, anna enn indirekte. (Jon lèt til å tenkje noe i den same retninga.)

Igjen ser vi at myta om at overgangen til nye medium (i Platons tid var det den munnlege dialogen som blei truga av skriftspråket) fører til gløymsle, forenklingar og dumskap blir gjenteke. I botnen ligg gjerne førestellinga om bestemte lesemåtar knytt til bestemte teknologiar, som til dømes boka, som alltid blir dregen fram som eit medium for fordjuping og sann erkjenning. Kan hende ikkje så rart i ein kultur som framleis har ein skrift- og bokbasert religion lenka til foten.

Denne oppattakinga av ei forståing eller verkelegheitsoppfatting irriterer meg grenselaust, og er det noe i mitt liv som fører til fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen, så er det nettopp desse endelause utspela om fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen som følgje av Internett. Elise Seip Tønnessen ved UiA hevdar til dømes i bekymring over at færre les bøker, at “i bøker blir ting satt i sammenheng, på nettet kreves det i større grad at du gjør det selv.” Dette illustrerer eitt av dei store feilgrepa i denne diskusjonen: Ein føregjev heilt bestemte lesemåtar både av bøker og av nettsider. Nærare bestemt utleier ein bestemte lesemønster ut av ei oppfatting av koss mediet er strukturert og meint lest: At ei bok inneheld to stive permar på kvar si side av ei framstilling inndelt i suksessive kapittel, tyder etter denne logikken at boka faktisk blir lesen slik.

Eg kan ikkje anna enn å kome med postulat sjølv. Eg les svært mange bøker, hovudsakleg fagbøker, og sjølve leseprosessen min, nettopp når eg er på jakt etter samanhengar og store linjer, er svært langt unna strukturen boka legg opp til. Eg er notorisk utru mot denne strukturen, faktisk, og heldigvis, for eg er av den bestemte oppfattinga av at sanninga, dei store linjene og samanhengane ikkje berre finst i den eine boka. Derfor er mi boklege jakt på sanning og fordjuping vel så hypertekstuell, avbroten og fragmentarisk som nettlesinga, og leseromma mine inneheld bøker med strekar, piler, skrift og gule lappar i, med tilvisingar til notat, andre bøker, nettsider og levande folk som sit på kunnskapar eg treng.

For min del oppstår erkjenningane, dei store linjene og samanhengane i meg sjølv som resultat av mine motiv, mine føresetnader og “encyclopedi” av tidlegare lesne tekstar, mi førforståing og dei kulturelle rammene som omgjev meg. Meininga, slik ein får inntrykk av dei som trur på bokas lineære strukturs fortreffelegheit, blir aldri overført frå bok til sinn. Dette er ei nokså basal kulturteoretisk erkjenning som lèt til å vere gløymt i denne samansausinga av mediets struktur og kunnskapsprosessane som pregar diskusjonane eg har vist til over.

Dette gjeld sjølvsagt òg lesing i andre medium – at det er i møte med ein lesar meininga oppstår kan ein neppe påstå berre å vere begrensa til papirmediet. At ein har eit større kjeldetilfang på nettet (noe som òg er ei sanning med store modifikasjonar) kan umogleg, dersom påstanden stemmer, vere negativt? Eg tiltrur både meg sjølv og andre å greie å samle trådane i motivert og retta lesing på nettet. Og når lesinga er mindre retta mot bestemte mål, synest eg det er heilt greitt at vi alle vaser rundt frå Facebook til Twitter til mailprogrammet til ein halvlesen artikkel og tilbake til Facebook igjen, utan å bli stempla som litterært imbesill.

Eg mistenkjer, som eg ofte gjer når folk uttalar seg om boklesing, at det er ein idealisert lesing av ein i vår kultur opphøga sjanger som ligg til grunn når ein uttalar seg om lesinga, nemleg romanen. Romanlesinga er vel gjerne den type lesing som ligg nærast ein lineær lesemåte, trufast mot intensjonane til forfattaren (for øvrig ein annan idealisert og opphøgd skikkelse i denne kulturen).

