Archive

Posts Tagged ‘web 2.0’

Webens litterære toskar: Boka som frelsar

March 14th, 2009

Ei typisk fagbok på skrivebordet mitt. Morgonbladet markerer webens 20-årsjubileum ved å late ei rekkje intellektuelle uttale seg om kva weben har å seie. Eg er svært glad for at så mange akademikarar meiner nettet fører til dumskap og ukonsentrasjon, slik at eg slepp å forhalde meg til desse forenklingane, anna enn indirekte. (Jon lèt til å tenkje noe i den same retninga.)

Igjen ser vi at myta om at overgangen til nye medium (i Platons tid var det den munnlege dialogen som blei truga av skriftspråket) fører til gløymsle, forenklingar og dumskap blir gjenteke. I botnen ligg gjerne førestellinga om bestemte lesemåtar knytt til bestemte teknologiar, som til dømes boka, som alltid blir dregen fram som eit medium for fordjuping og sann erkjenning. Kan hende ikkje så rart i ein kultur som framleis har ein skrift- og bokbasert religion lenka til foten.

Denne oppattakinga av ei forståing eller verkelegheitsoppfatting irriterer meg grenselaust, og er det noe i mitt liv som fører til fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen, så er det nettopp desse endelause utspela om fragmentasjon, dårleg konsentrasjon og konstante avbrot i kvardagen som følgje av Internett. Elise Seip Tønnessen ved UiA hevdar til dømes i bekymring over at færre les bøker, at “i bøker blir ting satt i sammenheng, på nettet kreves det i større grad at du gjør det selv.” Dette illustrerer eitt av dei store feilgrepa i denne diskusjonen: Ein føregjev heilt bestemte lesemåtar både av bøker og av nettsider. Nærare bestemt utleier ein bestemte lesemønster ut av ei oppfatting av koss mediet er strukturert og meint lest: At ei bok inneheld to stive permar på kvar si side av ei framstilling inndelt i suksessive kapittel, tyder etter denne logikken at boka faktisk blir lesen slik.

Eg kan ikkje anna enn å kome med postulat sjølv. Eg les svært mange bøker, hovudsakleg fagbøker, og sjølve leseprosessen min, nettopp når eg er på jakt etter samanhengar og store linjer, er svært langt unna strukturen boka legg opp til. Eg er notorisk utru mot denne strukturen, faktisk, og heldigvis, for eg er av den bestemte oppfattinga av at sanninga, dei store linjene og samanhengane ikkje berre finst i den eine boka. Derfor er mi boklege jakt på sanning og fordjuping vel så hypertekstuell, avbroten og fragmentarisk som nettlesinga, og leseromma mine inneheld bøker med strekar, piler, skrift og gule lappar i, med tilvisingar til notat, andre bøker, nettsider og levande folk som sit på kunnskapar eg treng.

For min del oppstår erkjenningane, dei store linjene og samanhengane i meg sjølv som resultat av mine motiv, mine føresetnader og “encyclopedi” av tidlegare lesne tekstar, mi førforståing og dei kulturelle rammene som omgjev meg. Meininga, slik ein får inntrykk av dei som trur på bokas lineære strukturs fortreffelegheit, blir aldri overført frå bok til sinn. Dette er ei nokså basal kulturteoretisk erkjenning som lèt til å vere gløymt i denne samansausinga av mediets struktur og kunnskapsprosessane som pregar diskusjonane eg har vist til over.

Dette gjeld sjølvsagt òg lesing i andre medium – at det er i møte med ein lesar meininga oppstår kan ein neppe påstå berre å vere begrensa til papirmediet. At ein har eit større kjeldetilfang på nettet (noe som òg er ei sanning med store modifikasjonar) kan umogleg, dersom påstanden stemmer, vere negativt? Eg tiltrur både meg sjølv og andre å greie å samle trådane i motivert og retta lesing på nettet. Og når lesinga er mindre retta mot bestemte mål, synest eg det er heilt greitt at vi alle vaser rundt frå Facebook til Twitter til mailprogrammet til ein halvlesen artikkel og tilbake til Facebook igjen, utan å bli stempla som litterært imbesill.