Det blir sagt at vår trang til å hive på oss tursko og trakke rundt på allslags stiar om søndagane eigentleg er ein protestantisk arv, ei omsett utgåve av det å pine den syndige kroppen sin for i det heile å kunne kjenne seg fortent til noe, og for å kunne frelse sjela. Ein katolikk vil gjerne klø seg i hovudet og spørje seg kvifor vi ikkje heller tar bilen ein tur. Er opphøginga av boka eit liknande fenomen i ein kultur som er forma rundt ein skrift- eller bokbasert religion, der boka strengt tatt handlar om Bibelen?

Internett, lesing, literacy, web, web 2.0 , , ,

Er du no heilt sikker på at du ikkje kan lese?

November 18th, 2008

Det er mykje om testing av leseferdigheiter i mediene for tida, og vi har dei seinare åra brydd oss svært mykje om dei dårlege plasseringane norsk skule får internasjonalt, til dømes gjennom PISA-testane. Testing av leseferdigheitene har i det heile ein svær plass i eit tekstsamfunn som vårt, av forståelege årsaker: Lesetestar gjev oss informasjon som blir brukt i politiske strategiar på eit overnasjonalt nivå, dei dannar utgangspunktet for tiltak på nasjonalt nivå, vi lagar testar som er meint å kunne seie noe om stoda på lokalt nivå, og skulen brukar lesetestar for å kunne måle lesekunna til ein elev på individnivå.

Kan hende like vesentleg er ein lesetest eitt eller anna institusjonelt og opinionsdannande uttrykk for kva det vil seie å lese, kva lesing er og bør vere. Spør du eit menneske om han eller ho er eit lesande menneske, vil svaret vedkommande gjev mest sannsynleg vere forma av kva vedkomande har opplevd gjennom mange år i eit system som held oppe lesing som noe bestemt, noe du gjer på ein bestemt måte og gjerne til bestemte tider med bestemte artefaktar, og som kan testast og evaluerast — fangast inn — på bestemte måtar. Ofte er dette knytt til artefakten, det fysiske mediet, bok slik vi kjenner boka i akademia både som fagbok og skjønnlitterær bok. Blant folk, ikkje nødvendigvis medvite men som følgje av opplæringa vi som samfunn har gjeve gjennom absolutt alle relevante kanalar, er det å vere eit lesande menneske dermed i særleg grad knytt til boka.

Parallelt med dette må ein kunne seie at tekstomgrepet har vakse seg ut over dei tydingane det gjerne har hatt for oss filologar med didaktiske siktemål, der ein no erkjenner at verda blir både formidla og oppfatta gjennom tekst i utvida forstand (kodar, bilete, lydar), og at ein altså via tekst lærer å kjenne både seg sjølv og alt rundt oss. Dette fokuset på tekst og måling av lesekunnskapar handlar altså ikkje berre til dømes om morsmålsfaglege problemstillingar, men om sjølve føresetnadene for å kunne delta i samfunnet på ein god måte i alle samanhengar: Lesing er ein av dei første og viktigaste nøklane du treng for å kome inn i samfunnet vårt, og denne erkjenninga sprenger tradisjonelle faggrenser: Å lese handlar i dette perspektivet om demokrati og deltaking, om å kunne utvikle deg sjølv om dine mulegheiter, om å kunne rekne, flørte, skrive overlappsrapportar på jobb og lappar til 8-åringen på kjøleskåpet, osb.

I dette perspektivet seier det seg sjølv at det er svært viktig at det vi måler i lesetestane er faktiske lesekunnskapar. Viss ikkje vil vi leggje feil strategiar, og potensielt bruke mykje ressursar på noe som ikkje gjev uttelling. Viss eitt av måla med leseopplæringa til dømes er nasjonaløkonomisk, altså eit ledd i å utdanne kreative og skapande menneske som i løpet av livet sitt kan yte til sitt eige og fellesskapets beste, må vi vere visse på at vi veit nok om det vi held på med til at vi med tryggheit peikar i dei rette retningane. Likeeins viss eitt anna mål er på individnivå: Skal leseopplæringa gje ein person tryggleik og setje han eller ho i stand til å delta i samfunnet og medbestemme over sitt eige liv, då må vi vite at det synet vi har på tekst og koss vi fører eit menneske inn i eit tekstsamfunn er heilt rett. Eller: Vi må vite at vi fører han eller ho inn i det/dei rette tekstsamfunnet/a. Eller ein gong til: Vi må vere samde om kva omgrepet tekstsamfunn rommar.

Over til sjølve lesetestane. Eg yter dei nok ingen rettferdigheit når eg grupperer dei alle under eitt, og eg begår jamvel kan hende grove feil slik, men her er nokre prinsippielle ting som kan seiast uansett. Eg trur for det første at desse lesetestane, som eg var inne på i andre avsnitt over, er eitt av instrumenta som formidlar ut til verda kva lesing faktisk er. Slik sett er lesetesten eit teikn, ei ytring: Lesing er lik det vi her måler. Vidare trur eg at mykje og mange lèt seg fange av dette, meir eller mindre utan vidare. Det vil altså seie at ein stoppar resonnementet kring lesing og samfunnsnytte med desse refleksjonane kring lesing, og jobbar seg utover frå dette utgangspunktet. 

Dette trur eg er ei av årsakene til at vår eigen kunnskapsminister, Solhjell, kan uttalle følgjande, i eit sitat frå Dagsavisen der han snakkar om ITUs nylaga test av IKT-kompetanse:

Jeg har ambisjoner om å innføre nasjonale prøver, men det er mer komplisert å lage en prøve som faktisk fanger opp elevens reelle ferdigheter i IKT, enn for eksempel en prøve i lesing. Den må holde høy kvalitet.

No speler det etter mitt skjønn ei underordna rolle om Solhjell faktisk har sagt dette akkurat slik, det viktigaste her er at eg trur dette er eit syn på lesing som mange har, og som eg har antyda over: Lesing er eit relativt enkelt og uproblematisk område som ein lett kan teste, gjerne knytt til det (kognitivt orienterte) paradigmet i leseforskinga som handlar om avkoding av ordbilete. Det er jo berre å få folk til å sitje i ro og lese ein tekst, og så forstår dei teksten eller ikkje? Og har Solhjell faktisk sagt det slik, noe eg fryktar, er det heile litt verre enn eg hadde trudd.

Kva kan då vere feil med eit slikt syn på lesing? Eg kan byrje med å anta at vi alle vil vere samde i dei heilt overordna måla for leseopplæring i samfunnet vårt — altså som nemnt over eitt eller anna i retning av at ein gjennom lesing opnar for deltaking i samfunnet og personleg utvikling, tilgang til verda rundt deg som er knytt til forståing av tekst, teikn, kodar. Dette må tyde at lesekompetansen vi treng strekk seg langt ut over den du treng for å navigere i tekstkorpusen i eit hefte eller ei bok: Du treng å forstå kodane, normene, hensiktane og verdiane som leisagar den bestemte (gjerne verbale) teksten i den bestemte situasjonen, og du treng i tillegg å kjenne til mulegheitene og begrensingane i mediet som målber bodskapen du skal forstå. Alt dette (og meir til) avgjer forståinga di og mulegheitene til å handle vidare, til å delta i samfunnet rundt deg.

Å setje opp rare skiljer, som Solhjell gjer i utsegna over, mellom “reelle ferdigheiter i IKT” og “lesing,” er derfor symptomatisk på eit akk så vanleg, men innsnevra syn på kva lesing er. Det er slike syn på lesing som fører til at 16 år gamle Ronny, som ikkje utstår romanar men speler nettspel, diskuterer cheats på norske og amerikanske nettsider og mekking på diverse diskusjonsforum på (normalisert) bokmål og dialekt alt ettersom, ikkje ser på seg sjølv som lesar, medan Lise, som les Julia og romantiske bøker vil påstå at ho elsker å lese. Skulen har fortalt dei det, og skulesystemets evalueringsmetodar har ropt det etter dei sidan dei var 6. Det er også i dette komplekset vi finn (det moralske) legitimeringsgrunnlaget for at mora til den 12-13-årige Kvitt eller dobbelt-deltakaren i Narnia-serien kan slå armen rundt sonen sin og uttale stolt at han Even, han kan forsvinne i 6 timar ein dag, og då finn vi han på rommet med nasa i ei Narnia-bok. Byt ut “Narnia-bok” med “WoW” og du har PP-tenesta på telefonen dagen etter. 