Eg mistenkjer, som eg ofte gjer når folk uttalar seg om boklesing, at det er ein idealisert lesing av ein i vår kultur opphøga sjanger som ligg til grunn når ein uttalar seg om lesinga, nemleg romanen. Romanlesinga er vel gjerne den type lesing som ligg nærast ein lineær lesemåte, trufast mot intensjonane til forfattaren (for øvrig ein annan idealisert og opphøgd skikkelse i denne kulturen).

Det blir sagt at vår trang til å hive på oss tursko og trakke rundt på allslags stiar om søndagane eigentleg er ein protestantisk arv, ei omsett utgåve av det å pine den syndige kroppen sin for i det heile å kunne kjenne seg fortent til noe, og for å kunne frelse sjela. Ein katolikk vil gjerne klø seg i hovudet og spørje seg kvifor vi ikkje heller tar bilen ein tur. Er opphøginga av boka eit liknande fenomen i ein kultur som er forma rundt ein skrift- eller bokbasert religion, der boka strengt tatt handlar om Bibelen?

Internett, lesing, literacy, web, web 2.0 , , ,

Dei hemmelege skuletekstane og NDLA

December 10th, 2008

I kveld går turen til Oslo, der vi skal ha eit par dagar med NDLA-arbeid på dagtid (og der eg skal prøve å bruke ettermiddag og kveld på strukturert artikkelskriving. Yeah, right). Nytt batteri i den etterkvart tilårskomne Mac Book-en og mobilt breidband frå Telenor skal borge for tett kontakt med The Matrix når eg måtte ønskje.

Ein del av arbeidet for tida vil handle om det som før blei kalla “lag 2″ i NDLA, men som no blir kalla delingsarenaen, av strategiske og pedagogiske årsaker. Delingsarenaen blir testimplementert i månadane som kjem, før tanken er å lansere det som ein del av NDLA. For dei uinnvigde: Lag 1 i NDLA er det som du finn og vil finne her, altså redaksjonelt utarbeidd/godkjend lærestoff presentert i eit nokså tradisjonelt lærebokformat. Det vil seie: Informasjonselementa (bileta, tekstane, oppgåvene, filmane, etc.) er lagra/organiserte slik at det er relativt enkelt å lage fleire vegar inn i stoffet. Det er til dømes interessant å kunne søke på alle oppgåvene som er laga på taksonominivå X, som handlar om emne Y og som er berekna på gruppearbeid over ei veke på det aktuelle klassetrinnet. Dette er det reint teknisk lagt opp til. Dette gjeld altså “lag 1,” det nokså tradisjonelt orienterte lærestoffet.

Rosina i NDLA-pølsa (ein metafor eg ser det er vanskeleg å få noe godt ut av) er etter mitt skjønn delingsarenaen. Her er det meininga å skape rom for å jobbe med ulike typar tekst, informasjon, tilnærmingar og metodar på nett, og hale det som skjer i klasserom og på arbeidsrom ut i den verkelege verda fylt av ekte folk. Elevane i skulen er i ferd med å danne og utdanne seg sjølv i dei teknologiane for lesing og skriving som no siv inn og overtar mange av rollene eldre tekstteknologiar har hatt, medan skulen så langt har halde på den hemmelege tekstkulturen sin: Ingen skal sjå teksten anna enn ein lærar, absolutt ingen skal bruke han vidare, og det meste du gjer skal du gjere i full einsemd. Stikk motsett av koss vi jobbar med tekst og informasjon i den verkelege verda, med andre ord. Ein viktig del av denne hemmelege kulturen er sjølvsagt behovet for kontroll, i eit regime der alle elevar i utganspunktet er truande til å bryte denne kontrakten av einsemd gjennom juks, altså det som for resten av levetida deira blir kalla samarbeid og kjeldebruk.