Det er vidare i dette leseparadigmet forlaga kan få lov til å drive rein og uforfalska marknadsføring i skulen inn mot eit segment som andre stader i samfunnet har lovpålagt vern mot reklame, ungane altså, gjennom føretak som Leselystaksjonen, ei rein bestillingsbrosjyre frå dei tradisjonelle forlaga, med Norli i spissen. (Sjå diskusjonen på Eiriks blogg om dette.) Bøker har altså fleire moralske plussverdiar heftande ved seg, ser det ut til, medan skjermen har tilsvarande minusverdiar. Dette kan underbyggjast på fleire måtar, mellom anna ved å sitere frå brosjyra til leselystaksjonen Gi rom for lesing (03-07), der digitale tekstar blir skildra som tekstar som er “berekna på rask gjennomlesing”, som er “utan kvalitetssikring,” og som ein nyttar til å “søkje etter bøker på biblioteket,” der ein altså finn kjeldene til eigentleg, rett og sann lesing. 

Den rette og sanne lesinga i denne verda kan vidare problematiserast i eit kjønssperspektiv. I førre veke sto to stolte kvinnelege lærarar på ein av skulane i distriktet fram i Stavanger Aftenblad som vinnarane av dei nasjonale leseprøvane, med klassen sin på landstoppen. Nokre dagar seinare, i laurdagens Aftenposten, kom det fram at klassar med mannlege lærarar gjer det signifikant dårlegare i desse testane enn klassar med kvinnelege lærarar. No er tolkinga av desse faktorane overlatt Senter for økonomisk forskning i Trondheim (SØF), men ein kan likevel spørje seg om dette ikkje er ein del av det same biletet vi ser i resten av skulen, der skulens norsktekstar ofte er jentetekstar. Eg ville i alle høve følgt denne linja eit stykke på veg — leitar du (som SØF antydar i Aftenposten) etter årsakene med utgangspunkt i ein hypotese som seier at mannen er eit karrieredyr som er uinteressert i skuleting, har du i det same andedraget godkjent skulen som ein jenteskule. 

Du har altså ikkje lesing her og bruk av IKT der, begge delar inngår i fleire små og store felt av ulike semiotiske kodar, praksisar, tradisjonar og materielle medium, i ulike situasjonar i kvardagen — ulike diskursar. Og til det overordna målet for lesekunne: Kan hende den oppskatta akademiske (lesetest-) diskursen, den som inneheld alle dei teksttypane, artefaktane og situasjonane vi dusjar ungane med når dei skal testast og evaluerast, ikkje ein gong er ein av dei viktigaste tekstdiskursane for folk flest? Kva om vi lærer dei strategiar for tekstmeistring dei ikkje har bruk for, og som beint fram kan skade dei for resten av livet? Kva om vi skremmer dei frå å oppdage klassikarane som 25-åringar samstundes som at vi innprentar i dei at dei ikkje kan føre ein logisk tanke fram til ein konklusjon på Den Rette Måten? Og kva med lesestrategiane og teksttypane som har oppstått i digitale medium sidan ultimo 2000, som ikkje kan tenkjast på papir, og som har ført til ein enorm tekstproduksjon blant skuleelevar og studentar langt under radaren til skular og akademia, av di vi ikkje har omgrep for å handsame dei ulike aspekta ved slike tekstpraksisar?

Skal testinga ha ein verdi, må langt fleire dimensjonar i det å bruke tekst testast, og dersom det skal kunne gjennomførast, ser eg ikkje anna enn at ein må redefinere og tenkje på nytt heile feltet. Viss ikkje, må ein endre både namn og status på dei noverande lesetestane, og justere effektane og strategiane i kjølvatnet av testane deretter. Å tru at ein måler lesekunne slik ein har halde på til no, derimot, er det einaste eg er nokså sikker på ikkje gjev oss svara på kva lesing er og koss vi bør føre ungar inn i ulike tekstverder.

Dette er ikkje ei problematisering som har oppstått i og med digitale medium, men dagens digitale lese- og skriverom gjer i alle høve problemstillinga hylande openberr.

lesing, literacy , ,