Delingsarenaen er då meint som eit forsøk på å opne opp skuletekstane mot resten av verda, eller å kople desse storleikane. Elevane har med desse digitale tekstteknologiane ikkje berre kraftige reiskaper til å tolke og sortere verda for seg sjølv som ein del av sin eigen tanketeknologi, men dei har fått høve til å bringe sine eigne tankar ut, mulegheiter til å skape og påverke — både ei innoverretting og ei utoverretting i tankeverksemda si ved hjelp av desse literacy-teknologiane. Dersom målet med skrive- og leseopplæring, eller danning i det heile, er å ruste elevane til å bli kritiske og deltakande menneske som kan nytte kunnskapane sine til å gjere verda betre, kan ein etter mitt skjønn ikkje late vere å utnytte akkurat dette potensialet (for det er trass alt berre eit potensiale) i digital teknologi. Ein kan heller ikkje late danninga i desse skriveromma vere opp til elevane sjølv, som tekstkulturar som heile tida befinn seg under skulens radar. Vi treng både skriverom og språk for å snakke om dette, men har eigentleg i skulen ingen av delane.

Her er sjølvsagt fullt av skjær i sjøen. Er det i det heile muleg å tenkje seg at fenomen som har vokse fram som sjølvmotiverte aktivitetar (tagging, folksonomi (til dømes rating av artiklar), deling) kan takast inn i skulen, eller blir det berre nok eit forsøk på å skulifisere ein kultur som høyrer til andre stader? Kor interessant er det eigentleg å blogge når det er norskleksa til neste veke? I tillegg er jussen i det å leggje ut elevarbeid ei utfordring. Alle er i delingsarenaen knytt opp mot sin eigen identitet, og ingen kan vere anonyme. Elevane er verna av personopplysingslova, og mykje av det vi ser av sjølvmotvert skriving på nett inneheld så myke sensitiv informasjon at det blir vanskeleg å leggje dette ut som skulearbeid, ope og ikkje-anonymt. Ei anna utfordring er å formidle desse ideane til dei som skal bruke dette i skulen. Dette kan vere svært vanskeleg, når ein her opererer med ulike kunnskapsideal og når språket og termane mellom dei ulike tradisjonane er inkommensurable. Det liknar mykje på førestellinga om ulike paradigme, dette.

Eg trur uansett ikkje på å prøve å lage Facebook for skulen, men å vere heilt tydeleg og klår på at dette er skule. Likevel trur eg at det går an å vere like tydeleg på å formidle at skulen er ein del av verda utanfor klasserommet, og at utdanning ikkje er fråkobla verda. Å samarbeide på tvers av studieprogram og fylkesgrenser om ein fagleg wiki vil såleis (som eitt av fleire døme) kunne vere ein aktivitet som reelt har ein funksjon for elevane, både som prosess og produkt, og som ikkje er adskilt frå idear, metodar og teknologiar utanfor skulen, men ein del av ein heilskap. Ein vil sjølvsagt aldri kunne skape den same entusiasmen rundt tekstane på denne arenaen som eleven har rundt sin eigen blogg eller i dei situasjonane dei chattar med vener på ettermiddagen, men det er heller ikkje naudsynt, viss ein greier å skape meiningsfylte arbeidssituasjonar og synleg- og levandegjere dei overordna måla ved det å gå på skule i det heile. Og å ta høgde for vandalisme og andre slagsider av det å kaste seg ut på nettet på denne måten er ein del av heile dette digitale danningsbiletet — kvifor ikkje lære å forhalde seg til ulike nivå av dette i skulen?

Eg er usikker på om ein delingsarena som dette vil kunne bidra til dette, men eg er i alle høve sikker på at dei hemmelege tekstane og haldningane til elevar som suspekte personar ein har behov for å sperre inne og kontrollere ikkje er vegen å gå.

literacy, ndla, norskfaget, skule , , , , ,